Fulufjellet nasjonalpark

nasjonalpark i Innlandet fylke, Noreg

Fulufjellet nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit lågfjellsområde i Trysil kommune i Hedmark, på austsida av Ljøraelva mot grensa til Sverige. Parken vart oppretta i 2012 for å «bevare et stort naturområde som inneholder særegne, representative økosystem som er uten tyngre naturinngrep, herunder artsfattig fjellvegetasjon og artsrik barskog.»[1][2] Han dekker eit område på 83 km².[3]

Fulufjellet nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Hedmark
Kommune Trysil
Del av Dei skandinaviske fjella
Høgaste punkt Slottsfjellet
 - høgd 1 047 moh.
Areal 83 km²
Geologi sandstein
Planter tyrihjelm, turt, skogstorkenebb, huldreblom, mogop
Oppretta 27. april 2012
Tilknytte
verneområde
Fulufjällets nasjonalpark
Kart
Fulufjellet nasjonalpark
61°24′00″N 12°47′00″E / 61.4°N 12.78333333°E / 61.4; 12.78333333
Wikimedia Commons: Fulufjellet nasjonalpark
Kartet viser den norske Fulufjellet nasjonalpark og den svenske Fulufjällets nasjonalpark på kvar si side av riksgrensa.

Nasjonalparken grensar opp mot den langt større Fulufjällets nasjonalpark i Sverige, som vart skipa i 2002, og til Fregn naturreservat som vart oppretta samtidig med den norske nasjonalparken.[4][5]

Geografi endre

Den svenske og den norske nasjonalparken består av eit samla fjellplatå med omliggjande daler og sider. På norsk side er platået delt i tre delar av dei to elvene Bergåa og Gira som skjer seg inn i platået.

Området omfattar særprega kvartærgeologiske førekomstar og høgareliggande urskogprega barskog med eit stort naturmangfald.

Langs fjellsidene og på høgder og toppar finst det både gran- og furuskog, bekkekløfter og rasmarker med høge naturverdiar. Vegetasjonen i snaufjellet er lite variert og området representerer, både nasjonalt og internasjonalt, ein ekstremt artsfattig fjellvegetasjon. Området Storgnollen-Steinknøsen-Furuknøsen har landskapsmessige og kvartærgeologiske verdiar.[6] Kombinasjonene av variert topografi med store høgdeforskjellar, blokkmark og gjel/nedskjeringar gjer området Storgnollen–Steinknøsen–Furuknøsen særskild interessant.[7]

Plante- og dyreliv endre

Fjella er stort sett dekka av heivegetasjon dominert av dvergbuskar, gras, starr og siv. Det meste av skog i området er gran og furu. Delar av skogen har urskogpreg med rikt artsmangfald. Det er funne mange sjeldne lav- og soppartar i nasjonalparken.[8]

Bjørn er ein karakterart i området, men det finst også ulv, jerv og gaupe her. Fuglelivet er prega av tiur, orrfugl, jerpe og rype.

Forvalting og bruk av området endre

Området vert mykje brukt til jakt, fiske og friluftsliv, og det er opning for dette i vernevedtaka. Forvaltinga av parken er lagt til eit lokalt nasjonalparkstyre.

Galleri endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.