Demografien til London

(Omdirigert frå Fleirkulturelle London)
Londonarar av ulike opphav samla under karnevalet i Notting Hill. Frå ein lyktestolpe heng eit banner der det står «We are Londoners».

Demografien til London er prega av at byen er ein av dei mest multikulturelle byane i den industrialiserte verda, med meir enn 300 morsmål og meir enn 50 etniske grupper med meir enn 10 000 personar. Mange av gruppene har samla seg i visse bydelar der dei set preg på bybildet med klesdrakt, butikkar, restaurantar, skilt og plakatar.

Fødeland Folketal
Storbritannia Storbritannia 5 230 155
India India 172 162
Irland Irland 157 285
Bangladesh Bangladesh 84 565
Jamaica Jamaica 80 319
Nigeria 68 907
Pakistan 66 658
Kenya Kenya 66 311
Sri Lanka 49 932
Ghana Ghana 46 513
Flag of Cyprus.svg Kypros 45 888
Sør-Afrika Sør-Afrika 45 506
USA USA 44 622
Australia Australia 41 488
Tyskland Tyskland 39 818
Tyrkia Tyrkia 39 128
Italia Italia 38 694
Frankrike Frankrike 38 130
Somalia 33 831
Uganda 32 082
New Zealand New Zealand 27 494

Ut ifrå tal frå Office for National Statistics inkluderte folketalet 2 288 000 menneskje fødde i utlandet i 2006, det vil seie 31 %. Dette talet hadde stige frå 1 630 000 i 1997. Tabellen til venstre viser folketalet inndelt etter fødeland, med dei landa som er hyppigast førekommande. Tabellen oppgjev berre fødeland, ikkje etnisitet eller statsborgarskap. Ein viss del av dei som er oppgitt som født utanfor Storbritannia er barn av britiske borgarar, til dømes britiske soldatar som gjorde teneste i Tyskland. På same måte omfattar talet for Storbritannia barn av utanlandske borgarar. Skottar og walisarar utgjer til saman omkring 200 000 av dei som er fødde i Storbritannia.

Gateskilt i London med latinske og kinesiske bokstavar.
Southall jernbaneskilt med latinsk skrift og gurmukhi.
Foto: Júlio Reis

I folketeljinga i 2001 blei det spurt om etnisitet:

  • 71,15 % klassifiserte seg som kvite

Denne fordelinga er basert på svar frå folket under folketeljinga, noko som opnar for uklare definisjonar, men då talet svar var svært høgt, blir det rekna at det gir eit statistisk sett rett bilde av samansetninga av folk.