George Germain

(Omdirigert frå George Germain Sackville)

George Germain, 1. markgreve av Sackville (26. januar 171626. august 1785), òg kjend som George Sackville, var ein britisk soldat og politikar som var utanriksminister i Amerika i lord North-regjeringa under den amerikanske sjølvstendekrigen. Departementet hans fekk mykje av skulda for det britiske nederlaget i krigen.

George Germain

Fødd26. januar 1716
London
Død26. august 1785 (69 år)
Statsborgar avKongeriket Storbritannia
PartiTorypartiet
Yrkemilitær, offiser, politikar
Utdanna vedTrinity College
Westminster School
MorElizabeth Colyear
FarLionel Sackville, 1st Duke of Dorset
EktefelleDiana Sambrooke
BarnCharles Sackville-Germain, 5th Duke of Dorset, Lady Elizabeth Sackville, unknown daughter Sackville, Diana Sackville, George Sackville
MedlemBritish Army
Alle verv
  • Member of Parliament in the Parliament of Ireland
  • Storbritannias koloniminister
  • President of the Board of Trade (1775–1779)
  • Member of the Privy Council of Ireland
  • medlem av Storbritannias 12. parlament
  • medlem av Storbritannias 13. parlament
  • medlem av Storbritannias 14. parlament
  • member of the 15th Parliament of Great Britain
  • member of the 11th Parliament of Great Britain
  • member of the 9th Parliament of Great Britain
  • member of the 10th Parliament of Great Britain Sjå dette på Wikidata
Lord George Germain (1780).

Militærkarriere endre

Sackville starta som kaptein og vart overført til Gloucestershire infanteriregiment som oberstløytnant. Regimentet vart sendt til Tyskland i den austerrikske arvefølgjekrigen. I 1743 vart Sackville forfremma til oberst.

I det første slaget leia han åtaket til William Augustus, hertugen av Cumberland, sitt infanteri i slaget ved Fontenoy i 1745. Han vart teken til fange, men sidan han var såra i åtaket, behandla franskmennene han og sleppte han fri. Då han kom heim igjen, vart han send til Skottland i det 20. infanteriregimentet (Lancashire Fusiliers).

Germain slutta seg igjen til hertugen av Cumberland i 1747 og 1748, og vart oberst i 7. irske kavaleri og tente i Nederland. Der var eit brot i den militære karrieren hans mellom krigane medan han tente som førstesekretær under far sin og som medlem av parlamentet i den irske folkeforsamlinga. I løpet av denne tida fekk han òg eit rykte for homoseksuell oppførsel.

Under sjuårskrigen returnerte Germain til aktiv militærteneste. Han vart forfremma til generalmajor i 1755. Han fekk kommandoen over eit fjerde regiment og slutta seg til Charles Spencer, hertugen av Marlborough, som generalløytnant. Dei slutta seg til dei allierte styrkane til Karl Wilhelm Ferdinand, hertugen av Braunschweig, i Tyskland. Då Marlborough døydde, vart Germain kommandant av dei britiske styrkane.

Slaget ved Minden endre

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Minden.

Det britiske hessiske infanteriet gjorde den 1. august 1759 eit svært dristig, men vellukka, åtak på sentrumet til den franske linja i slaget ved Minden. Åtaksformasjonen deira slo til og med tilbake det franske kavaleriåtaket ved å halde igjen til den aller siste augneblinken for så å avfyre ein massiv skotsalve då åtaket kom innanfor ti meter. Då dei franske styrkane byrja å falle tilbake til Minden, gav Ferdinand ordre om eit britisk kavaleriåtak for å fullføre sigeren, men Germain heldt igjen framrykkinga deira. Ferdinand sendte ordren sin fleire gonger, men Germain var komen bort frå John Manners, kommandanten til styrkane. Han heldt fram med å halde igjen løyve til Manners til å skaffe seg ære gjennom eit åtak, og dei allierte mista høvet til ein avgjerande siger eller omringing. For denne hendinga vart han sagt opp og send heim.

Rettssak endre

Germain nekta å akseptere ansvaret for å ha nekta å følgje ordre. Han kravde å verte stilt for retten, og han gjorde det til ei stor nok sak at han oppnådde kravet sitt i 1760. Retten fann han skuldig og gav han ei av dei merkelegaste og strengaste straffene som nokon gong er gjeven ein høgare offiser. Rettsdommen opprettheldt ikkje berre oppseiinga hans, men dømde at han var «...uskikka til å tene hans majestet i ei kvar militær teneste,» og gav så ordre at denne dommen skulle lesast og leggast inn i loggboka til alle regiment i hæren. Kongen fekk namnet hans stroke frå nedteikningane til det kongelege rådet.

Politisk karriere endre

Germain hadde vore parlamentsmedlem fleire gonger sidan 1741. Han hadde sete i periodar i både Dublin og Westminster, nokre gonger samstundes, men hadde ikkje vald side i dei politiske stridane. Då Georg III vart konge, byrja han rehabiliteringa av den politiske karrieren sin.

Det såg ikkje ut til å vere nokre negative konsekvensar frå den europeiske stillstanden i sjuårskrigen. Sigeren over franskmennene innan koloni-imperiet opna opp for at hendingane frå krigen kunne gløymast. Vanskane med å dekke gjelda etter krigføringa førte til ein periode med ustabile regjeringar og skiftande politiske alliansar. Kong Georg førte i stillheit Germain innatt i nedteikningar til det kongelege rådet.

Han vart i aukande grad tilhengjar av Frederick North, og i 1769 gjorde han alliansen formell. Same år døydde Elizabeth Germain utan naturlege arvingar og overlet sine eigedelar til han. Dette betra ikkje berre finansane hans, det gav han òg høvet til å ta namnet formelt. Etter 1770 var George Sackville kjent som lord George Germain.

Germain vart 10. november 1775 utnemnd til utanriksminister for den amerikanske avdelinga. På den tida hadde North-regjeringa tre utanriksministrar, ein for Europa, ein for Amerika og ein for resten av verda. Ved siden av internasjonale samband, hadde desse ministrane ansvaret for ein stor del av den kolonielle administrasjonen og for militære operasjonar innanfor området sitt.

Dette gjorde Germain til ministeren med hovudansvaret for å slå ned opprøret i koloniane. Han forfremma eller avsette generalar, tok seg av provisjonar og forsyningar og vart involvert i den strategiske planlegginga av krigen. Den generelle tilnærmingsmetoden hans var basert på ideen hans om at «...mobben...ikkje burde involvere seg i politikk og styresett som dei generelt ikkje forstår,» og at «...desse landsbyklovnane kan ikkje slå oss.»

Lord Germain og statsminister lord North gjorde tre gissingar om krigen dei stod ovanfor. Den eine var at amerikanske styrkar ikkje kunne stå imot åtaka til dei britiske. For det andre ville krigen likne tidlegare krigar dei hadde utkjempa med suksess i Europa. Til slutt ville sigeren deira føre til at koloniane ville verte trufaste. Alle desse gissingane viste seg å vere gale.

Han arbeidet med general Burgoyne i 1776 med å planlegge, støtte og gi ordre for Saratogafelttoget. Men det at hans ordre til William Howe ikkje var klare nok, medverka til nederlaget til felttoget. I 1781 medverka forvirringa mellom ordrane til Charles Cornwallis og Henry Clinton til nederlaget ved Yorktown.

Etter revolusjonen endre

Då lord North gjekk av i 1782, tredde Germain frå både ministerposten sin og parlamentssetet sitt. Kong Georg adla han som markgreve Sackville, men kontroversen rundt handsaminga hans krigen heldt fram. Nokre medlemmar var imot at han skulle sitte i overhuset, men den sviktande helsa hans gjorde saka irrelevant. Han trekte seg tilbake til heimen sin på landet ved Stoneland Lodge i Sussex og døydde der i 1785.

Litteratur endre

  • Valentine, Alan, Lord George Germain, 1962.

Kjelder endre