Glad All Over av Carl Perkins

«Glad All Over» er ein song frå 1957 av rock and roll- og rockabilly-artisten Carl Perkins, so han spelte inn i Sun Records.[1] Han vart gjeven ut på singel, Sun 287, den 6. januar 1958 med B-sida «Lend Me Your Comb»).[2] Songen vart skriven av Aaron Schroeder, Sid Tepper, og Roy Bennett.

Songen vart framført i filmen Jamboree i 1957, der Carl Perkins og bandet hans framfører songen i studio i ein scene liknande då Elvis Presley framførte «Jailhouse Rock» i lag med Scotty Moore og Bill Black. Bandet til Carl Perkins bestod av Carl Perkins på sologitar og vokal, Jay Perkins på rytmegitar, Clayton Perkins på kontrabass og W.S. «Fluke» Holland på trommer, som seinare vart trommis for Johnny Cash.[3]

«Glad All Over» var den siste singelen Carl Perkins gav ut på Sun Records.[4] Innspelinga vart òg gjeven ut på singel i Storbritannia med B-sida «Forever Yours» og kom ut på filmmusikkalbumet for filmen Jamboree.

The Beatles-versjonen endre

Glad All Over
Song av The Beatles
frå albumet Live at the BBC og On Air - Live at the BBC Volume 2
Utgjeve 30. november 1994 (Live at the BBC)
11. november 2013 (On Air - Live at the BBC Volume 2)
Innspelt 16. juli 1963 (Live at the BBC)
24. august 1963 (On Air - Live at the BBC Volume 2)
Lengd 1:53 (Live at the BBC)
1:52 (On Air - Live at the BBC Volume 2)
Selskap Apple
Komponist Aaron Schroeder, Sid Tepper, Roy C. Bennett
Tekstforfattar Aaron Schroeder, Sid Tepper, Roy C. Bennett
Låtskrivar(ar) Aaron Schroeder, Sid Tepper og Roy Bennett
Produsent Terry Henebery

The Beatles spelte inn «Glad All Over» ved to høve i 1963 for BBC radio, med George Harrison på solovokal. Den første av desse vart spelt inn 16. juli 1963 og kom ut i 1994 på Live at the BBC.[5]

Den 11. november 2013 kom ein annan versjon av The Beatles for BBC Saturday Club frå 30. juli 1963 ut på On Air – Live at the BBC Volume 2.[6]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

George Harrison framførte òg songen på TV-showet Blue Suede Shoes: A Rockabilly Session med Carl Perkins i 1985. The Jeff Beck Group spelte inn songen i 1972 på albumet Jeff Beck Group, produsert av Steve Cropper. Brian Setzer framførte songen på konsertar og gav han ut i 2005 på albumet Rockabilly Riot!: Volume One. 60-talsgruppa The Searchers spelte òg inn ein versjon av songen i april 1964 for albumet It's The Searchers.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre