Elva Lena i Russland

(Omdirigert frå Elva Lena)

Lena (russisk Ле́на) i Sibir i Russland er den tiande lengste elva i verda med ei lengd på 4472 km og har det niande største nedslagsfeltet med 2 500 000 km².

Lena
elv
Lena i Sakha
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 490 000 km²
Lengd 4 472 km
Middelvassføring 17 000 /s
Kjelde Bajkalfjella
 - høgd 1 640 moh.
Munning Laptevhavet
Kart
Elva Lena i Russland
53°56′08″N 108°05′31″E / 53.935555555556°N 108.09194444444°E / 53.935555555556; 108.09194444444
Nedslagsfeltet til Lena
Nedslagsfeltet til Lena
Nedslagsfeltet til Lena
Wikimedia Commons: Lena River

Ho spring ut frå ei høgd på 1640 meter over havet i Bajkalfjella sør for Det sentralsibirske platået, og berre 7 km vest for Bajkalsjøen. Lena renn nordaustover og mottar elvane Kirenga og Vitim.

Frå Jakutsk renn ho ut på låglandet og mottar Oljokma og renn så nordover til ho mottar Aldan frå høgre. Verkhojanskfjella tvingar ho nordvestover og etter å ha motteke den største sideelva frå venstre, Viljuj, renn ho nordover til Laptevhavet, eit havområde i Nordishavet. Lena munnar ut sørvest for Nysibirøyane i eit delta som dekkjer 30 000 km²,[1] og vert kryssa av mange store greiner. Den viktigaste av desse greinene er Bykov, som ligg lengst aust.

Elva har ei total lengd på 4472 km og nedslagsfeltet hennar er berekna til 2 490 000 km². Det vert vaska gull i sanden i elvane Vitim og Oljokma, og ein har funne støyttenner etter mammutar i deltaet.

Historie endre

Dei fleste forskarar meiner at namnet på Lena kjem frå det opphavlege evenkarnamnet Elyu-Ene, som tyder «den store elva».

Baron Eduard Von Toll, i lag med Aleksander von Bunge, utførte ein ekspedisjon til Lenadeltaet og Nysibirøyane på vegne av Det russiske keisarlege vitskapsakademiet i 1885. Våren 1886 utforska dei Nysibirøyane og elva Jana og sideelvane hennar. I løpet av eitt år dekte ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp elvar, samstundes som dei gjorde geodesiske målingar på vegen.

Ein meiner at Vladimir Iljitsj Uljanov skal ha teke aliaset sitt, «Lenin», frå elva Lena.

Lenadeltaet endre

 
Lenadeltaet av Landsat 2000 i falske fargar

Mot slutten av Lena er det eit stort delta som strekkjer seg 100 km ut i Laptevhavet og er om lag 400 km breitt. Deltaet er frosen tundra om lag sju månader av året, men i mai vert regionen omforma til eit frodig våtmarksområde resten av månadane. Delar av området er verna som Lenadeltaet villmarksreservat.

Lenadeltaet deler seg inn i mange flate øyar. Dei viktigaste av desse er (frå vest til aust) Tsjytsjas Aryta, Petrusjka, Sagastyr, Samakh Ary Dijete, Turkan Belkejdere, Sasyllakh Ary, Kolkhoztakh Belkejdere, Grigorij Dijeljakh Belkeje (Grigorihøyane), Nerpa Uolun Aryta, Misja Belkejdere, Atakhtaj Belkedere, Arangastakh, Urdiuk Pastakh Belkej, Agys Past Aryta, Dallalakh, Otto Ary, Ullakhan Ary og Orto Ues Aryta.

Turukannakh-Kumaga er ei lang og smal øy like vest for Lenadeltaet.

Ein av øyane i Lenadeltaet er Ostrov Amerika-Kuba-Aryta eller Ostrov Kuba-Aryta, og vart kalla opp etter øya Cuba under sovjettida. Ho ligg langs nordkysten av deltaet.[2]

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elva Lena i Russland