G20
G20 er eit uformelt forum for drøfting av økonomiske problemstillingar. I forumet deltek leiande industrialiserte land og leiande utviklingsland.
G20 er samansett av dei 20 største økonomiane i verda. Medlemmer (2008) er dei 19 statane Argentina, Australia, Brasil, Canada, Frankrike, India, Indonesia, Italia, Japan, Kina, Mexico, Russland, Saudi-Arabia, Storbritannia, Sør-Afrika, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland og USA i tillegg til Den europeiske unionen. I tillegg deltek Det internasjonale pengefondet (IMF) og Verdsbanken.
På dei årlege G20-møta samlast finansministrane og sentralbanksjefane i medlemslanda for å diskutere dagsaktuelle politiske og økonomiske saker.
G20-landa står for 85-90 prosent av brutto nasjonalprodukt i verda og 80 prosent av utanrikshandelen. Landa har to tredeler av befolkninga i verda.
G20-medlemer: |
Historie
endreG20 overtok rolla til G33 som igjen avløyste G22. Planane om ei slik gruppe kom fram under G7-møtet i Köln i Tyskland i juni 1999, og gruppa vart formelt etablert under møtet til G7-finansministrane 26. september 1999. Det konstituerande møtet vart halde 15. desember-16. desember 1999 i Berlin.
CG20-møte
endre(Lista er ikkje komplett)
- 1999: Berlin i Tyskland
- 2000: Montreal i Canada
- 2001: Ottawa i Canada
- 2002: Delhi i India
- 2003: Morelia i Mexico
- 2004: Berlin i Tyskland
- 2005: Beijing i Kina
- 2006: Melbourne i Australia
- 2007: Cape Town i Sør-Afrika
- 2008: São Paulo i Brasil
- 2008: Washington D.C. i USA
- 2009: London i Storbritannia
- 2010: Nairobi i Kenya
- 2011: New Zealand
- 2012: Storbritannia
- 2013: St. Petersburg i Russland