Elvesongar

art av sporvefuglar
Elvesongar
Elvesongar Foto: F. C. Robiller/naturlichter.de
Elvesongar
Foto: F. C. Robiller/naturlichter.de
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av elvesongar
Utbreiinga av elvesongar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Locustellidae
Slekt: Locustella
Art: Elvesongar L. fluviatilis
Vitskapleg namn
Locustella fluviatilis

Elvesongar (Locustella fluviatilis) er ein songar i sumpsongarfamilien som hekkar i Eurasia. Han er ein sterk trekkfugl og overvintrar i eit avgrensa område i sørlege Afrika. Elvesongar er berre ein sjeldan og tilfeldig gjest i Noreg.

Skildring endre

Dette er ein songar som synest stor og mørk, ca 14,4 til 16 centimeter i kroppslengd med olivenbrungrå overside gradvis lysare mot undersida. Strupen og brystet har svake, mørke striper, undersida av halen har meir tydelegare grove, lyse tverrstriper. Augebrynstripa er utydeleg. Kjønna er like og ungfuglar krevjande å skilje frå vaksne. Elvesongarar skjuler seg oftast i tett vegetasjon og er vanskelege å observere, men songen vekker merksemd, han er skildra som eit kraftig symaskinaktig læte, på kort avstand med metallisk overtone.[1]

Hekkeområdet er Sentral-Europa, Aust-Europa, og vestlege Asia. I Europa frå sentrale Tyskland og austover inkludert vestlege Russland. Nordgrensa i Sør-Sverige og Sør-Finland, sørgrensa er Alpane, nordkysten av Svartehavet og Kaspihavet, litt inn i nordvestre Kasakhstan. I Russland forbi Uralfjella omtrent til elva Irtysj. Vinterkvarteret dekker heile Zimbabwe og litt inn i alle tilgrensande land og inkluderer søraustlegaste Namibia. Hekking skjer i habitat med tett og låg vegetasjon, gjerne fuktig område som myrar eller ved elvebreidder.[2]

Mellom 1968 og juni 2018 var det over 250 registreringar av elvesongarar på vitjing i Noreg. Akershus fylke har eit dominerande tal av desse observasjonane, deretter Hedmark og Østfold fylke, elles er det fåtalige observasjonar over heile landet nord til Nordland.[3] Hekking i Noreg er ikkje kjent.[1]

Elvesongarar rører seg nede i vegetasjonen og tar føda frå bakken eller låge plantar. Føda er hovudsakleg insekt, men dei kan òg inkludere små tusenbein og blautdyr.[2]

Populasjonen er estimert til mellom 5 og 14 millionar individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 Pearson, D. (2018) Eurasian river warbler (Locustella fluviatilis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. juni 2018
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 13. juni 2017. 
  4. BirdLife International (2018) Species factsheet: Locustella fluviatilis Arkivert 2015-05-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. juni 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elvesongar