Elisabet Fidjestøl
Elisabet Odrun Fidjestøl (25. oktober 1922–28. november 2013) var ein norsk arkitekt og politikar. Ho vert også omtala som Elisabet(h) Breen Fidjestøl. Det har samanheng med at ho i 1948 vart gift med Olav Andreas Findreng Breen (d. 1949) og i 1963 med Sigurd Fidjestøl.[1]
Elisabet Fidjestøl | |||
Fødd | Elisabet Odrun Øydvin 25. oktober 1922 Horten kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. november 2013 (91 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, arkitekt | ||
Alle verv |
Arkitektvirke
endreFidjestøl (då: Øydvin) gjekk ut frå arkitektlinja på Noregs tekniske høgskole i 1947. Ho vart tilsett ved distriktsarkitektkontoret i Kirkenes i 1948 og var frå 1953 tilsett hos arkitekt Ole Bjønnes i Tønsberg, for seinare å etablere eigen arkitektpraksis. Over fleire tiår teikna ho eit drygt dusin kyrkjer, for det meste på Austlandet, som stort sett kan reknast som arbeidskyrkjer. Innanfor denne sjangeren blir ho berre overgått av Harald Hille når det gjeld produktivitet.[2] Av anna virke på arkitekturområdet kan ein nemna ei rekkje utvidingar og restaureringar av kyrkjer.
Politikarvirke
endreI tillegg til arkitektvirket var Fidjestøl aktiv i politikken, der ho representerte Kristeleg Folkeparti. Ho sat i bystyret i Tønsberg i tre periodar frå 1955.[3] Ho møtte som vararepresentant på Stortinget i periodane 1969–1973 og 1973–1977 og var fylkesvaraordførar i Vestfold i 1975–1983.[4] I tillegg hadde ho ei rekkje andre tillitsverv.[5]
Utvalde verk
endre- Vesterøy kyrkje, Sandefjord (1967; eg. kun 1. byggetrinn)[6]
- Solvang kyrkje, Tønsberg (1. byggetrinn 1969, 2. byggetrinn 1988)
- Sentrumskirken, Horten (1972)
- Straumen kapell, Sørreisa (1973)
- Nanset kyrkje, Larvik (1974)
- Restaurering av Torød kyrkje, Nøtterøy (1975)
- Birom på kvar side av tårnet i Leveld kyrkje, Ål (1976)[7]
- Teie kyrkje, Nøtterøy (1977)
- Strindheim kyrkje, Trondheim (1979)
- Søndre Skøyen kapell, Oslo (1980)
- Mjøndalen kyrkje, Nedre Eiker (1983)
- Ullerål kyrkje, Hønefoss (1. byggetrinn, 1984)
- Fjell kyrkje, Drammen (1984)
- Skrim sportskapell, Kongsberg (1985)
- Vats fjellkyrkje, Ål (1990)
- Fogn kyrkje, Finnøy (1991)
Galleri
endre-
Sentrumskyrkja i HortenFoto: Jan-Tore Egge
-
Nanset kyrkjeFoto: Mahlum
-
Strindheim kyrkjeFoto: Cato Edvardsen
-
Søndre Skøyen kapellFoto: Vidar Iversen
-
Ullerål kyrkjeFoto: Trond Strandsberg
-
Vats fjellkyrkjeFoto: Jan-Tore Egge
Kjelder
endre- ↑ «Studenene fra 1941», s. 146.
- ↑ Kunsthistorie.com om norske kirkearkitekter.
- ↑ Nekrolog i Jarlsbergs Blad, 7. desember 2013, s. 17. Samme nekrolog er publisert i Tønsberg Blad og Sandefjords Blad.
- ↑ Vestfold kristelig folkeparti 50 år 1946–1996, særlig s. 9–11, 15 og 19.
- ↑ Forvaltningsdatabasen.
- ↑ Paal Even Nygaard: «Feirer 50 år i uferdighet», i Sandefjords Blad, 2. juni 2017.
- ↑ «Norges kirker»
- Denne artikkelen bygger på «Elisabet Fidjestøl» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2023.
Litteratur
endre- Tryggve Juul Møller, red. (1966). Studentene fra 1941. Bokkomiteen for studentene fra 1941. s. 146.
- Laila Riksåsen Dahl: «Elisabet Breen Fidjestøl til minne», i Tønsberg Blad, 11. desember 2013, s. 10.
Bakgrunnsstoff
endre