In the Ghetto
Singel av Elvis Presley
frå albumet From Elvis in Memphis
B-side

«Any Day Now» (Burt Bacharach, Bob Hilliard)

Språk engelsk
Utgjeve April 1969
Innspelt Januar 1969, American Studios, Memphis i Tennessee
Sjanger Country, pop, soul
Lengd 2:57
Selskap RCA Victor
Tekstforfattar Mac Davis
Låtskrivar(ar) Mac Davis
Produsent Chips Moman
Elvis Presley-kronologi 
«His Hand in Mine»
(1969)
In the Ghetto «Clean Up Your Own Backyard»
(1969)


«In the Ghetto» (opphavleg kalla «The Vicious Circle») er ein song skriven av Mac Davis og gjort kjend av Elvis Presley, som fekk ein stor hit med songen i 1969. Songen kom ut i 1969 som singel med «Any Day Now» som B-side.

Songinformasjon endre

Songen handlar om fattigdom: ein gut vert fødd av ei mor som alt har meir born enn ho kan fø i ghettoen i Chicago. Guten veks opp svolten, stel og slost, kjøper eit skytevåpen og stel ein bil, prøver å rømme, men vert skoten og drepen samstundes som hans eigen son vert fødd. Songen impliserer at den nyfødde vil få same lagnad som faren, og halde fram ein fattigdomssyklus med vald. Kjensla av ein sirkel ein ikkje kjem seg ut av vert forsterka av strukturen i songen, med den enkle, nakne setninga «in the ghetto» som avsluttar kvar fjerde linje, og til slutt med repetisjonen av linja frå det første verset «and his mama cries» like før byrjinga av det siste verset.

«In the Ghetto» vart spelt inn i American Sound Studio i Memphis i Tennessee. Det var den første kreative innspelinga til Presley etter '68 Comeback. Andre hittar som vart spelt inn samstundes var «Suspicious Minds», «Kentucky Rain» og «Don't Cry Daddy».

Songen vart den første til Presley som nådd Topp 10 i USA på fire år, og nådde ein tredjeplass. Songen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og gjekk til topps på den amerikanske Cashbox-lista. Han gjekk òg til topps på listene i Vest-Tyskland, Noreg, Irland, Australia og New Zealand.

Som ein stor internasjonal hit, tok Presley med songen på setlista då han byrja å halde konsertar att på International Hotel i Las Vegas i 1969. Songen vart fast på setlista dei første to åra, men det tredje året vart songen berre spelt to gonger, mellom anna for konserten som vart filma av MGM og hamna på Elvis: That's the Way It Is (1970). Denne versjonen glei rett over i «Don't Cry Daddy».

Lisa Marie Presley-versjonen endre

Songen vart spelt inn i 2007 av Lisa Marie Presley som ein duett med faren for å få inn pengar til Presley Foundation. Songen vart gjeven ut på iTunes.

Nick Cave and the Bad Seeds-versjonen endre

In the Ghetto
Singel av Nick Cave and the Bad Seeds
frå albumet From Her to Eternity
Språk engelsk
Utgjeve 18. juni 1984
Innspelt Mars 1984
Sjanger country
Selskap Mute Records
Tekstforfattar Mac Davis
Produsent Flood
Nick Cave and the Bad Seeds-kronologi 
In the Ghetto «Tupelo»
(1985)


«In the Ghetto» vart spelt inn av Nick Cave and the Bad Seeds og gjeven ut som debutsingelen deira. Han vart spelt inn i Trident Studios i London og gjeven ut den 18. juni 1984 med B-sida «The Moon is in the Gutter».[1] Singelen nådde 84. plassen på UK Singles Chart.[2] Songen var ikkje opphavleg med på noko album, men vart seinare gjeven ut på CD-utgåva av debutalbumet, From Her to Eternity.

Lister endre

Chart (1984) Plassering
UK Indie Chart[3] 1

Andre versjonar endre

Ein versjon med tekst av Fred Jay German vart kalla «In Chicago» og gjeven ut av Ricky Shayne i 1969. Denne vart òg framført av Howard Carpendale, i Christian Anders i 1973 og C.I.A. i 1998.

Ein italiensk versjon av Sergio Bardotti, kalla «Negro» vart framført av Michele i oktober 1969. Denne vart òg spelt som «Era negro» av Bobby Solo i mai 1970.

To tsjekkiske versjonar av songen finst òg. Denne eine, kalla «Za psí branou» vart skriven av Zdeněk Rytíř og framført av Helena Vondráčková i 1970. Den andre heitte «Černošský ghetto» og vart skriven av František Novotný, framført av Spirituál kvintet i 1971.

Ein dansk versjon kalla «I en baggård» vart skriven av Keld Heick og framført av Grethe Ingmann i 1978. Ein annan dansk versjon kalla, «I en storby» vart skriven av Kurt Thyboe og framført av Peter Belli i 1981.

Ein svensk versjon av songen kalla «I en storstad» av Monica Forsberg, vart framført av Stefan Rüden i 1979.

Nederlandske versjonar av songen er skriven av Nelly Byl, framført av Will Tura i 1984, og Paul de Leeuw, framført av Bob de Rooy i 1992.

Ein fransk versjon av songen, kalla «Ghettos», av Boris Bergman, vart framført av Lio i 1996. Dancehall singer Sister Nancy used some of the song's lyrics in the song «Coward of the Country», which appeared on her 1982 album One, Two.

Kjelder endre

  1. «Nick Cave Diskografi on «From The Archives»». From The Archives. Henta 9. juni 2008. 
  2. «Everyhit.com». everyhit.com. Henta 10. juni 2008. 
  3. Lazell, Barry (1997). Indie Hits 1980-1989. Cherry Red Books. Arkivert frå originalen 5. juni 2011. Henta 5. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre


Føregangar
«The Ballad of John and Yoko»
The Beatles
Toppen av VG-lista
Elvis Presley

7 veker, veke 29–veke 35, 1969
Etterfylgjar
«In the Year 2525»
Zager & Evans