Frank Bakke-Jensen

norsk politikar
(Omdirigert frå Frank Bakke Jensen)

Frank Bakke-Jensen (fødd 8. mars 1965 i Båtsfjord) er ein norsk politikar frå Høgre og forsvarsminister i regjeringa Solberg frå 20. oktober 2017.[1] Før det var han frå 20. desember 2016 EØS- og EU-minister.

Frank Bakke-Jensen

Fødd8. mars 1965 (59 år)
Båtsfjord kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
VervNorsk utanriksminister 20. oktober 2017
FøregangarIne Marie Eriksen Søreide
VervNorsk EØS- og EU-minister 20. desember 201620. oktober 2017
FøregangarElisabeth Aspaker
EtterfylgjarMarit Berger Røsland
VervStortingsrepresentant 1. oktober 2009–
VervOrdførar i Båtsfjord 24. oktober 2007–15. oktober 2009
FøregangarGeir Knutsen
EtterfylgjarGunn Marit Nilsen
Alle verv

Han var ordførar i Båtsfjord frå 2007 til han vart vald inn på Stortinget frå Finnmark fylke i 2009. Bakke-Jensen er utdanna innan skipselektronikk frå Hammerfest og Tromsø, og har bakgrunn frå skoleverket og som sjølvstendig næringsdrivande ekspeditør for Båtsfjord lufthamn.

Ordførar endre

Bakke-Jensen vart vald som ordførar i 2007, trass i at Arbeidarpartiet fekk 54,7 prosent av stemmene og ni av femten representantar i kommunestyret. Etter nominasjonsvalet hadde fleire Ap-nominerte trekt seg frå lista, og når valet var gjennomført var to av utbrytarane vald inn. Ein av utbrytarane møtte ikkje på det konstituerande møtet, men det viste seg at også det første varamedlemmet braut ut. Jensen vart dermed vald med Høgres fire, Framstegspartiets to representantar i tillegg til dei to møtande utbrytarane frå Arbeidarpartiet. Som ordførar ivra Bakke-Jensen mellom anna for at Båtsfjord skulle få eigen vidaregåande skole, drifta av kommunen sjølv.

Stortingskomitear endre

Kjelder endre

  1. Ask, Alf Ole (20. oktober 2017). «Tre bytter i Regjeringen – Ine Eriksen Søreide første kvinnelige utenriksminister». Aftenposten. Henta 20. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff endre