Fregattfuglar

fuglefamilie
(Omdirigert frå Fregattfuglfamilien)

Fregattfuglar er ein familie, Fregatidae, av tropiske pelikanfuglar. Det er klassifisert fem artar i ei slekt, Fregata. Dei vert òg kalla piratar. Venger, stjert og nebb er lange, hannane har ein raud strupesekk som dei kan blåse opp i hekketida for å trekke til seg make.

Fregattfuglar
Praktfregattfugl (hann) Fregata magnificens Foto: Clark Anderson/Aquaimages
Praktfregattfugl (hann) Fregata magnificens
Foto: Clark Anderson/Aquaimages
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Fregattfuglar Fregatidae
Flygande praktfregattfuglho.

Fregattfuglane er pelagiske. Ein del av dietten tar dei ved å stele frå andre sjøfugl, ei åtferd som har gjeve namnet til desse fuglane. Dessutan skaffar dei mat ved å snappe fugleungar av andre artar. Dei er sesongvis monogame og hekkar i koloniar. Reira er lite forseggjorte byggverk i låge tre eller på bakken. Det er eitt egg i kvart kull og lengda på perioden for omsorg av ungane er den lengste av alle fuglar.

Skildring

endre

Fregattfuglar er store slanke sjøfuglar, stort sett med svarte fjørdrakter, men dei fem artene har nokre mindre skilnader i utsjånad, og drakta varierer òg litt innanfor same arten. Hoene veg ca. 25 % meir enn hannfuglar,[1] og generelt har hofuglane kvite felt på undersida. Fregattfuglar har korte nakkar og lange, smale venger, praktfregattfuglen opp til 2,4 meter,[1] som smalnar til vengetuppen. Nebba er lange og tynne med skarp krok i enden. Halane er djupt kløfta, det er ofte berre synleg om halefjørene er slått ut. Beina og andletet er fullt fjørkledde. Føtene er korte og svake, symjehuda er redusert og ein del av kvar tå kan rørast fritt og dei kan gripe omkring tregreiner.

Hannane har raudfarga strupeposar, som dei blåser opp for å tiltrekkje partnarar i paringstida. Denne strupeposen er kanskje det mest iaugefallande trekket ved fregattfuglar.

Fregattfuglar har utilstrekkeleg feittsekretproduksjon frå gumpkjertelen til å gjere fjørene vassfråstøytande, og unngår å lande på sjøen. Fregattfuglar sym berre særs sjeldan, og med dei korte, svake beina kan dei heller ikkje gå godt.[1]

Åtferd og økologi

endre

Fregattfuglar lever på tropiske hav, og rir på termisk oppvind. Dei har ein stor veng i høve til kroppsvekta som tillèt dei å sveve langt utan vengeslag. Nett som seglarar er dei er i stand til å tilbringe natta i lufta, men dei vil òg flyge til kvileplassar på øyar.[2]

Feltobservasjonar i Mosambikksundet viste at store fregattfuglar kan halde seg i lufta i opp til 12 dagar mens dei beita.[3]

Gjennomsnittleg levetid er ukjent, men til likskap med sjøfuglar som vandrealbatrossar og stormsvaler, oppnår fregattfuglar lang levealder. I 2002 blei 35 ringmerkte fregattfuglar funne att på Tern Island, Hawaii. Av desse var ti eldre enn 37 år, og ein var minst 44 år.[4]

Føde

Fregattfuglar lever utelukkande pelagiske, og dei kan beite opp til 500 kilometer frå land. Ettersom dei ikkje landar vatnet, snappar dei byttedyra frå havoverflata ved hjelp av det lange nebbet med krok på.[5] Dei tar hovudsakleg småfisk som flygefisk som er drivne opp til overflata av predatorar som tunfisk,[2] men dei vil òg ete blekksprut.[5] Fregattfuglar vil rane fangst frå andre sjøfuglar som suler, tropikkfuglar og lirer ved hjelp av høg fart og sterk evne til manøvrering, slik at dei trakasserer offera sine til å gulpe opp mageinnhald. Jamvel om fregattfuglar er kjente for denne kleptoparasittiske beiteåtferda, er kleptoparasittisme ikkje trudd å spele ein monaleg del av kosthaldet til alle fregattfuglartane, men i staden eit supplement til mat frå eigen fangst.[6]

Forplantingsåtferd

Fregattfuglar hekkar vanlegvis i store koloniar på øyar langt til havs. Storleiken av kolonien kan bli på opptil fleire tusen par. Dei føretrekkjer å bygge reir i tre eller buskar, men om det ikkje er tilgjengelege, kan dei hekke på bakken. Kullet er på berre eit egg, rugetida er 40-55 dagar. Ungane utviklar seg sakte og treng ytterligare fôring og omsut i over mange månader, totalt opp til 18 månader, normalt mellom 9 og 11 månader. Det generelle hekkemønstret går derfor i toårs syklusar.[1]

Ei undersøking på Galapagosøyane viste at hofuglane reproduserer frå åtte-ni års alderen, hannfuglane frå dei var 10 til 11 år.[7]

Artslista

endre

Fregattfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[8] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[9]

Slekt Fregata
Vanlegvis manglar hoa dei kvite områda på undersida som andre fregattfuglhoer har.
Utbreiing: Hekkar på Boatswain Bird Island, ei lita klippeøy 270 meter utanfor austkysten av Ascension og lever i Sør-Atlanteren.
Einaste fregattfuglart der hannen har kvitt på undersida, eit kvitt parti over bakre buken.
Utbreiing: hekkar på Christmasøya, 500 km sør for Indonesia og lever i havområda rundt Indonesia, Malaysia og aust mot Filippinane.
Den største fregattfuglarten, opp til 114 cm i kroppslengd.
Vidt utbreidd i tropiske, vestre Atlanteren, frå Florida, gjennom heile Karibia og sørover langs kysten av Brasil. Òg på stillehavskysten av Amerika, frå Mexico til Ecuador, vest til Galapagosøyane. Ein liten restpopulasjon hekkar på Kapp Verde utanfor Afrika.
Stor sjøfugl, 82–105 cm i kroppslengd og opptil 230 cm i vengespenn.
Denne arten finst spreitt over alle tropiske havområde, unntatt austlege og sentrale Atlanteren. Han hekkar for det meste på øyar i Stillehavet og Indiahavet.
Den minste fregattfuglarten, vaksne kan måle så lite som 71 cm i kroppslengd.
Lever i Indiahavet og vestre Stillehavet. Ein populasjon finst ved Trindade og Martim Vaz i Sør-Atlanteren utanfor Brasil.

Kjelder

endre
  • Family Fregatidae i del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (Henta frå http://www.hbw.com/family/fregattfuglar-fregatidae den 24. januar 2015)

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 del Hoyo et al. (2015)
  2. 2,0 2,1 Weimerskirch, Henri; Chastel, Olivier; Barbraud, Christophe; Tostain, Olivier (2003). «Fregattfuglar ride high on thermals» (PDF). Nature 421 (6921): 333–334. PMID 12540890. doi:10.1038/421333a. Arkivert frå originalen (PDF) 21. september 2018. Henta 24. januar 2015. 
  3. Weimerskirch, Henri; Le Corre, Matthieu; Jaquemet, Sébastien; Potier, Michel; Marsac, Francis (2004). «Foraging strategy of a top predator in tropical waters: great frigatebirds in the Mozambique Channel» (PDF). Marine Ecology Progress Series 275: 297–308. doi:10.3354/meps275297. 
  4. Juola, Frans A; Haussmann, Mark F; Dearborn, Donald C; Vleck, Carol M (2006). «Telomere shortening in a long-lived marine bird: cross-sectional analysis and test of an aging tool». Auk 123 (3): 775–783. doi:10.1642/0004-8038(2006)123[775:TSIALM]2.0.CO;2. 
  5. 5,0 5,1 O'Brien, RM (1990). «Family Fregatidae frigatebirds» (PDF). I Marchant, S; Higgins, PG. Handbook of Australian, New Zealand & Antarctic Birds. Volume 1: Ratites to ducks; Part B, Australian pelican to ducks. Melbourne: Oxford University Press. s. 912. ISBN 978-019553068-1. 
  6. Schreiber, Elizabeth A; Burger, Joanne (2001). Biology of Marine Birds. Boca Raton, Florida: CRC Press. ISBN 0-8493-9882-7. 
  7. Valle, Arlos A; de Vries, Tjitte; Hernández, Cecilia (2006). «Plumage and sexual maturation in the Great frigatebird Fregata minor in the Galapagos Islands» (PDF). Marine Ornithology 34: 51–59. 
  8. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.9 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. januar 2015 
  9. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  10. BirdLife International (2014) Species factsheet: Fregata aquila Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. januar 2015
  11. BirdLife International (2014) Species factsheet: Fregata andrewsi Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. januar 2015
  12. BirdLife International (2014) Species factsheet: Fregata magnificens Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. januar 2015
  13. BirdLife International (2014) Species factsheet: Fregata minor Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. januar 2015
  14. BirdLife International (2014) Species factsheet: Fregata ariel Arkivert 2016-08-12 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. januar 2015

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fregattfuglar