Regionreforma i Noreg

Regionreforma i Noreg er ei reform av fylkesstrukturen i Noreg, der ein skal erstatta 19 fylke med 11 større regionar. Reforma er eit av dei politiske prosjekta til Regjeringa Solberg, og pågår parallelt med kommunereforma i Noreg.

Fylka Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland skal gjerast om til regionar frå 1. januar 2020. Det nye fylket Trøndelag (tidlegare Sør- og Nord-Trøndelag) blei oppretta 1. januar 2018, og blir ein region frå 1. januar 2020.

Dei andre seks regionane skal opprettast med verknad frå 1. januar 2020:[1]

Stortingsvedtak endre

Ei stortingsmelding som definerte talet på regionar og spesifiserte rolla, strukturen og oppgåvene deira blei lagt fram 5. april 2016.[2] Ei tilhøyrande innstilling blei lagt fram 2. juni 2016,[3] og blei vedteken av Stortinget den 8. juni 2016 med 89 mot 9 stemmer.[4] Ein stortingsproposisjon blei deretter lagt fram 5. april 2017,[5] med ei medfølgjande innstilling den 1. juni 2017. Regionreforma blei endeleg vedteken av Stortinget den 8. juni 2017.

I mai 2018 gjennomførte Finnmark ei folkeavstemming]] om samanslåing med Troms fylke, der eit fleirtal på 87 % av dei som røysta stemte mot samanslåing (valdeltakinga var på 58 %).[6]

24. september blei Kristeleg Folkeparti og Regjeringa Solberg einige om ein 50-punktsavtale for overføring av oppgåver frå stateg til regionsnivå, og forutsette at fylka om nødvendig, skulle slåast saman med tvang.[7]

Prosessar endre

  • Det nye Trøndelag fylke blei oppretta gjennom ei sammenslåing av Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Den 27. april 2016 møtte dei to fylkestinga opp på Stiklestad. Der vedtok Sør-Trøndelag fylkesting samanslåing av dei to fylka med 41 mot 2 stemmer; Nord-Trøndelag fylkesting gjorde det same med 21 mot 14 stemmer. Samanslåinga av fylka blei einstemmig vedteken av Stortinget den 8. juni 2016,[8] og det nye fylket oppstod 1. januar 2018.
  • Fylkestingene i Vest-Agder og Aust-Agder vedtok våren 2016 at dei ville innleia forhandlingar om ei samanslåing.[9] Aust-Agder fylkesting vedtok samanslåinga den 13. desember 2016 med 19 mot 16 stemmer.[10] Fylkestinget i Vest-Agder vedtok samanslåinga den 14. desember 2016 med 17 mot 3 stemmer.[11]
  • Den 15. september 2016 gjorde Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane ein intensjonsavtale om samanslåing til ein ny Vestlandsregion.[12] Sogn og Fjordane fylkesting vedtok samanslåing den 7. desember med 19 mot 11 stemmer.[13] Rogaland fylkesting stemte einstemmig nei til samanslåing den 13. desember 2016.[14] Hordaland fylkesting vedtok samanslåing med 41 mot 4 stemmer den 14. desember; fylkestinget vedtok også å starte vidare forhandlinger om samanslåing med Sogn og Fjordane og utbrytarkommunar i Rogaland.[15] Desse kommunsne var Haugesund, Vindafjord, Karmøy, Tysvær og Bokn.
  • Den 3. november 2016 gjorde dei tre fylka Buskerud, Akershus og Østfold ein intensjonsavtale om samanslåing av dei tre fylka til det nye Viken fylke.[16] Østfold fylkesting behandla saka 7. desember.
  • Stortinget behandla Regionreformen 8. juni 2017 og vedtok følgjande samanslåingar av fylkeskommunar frå 1. januar 2020:[17]
    • Vest-Agder fylkeskommune og Aust-Agder fylkeskommune. (166 mot 2 stemmer)
    • Buskerud fylkeskommune, Akershus fylkeskommune og Østfold fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Telemark fylkeskommune og Vestfold fylkeskommune. (95 mot 73 stemmer)
    • Oppland fylkeskommune og Hedmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)
    • Troms fylkeskommune og Finnmark fylkeskommune. (96 mot 73 stemmer)

Kjelder endre

  1. Regjeringen vil ha om lag 10 regioner, Stortinget, pressemelding, 5. april 2016
  2. Meld. St. 22 (2015–2016) Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2016
  3. Innst. 377 S (2015–2016) Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2. juni 2016
  4. Stortinget - Møte onsdag den 8. juni 2016 kl. 10 Sak nr. 8 {14:26:10} Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Nye folkevalgte regioner – rolle, struktur og oppgaver. Meld. St. 22 (2015–2016); Innst. 377 S (2015–2016)
  5. Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 5. april 2017
  6. NRK. «Folkeavstemningen i Finnmark: 87 prosent stemte nei». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. september 2018. 
  7. Befring, Åse Marit. «Enighet om oppgavefordeling mellom KrF og regjeringspartiene i regionreformen». NRK (på norsk bokmål). Henta 24. september 2018. 
  8. «Nå er det vedtatt. Trøndelag er samlet.». Adresseavisen. 8. juni 2016. Henta 9. juni 2016. 
  9. Saksfremlegget som startet hele prosessen Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine., regionagder.no
  10. Aust-Agder fylkesting: Flertall for et samlet Agder Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine., 13. desember 2016, Aust-Agder fylkeskommune
  11. Sier klart ja til ett Agder, NRK Sørlandet, 14. desember 2015
  12. Intensjonsplan for ny Vestlandsregion klar Arkivert 2016-11-05 ved Wayback Machine., Rogaland fylkeskommune, 15. september 2016
  13. Sigrid Skjerdal: Her seier fylkespolitikarane ja til Vestlandsregionen, NRK Sogn og Fjordane, 7. desember 2016
  14. Rogaland kan revne etter nei til storregion, NRK Rogaland, 13. desember 2016
  15. Plan B for Vestlandsregionen: Hordaland inviterer delar av Rogaland, NRK Hordaland, 14. desember 2016
  16. Drøyt tre år igjen til Viken erstatter Akershus, Buskerud og Østfold, NRK, 3. november 2016
  17. Stortinget: Ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå - Voteringsoversikt 8. juni 2017 sak nr. 2

Bakgrunnsstoff endre