Fenylketonuri (også kalla Føllings sjukdom, men best kjend under den engelske avkortinga av phenylketonuria, PKU) er ein human genetisk defekt som førekjem hjå om lag 1 av 15 000 nyfødde. Men førekomsten varierer svært i ulike populasjonar, frå 1 av 4 500 nyfødde i Irland, til mindre enn 1 av 100 000 i Finland.

Fenylketonuri

Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD010661

Historikk endre

Fenylketonuri vart oppdaga av den norske lækjaren Ivar Asbjørn Følling i 1934, då han la merke til at hyperfenylalaninemi (HPA) (auka innhald av fenylalanin i blodet) kunne ha samanheng med mental retardasjon. I Noreg er denne tilstanden kjent som Føllings sjukdom, oppkalla etter han som oppdaga den. Følling var ein av dei første lækjarane som nytta detaljerte kjemiske analysar i studiet av tilstanden. Dei noggranne analysane hans av urinen til to mentalt tilbakeståande søsken, fekk han til å be fleire lækjarar nær Oslo om å undersøkja urinen til andre tilbakeståande pasientar. Dette førte til oppdaginga av det same stoffet han sjølv hadde funne hjå åtte pasientar. Stoffet som var oppdaga, måtte analyserast på ein mykje meir basal og primitiv måte enn ved dei kjemiske analysane som er tilgjengelege i dag. Ut frå undersøkingane sine kom han fram til at reaksjonane førte til danning av benzaldehyd og benzosyre. Han konkluderte ut frå dette at stoffet måtte innehalda ein benzenring. Vidare undersøkingar viste at smeltepunktet for dette stoffet var det same som for fenylpyruvat, og dette tyda på at det var dette stoffet urinen inneheldt. Den metodiske og systematiske granskinga til Følling inspirerte mange til å gjera liknande undersøkingar av andre tilstandar.

Genetikk og biokjemi endre

Fenylketonuri er vanlegvis valda av eit defekt genkromosom 12 til enzymet fenylalanin hydroxylase (PAH). Arvegangen er autosomal resessiv. Ei sjeldnare form av tilstanden viser seg når PAH er normal, medan kofaktoren tetrahydrobiopterin (BH4) ikkje vert danna av pasienten.

PAH omdannar normalt aminosyra fenylalanin til tyrosin. Om enzymet manglar eller er defekt, finn ikkje denne reaksjonen stad, og nivået av fenylalanin i kroppen vert langt høgare enn normalt, og nivået av tyrosin unormalt lågt. Overskot av fenylalanin i blodet skadar utviklinga av hjernen hjå born og fører til mental retardasjon. Hjernen veks sakte, vert liten (microcephalia) og intelligensnivået vil sjeldan tilsvara ein IQ over 60. Lågt innhald av tyrosin medfører minska produksjon av pigmentet melanin, så born med denne tilstanden er gjerne ljoshåra og blåøygde (eller dei har ljosare hår og augo enn andre familiemedlemer). Den auka mengda fenylalanin vert istaden omdanna til fenylketonar som vert utskilde i urinen - herfrå kjem namnet på tilstanden. Sveitten og urinen til eit påverka barn har ein stikkande lukt på grunn av desse ketonane.

Diagnose endre

Tilstanden kan påvisast nokre få dagar etter fødselen ved ein blodprøve. Screening av fenylketonuri vert gjort som rutine i dei fleste industrialiserte landa, vanlegvis saman med screening av thyreoideafunksjonen og andre arvelege metabolske tilstandar.

Somme stader gjer ein prøven opp att etter to veker, men der er ingen haldepunkt for at eit barn som er undersøkt like etter fødselen med normalt resultat treng ein ny prøve.

Behandling endre

Dersom tilstanden vert påvist tidsnok, kan eit påverka barn veksa opp med normal utvikling av hjernen. Det trengst eit kosthald som innehelt særs lite fenylalanin. Dette medfører strenge restriksjonar eller eliminasjon av matvarer som er proteinrike, t.d. kjøt, nøtter, ost og andre mjølkeprodukt. Ein må også unngå næringsmiddel som inneheld mykje stivelse, så som poteter, brød, pasta og mais. Desse pasientane må få næringstilskot for å gje dei protein og andre naudsynte næringsmiddel som kan mangla i eit elles proteinfritt kosthald.

Til pasientar med ein defekt produksjon av BH4 består behandlinga i å supplera med denne kofaktoren.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fenylketonuri