Gävlebukken

(Omdirigert frå Gävlebocken)

Gävlebukken (svensk Gävlebocken) er ein ca. 13 meter høg halmbukk som blir bygd kvart år på Slottstorget i den svenske byen Gävle før fyrste sundag i advent. Tradisjonen byrja i 1966 etter ein idé av reklamemannen Stig Gavlén. Hovudkonstruksjonen er av tre, og bukken er dekt av halm, slik at han liknar dei tradisjonelle, langt mindre, halmbukkane som blir brukte som julepynt innandørs og på juletre. Opphavleg var oppsettinga av den store bukken tenkt som ei eingongshending, men på grunn av den store populariteten han raskt fekk i byen, blei han bygd opp også året etter og blei etterkvart ein tradisjon.[1]

Gävlebukken i 2009
Foto: Seppo Laine

Bukken skulle opphavleg vera reklame for «Köpmannaföreningen Söders köpmän». Tidlegare år hadde dei bygd opp forstørra versjonar av eit par ski og ein pinnestol, men frå 1966 er det halmbukken til Gavlén som har vore førjulstradisjonen. Bukken har horn i ein stor boge frå hovudet, ein liten hale og raude band rundt mage, bein, hovud og hale.[2]

Første desember 1966 blei den første Gävlebukken sett opp. Nyttårsaftan blei han fullstendig øydelagd av brann. Dette var den første av svært mange ulovlege øydeleggingar bukken er blitt utsett for gjennom åra. Mellom 1966 og 2019 har han brunne minst 29 gonger, i tillegg til at han er blitt øydelagd på anna vis fleire gonger.[3] Han er til dømes blitt påkøyrd med bil og har fått beina øydelagde.[4]

Gävlebukken framstilt med røyk i Miniature Kingdom i Kungsör. Til venstre for bukken er Sjömanskyrkan i Gävle framstilt.

Etterkvart er det fleire gävlebuar som meiner at den brennande, eller brunne, bukken er ein like viktig tradisjon og symbol for Gävle som sjølve bukken.[5] Til og med medlemmar i kommitéen som står for bukkeoppsettingar meiner at bukken må brenna no og då for å halda på interessa.[6] I 1997 blei det utført ei offisiell brenning av bukken, der Stig Gavlén sjølv tok del.[2] Gavlén har likevel vore mest kritisk til brenning av bukken, og uttalte i 2014 at kommunen burde stoppa oppsettinga om dei ikkje kunne få bukt med nedbrenninga.[7]

Alle avgjerder som gjeld Gävlebukken blir gjort av Gävle City og Gävle kommune, som utgjer «Bockkommittén». «Gävlebocken» er eit registrert varemerke og kan ikkje brukast utan løyve frå Bockkommitén.[8][9]

Historie endre

Tradisjonen tek til endre

Tradisjonen med Gävlebukken byrja i 1966. Det var reklamemannen Stig Gavlén (1927-2018)[10] som kom på ideen om å setja opp ein gigantisk variant av ein tradisjonell julebukk på Slottsfjellet i Gävle.[2] Konstruksjonen og utsjånaden blei overlatne til sjefen for brannvesenet i Gävle, Jörgen Gavlén, som var bror av Stig Gavlén.[2] Bukken blei bygd av brannfolka i byen, og dei heldt fram med dette til 1970 og seinare òg i perioden 1986–2002.[2] Den første bukken var 10 meter høg og 3 tonn tung, og blei sett opp på torget den 1. desember 1966.[2] Bukken hadde kosta 10 000 kr å produsera, og var finansiert av Harry Ström.[2] Då klokka slo tolv på nyttårsaftan blei bukken sett i brann.[9] Gjerningsmannen blei funnen og sikta for grovt skadeverk.[9]

Bukkane i 1967 og 1968 blei ikkje brunne ned, og var bygde på same skjelett. Desse bukkane var 12 meter høge og 6,5 meter lange, med 3 meter høge bein.[2] Bukken frå 1969 var den første som blei sponsa av styresmaktene i Gävle. Denne brann i løpet av nyttårsnatta, og gjerningsmannen blei aldri funnen.[2] Bukken frå 1970 brann allereie natta etter at han var innvigd.[2] To menn i 20-åra som hadde tent på blei gripne og sikta for mordbrann.[2] Dette året blei bukken gjenoppbygd i siv.[2] Etter dette året gjekk Söders Köpmän lei av prosjektet, og la det ned.[2]

Vasaskolans Naturvetenskapliga förening tar over endre

 
Gävlebukkane i 2019. Sidan 1986 har ein bygd to bukkar. Den mindre bukken til Vasaskolans er i forgrunnen.

I staden tok Vasaskolans Naturvetenskapliga förening over, og bygde i 1971 ein 1,5 meter høg bukk som blei sett på same stad som den gamle bukken.[2] Denne mindre bukken blei også utsett for sabotasje, men ikkje for brand. Bukken frå 1971 blei slått sund, den frå 1973 blei stolen og den frå 1976 år meidd ned av raggarbilar.[2] I 1985 bygde Vasaskolan, med finansieringshjelp frå Söders Köpmän, den høgaste bukken til då. Denne hadde ei høgd på 12,5 meter, og kom inn i Guinness Rekordbok.[2] Bukken fekk noko annleis proporsjonar enn før, med ekstra lang hals. I slutten av januar blei han brunnen ned.[2] Året etter tok Söders Köpmän opp bukkebygginga igjen. Det førte til protestar frå Vasaskolan, som også bygde ein bukk.[2] Sidan har det derfor blitt laga to bukkar, ein stor og ein litt mindre.[2]

Bukken blir rikskjend endre

Kring midten av 1980-talet byrja også omgrepet Gävlebocken å dukka opp i svenske riksmedia.[11] Bukken frå 1987 sette ein ny Guinness-rekord med ei høgd på 12,93 meter. Dette er blitt verande den største bukken til no.[2] Han brann veka før jul, sjølv om han var innsett med vatn og impregnert.[2] I 1988 kunne ein for første gong vedda ved engelske veddemålsselskap om bukken kom til å brenna og kva tid.[2] Dette året brann han likevel ikkje. I 1989 brann han derimot før han var bygd ferdig, men bukken blei gjenreist og stod fram til januar 1990, då han blei brunnen.[2] I 1991 blei det spent ein slede til bukken som var full av pakkar med reklame for ulike butikkar og varer. Dette skapte debatt, og sleden blei teken bort.[2]

«Hälsingebocken» endre

Bukkebrennaren i 1992 blei dømd for tre brannar: Av den store bukken 5. og 10. desember og av den mindre bukken.[2] Den store bukken blei bygd opp ein tredje gong, og blei under namnet «Hälsingebocken» symbol for den såkalla Gävleborgskampanjen. Hälsinge-regimentet skulle leggjast ned, samtidig som arbeidsløysa i lenet var stor. For å skapa merksemd blei bukken frakta til Stockholm og sett på ein flåte i Stockholms ström som til slutt blei forankra midt framfor Lejonbacken og Kungliga Slottet.[2] I 1993 blei det sett opp ein skigard rundt bukken. I blei det 1994 i tillegg til halmbukken bygd ein bukk i tre som blei send til VM i ishockey i Italia. Seinare blei han plassert utanfor inngangen til Furuviksparken og deretter ved Gävle Bro.[2] Bukken frå 1995 kosta 150 000 kr å produsera, og blei påkosta av Söders köpmän, Gävle kommun og Arbetarbladet.[2] I 1996 blei bukken filma med eit webkamera så ein kunne følgja med på kva som skjedde med han via Internett.[2] I 1997 bestemde Bockkommittén at bukken skulle brennast opp som eit stunt, og fekk mellom anna Stig Gavlén med på brenninga.[2]

Spectacle for a Millennium endre

 
Gävlebukken i rekordåret 2019, då bukken hadde klart seg i meir enn to år på rad. Bukken var snudd 180 grader, noko som gjorde det lettare å ta selfiar med han.

Til markeringa av tusenårsskiftet skipa Gävle konstcentrum hausten 1999 til utstillinga Spectacle for a Millennium med kunstnaren Carina Gunnars, som krinsa kring bygginga og brenninga av bukken.[2] I 2001 blei bukken brunnen av den 50-årige amerikanaren Lawrence Jones som var på vitjing i Sverige. Han blei arrestert og seinare dømd til fengsel i ein månad og til å betala 100 000 kroner i erstatning til Föreningen Söders Köpmän. Fengslingstida blei utlikna mot fengselsdommen, og Jones forlet landet utan å betala erstatninga.[2]

Sjølv om den store halmbukken har klart seg nokre år, har det tidvis gått dårlegare for den mindre. I 2014 fekk han berre stå ei veke før frambeina hans blei slått sund. Den store bukken blei verande uskadd.[12]

I 2019 var bukken snudd 180 gradar, så det skulle vera enklare å ta selfiar med han som bakgrunn. Førestillinga i samband med innviinga av Gävlebukken i 2019 blei strøymd over Internett.[13] I 2020 blei det på grunn av koronaviruspandemien stelt til ei digital livesending av eit timeslangt show.[14]

Julebukkar andre stader endre

Julebukktradisjonen i Gävle har inspirert til halmbukkar andre stader. Også nokre av desse er blitt råka av brann.[15]

Sidan midten av 1990-talet har det vore ein julebukk i Örebro.[16] Han er ikkje kledd med halm, men med granris. Tidlegar har Örebro hatt ein halmbukk tidigare. KFUM sin julebukk frå 1950 var plassert på Storgatan 23 og forbipasserande var nøydde til å gå under han.[17] I Huskvarna og Jönköping stiller ein ut store kornband før jul.[18] Sidan 2012 har IKEA i Garðabær utanfor ReykjavikIsland sett opp ein halmbukk etter inspirasjon frå Gävlebukken.[19] Denne har brunne fleire gonger.[20]

I 2014 blei det send materiale til å byggja ein bukk i Zhuhai i Kina, i samband med at Gävle og Zhuhai feira femårsjubileum som venskapsbyar.

Tidsline endre

Informasjonen i lista nedanfor er henta frå nettstaden Gävlebockens historia[4] der ikkje anna er nemnt.

1960-åra endre

  • 1966 – Den første bukken var rundt 13 meter høg, sju meter lang og vog tre tonn. Natt til 1. januar 1967 blei han ulovleg brunnen. Gjerningsmannen blei tiltalt for grovt hærverk.
  • 1967 – Bukken fekk stå urørt og blei demontert på nyåret
  • 1968 – Bukken fekk stå urørt og blei demontert på nyåret
  • 1969 – Brunnen nyttårssafta

1970-åra endre

  • 1970 – Bukken blei brunnen ned seks timar etter at han var sett opp. Ved hjelp av ulike bidragsytarar blei det reist ein ny bukk, denne gongen dekt av takrøyr, ein grasart som ikkje brenn så lett som halm.
  • 1971 – Kjøpmennene var lei av at bukken stadig blei brunnen, og ville ikkje reisa nokon bukk dette året. Naturvetenskapliga föreningen ved Vasaskolan tok over. Dei reiste ein langt mindre bukk. Denne blei òg øydelagd. Han blei ikkje brunnen, men slått sund.
  • 1972 – Bukken sokk saman på grunn av sabotasje
  • 1973 – Ingen informasjon om kva som skjedde med bukken i tilgjengelege kjelder
  • 1974 – Brunnen
  • 1975 – Ingen informasjon
  • 1976 – Ein bilførar køyrde bukken sund med vilje
  • 1977 – Ingen informasjon
  • 1978 – Bukken blei slegen sund.
  • 1979 – Bukken blei brend ned før han var ferdig sett opp. Det blei bygt ein ny som blei impregnert. Denne blei øydelagd, ikkje brunnen.

1980-åra endre

  • 1980 – Brunnen julaftan
  • 1981 – Bukken fekk stå urørt og blei demontert på nyåret
  • 1982 – Brunnen 13. desember
  • 1983 – Beina blei slegne sund
  • 1984 – Brunnen natt til 13. desember
  • 1985 – Den 12,5 meter høge bukken blei teken inn i Guinness rekordbok. Mykje av høgda blei oppnådd med ein svært stor boge på horna. Brunnen i januar.
  • 1986 – Kjøpmennene overtok «bukkebygginga» igjen. Frå og med dette året har det alltid vore to bukkar: Den til kjøpmennene, og den mindre bukken som Vasaskolen set opp. Den store bukken blei tend på og brann ned natt til julaftan.
  • 1987 – Bukken blei grundig impregnert, men brann likevel ned veka før jul.
  • 1988 – Bukken fekk stå i fred. Dette året kunne ein spela på engelske pengespel-lister om han kom til å bli ståande eller brennast.
  • 1989 – Bukken blei brend ned før han var ferdig oppsett. Det blei samla inn pengar til ein ny bukk. Denne brann i januar 1990. I mars 1990 blei det bygd endå ein bukk, denne gongen til innspeling av filmen Black Jack.

1990-åra endre

 
Julebukken etter brannen i desember 1998.
  • 1990 – Bukken fekk stå urørt. Mange stod frivillig vakt for å berga han.
  • 1991 – Bukken fekk ein slede full av store pakkar med reklame på. Sleden blei ikkje sett opp av den «offisielle bukkekomiteen». Bukken med sleda brann julaftan. Bukken blei bygd opp igjen, utan slede, for å sendast til Stockholm som ledd i ein protestkampanje mot nedlegging av regiment I 14.
  • 1992 – Bukken brann etter åtte dagar. Vasaskolens bukk brann òg same natt.
  • 1993 – Bukken fekk stå urørt. Vasaskolens bukk kom med i Guinness rekordbok. Han målte totalt 16 meter.
  • 1994 – Bukken fekk stå urørt.
  • 1995 – Brunnen første juledag. Han blei bygd opp igjen for å stå ved byrjinga av 550-årsjubileet til byen i 1996.
  • 1996 – Bukken fekk stå urørt. Han var for første gong overvaka av nettkamera.
  • 1997 – Bukken fekk stå, med avgrensa brannskadar.
  • 1998 – Brunnen 11. desember. Ein ny bukk blei bygd opp.
  • 1999 – Brunnen berre timar etter at han var bygd opp. Ein ny bukk blei sett opp til luciadagen 13. desember.

2000-åra endre

 
Bukken frå 2003 sett frå Södra Strandgatan, to dagar før han brann ned.
  • 2000 – Brann ned eit par dagar før nyttår
  • 2001 – Tend på av ein amerikansk turist dagen før julaftan. Han trudde det var ein tradisjon.
  • 2002 – Bukken fekk stå i fred
  • 2003 – Brunnen 11. desember. Ein ny bukk blei sett opp etter ei vekes tid. Denne fekk stå urørt.
  • 2004 – Brunnen 21. desember. Ingen ny bukk blei sett opp.
  • 2005 – Brunnen 3. desember. Ein ny bukk var på plass 8. desember. Denne fekk stå urørt.
  • 2006 – Bukken blei freista tend på natt til 15. desember. Han fekk brannskadar på det eine beinet. Deretter fekk han stå urørt.
  • 2007 – Bukken var impregnert og blei ikkje utsett for brannforsøk.
  • 2008 – Bukken var ikkje impregnert. Han blei brunnen 27. desember.
  • 2009 – Brunnen natta til 23. desember. Nettkameraa blei utsette for hackeråtak slik at dei som tende på kunne halda på utan å filmast.

2010-åra endre

  • 2010 – Bukken fekk stå i fred, men eit komplott kom for lyset. Det skal ha vore planar om å «kidnappa» Gävlebukken og flytta han til Stockholm ved hjelp av helikopter.
  • 2011 – Brunnen 2. desember
  • 2012 – Brunnen natt til 13. desember
  • 2013 – Brunnen 21. desember
  • 2014 – Bukken fekk stå i fred. Det stod i avisene at han deretter blei send til byen Zhuhai i Kina, i samband med at Gävle og Zhuhai feira femårsjubileum som venskapsbyar. Dette viste seg å ikkje vera heilt rett. Gävlebukken stod igjen i Gävle. Berre byggemateriale var sende til Kina, så kinesarane sjølv skulle byggja opp ein «gävlebukk».
  • 2015 – Brunnen 27. desember
  • 2016 – Brunnen berre timar etter 50-årsjubileet sitt 27. november. Den mindre bukken, sett opp av Naturvetenskapliga föreningen, stod deretter åleine på Slottstorget, før han blei ramma av ein bil 5. desember.
  • 2017 – Bukken fekk stå i fred.[21]
  • 2018 – Bukken fekk stå i fred. Demontert 2. januar 2019.
  • 2019 – Bukken fekk stå i fred. Fredag 13. desember brann ein éin meter høg halmbukk som nokon hadde teke med seg til torget.[22]

2020-åra endre

  • 2020 – Bukken fekk stå i fred.
  • 2021 – Brunnen 17. desember
  • 2022 – Bukken fekk stå i fred
  • 2023 –

Kjelder endre

  1. «Gavlén tillbaka på platsen där allt började: "Han sa bara två ord: Bocken brinner"». gd.se (på svensk). 24. november 2016. Henta 17. desember 2019. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 2,25 2,26 2,27 2,28 2,29 2,30 2,31 «Världens största halmbock - av Stig Gavlén». Gävledraget (på svensk). 12. november 2012. Henta 13. desember 2019. 
  3. Ved artikkelens opprettelse mangler tilgjengelig informasjon om årene 1974, 1975 og 1977
  4. 4,0 4,1 «Gävlebockens historia». www2.visitgavle.se (på svensk). Henta 13. desember 2019. [daud lenkje]
  5. Karnatz, Agnes (2. desember 2012). «Brinna eller stå kvar?». gd.se (på svensk). Henta 13. desember 2019. 
  6. «Bocken nedmonteras». arbetarbladet.se (på svensk). 4. januar 2011. Henta 1. desember 2019. 
  7. Christian Daun (21. desember 2014, oppdatert 22. desember 2014). «Hittade på julbocken - nu vill han stoppa den». Svenska Dagbladet. Henta 31. desember 2014. 
  8. «Om Gävlebocken | Visit Gävle». www.visitgavle.se. Henta 14. desember 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Gävlebockens historia». Gävle Turistcenter. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 7. januar 2016.  Arkivert 2016-01-19 ved Wayback Machine.
  10. Gävlebockens pappa är död
  11. Sök bland svenska dagstidningar, GÄvlebocken, Kungliga biblioteket, läst 2017-12-25
  12. «Gävlebocken fick uppleva julafton». Metro/TT. 24. desember 2014. Arkivert frå originalen 26. desember 2014. Henta 31. desember 2014. 
  13. Livesändning av Gävlebockens invigning 2019, youtube.com, 1. desember 2019 
  14. Titti Schultz (29. november 2020). «Livesändning av Gävlebockens invigning 2020». Gävle kommun. Henta 1. desember 2020. 
  15. TT (2015-12-25): "Julbock brann – men originalet kvar". sydsvenskan.se. Henta 24. oktober 2016.
  16. «Det blir ingen julbock i år». Henta 5. februar 2020. 
  17. «Julbock - en gammal symbol för julen - Örebro stadsarkiv». www.orebro.se (på svensk). Arkivert frå originalen 13. august 2019. Henta 13. august 2019. 
  18. Bunnvik, Gunilla (18. desember 2019). «Jultecken: Kärven på plats i Jönköping». SVT Nyheter (på svensk). 
  19. «Sænska jólageitin komin í Kauptúnið». www.mbl.is (på islandsk). Henta 5. januar 2020. 
  20. «Jólageitur - Málefni». www.mbl.is (på islandsk). Henta 5. januar 2020. 
  21. «Gävlebockens öde | Visit Gävle». www.visitgavle.se. Henta 13. desember 2019. 
  22. «Inofficiell bock brann i Gävle». Aftonbladet (på svensk). Henta 14. desember 2019.