Gott, man lobet dich in der Stille

Gott, man lobet dich in der Stille, BWV 120, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Gott, man lobet dich in der Stille
BWV 120
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1728-1729
Urframføringfør 1729
Publiseringsdato1876
Typisk lengd18:27
Satsar/akter6

Han vart komponert i Leipzig i 1728-1729 for innvinga av byrådet i Leipzig eit av desse åra. Han vart òg spelt ved hundreårsfeiringa av den augsburgske vedkjenninga, 26. juni 1730. To månader seinare vart verket framført på nytt ved det nye byrådsvalet. Seinare, i 1733, lånte Bach frå verket då han skreiv bryllaupskanataten BWV 120a Herr Gott, Beherrscher aller Dinge, som ein ikkje har heile musikke til, berre heile teksten. Stykket vart mogelegvis framført ein siste gong den 27. august 1742 i Leipzig

Teksten er henta frå Salme 65: 1 (første sats), Martin Luther (sjette sats) og ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Herr Gott, dich loben wir». Denne melodien er basert på ein tidleg kristen Te deum laudamus, som igjen kjem frå ein aftansong frå den greske kyrkja, og som igjen kjem frå ein jødisk aftansong eller frå tidleg kristen liturgi. Melodien går truleg tilbake til 100- eller 200-talet. Martin Luther skreiv om melodien til den noverande forma, og denne kom på trykk i Geistliche Lieder, som vart redigert og publisert av Joseph Klug i Wittenberg, 1529.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar d'amore, to fiolinar, bratsj, and orgel continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av seks satsar:

  1. «Gott, man lobet dich in der Stille», Arie for alt
  2. «Jauchzet, ihr erfreuten Stimmen», Koral
  3. «Auf, du geliebte Lindenstadt!», Resitativ for bass
  4. «Heil und Segen soll und mus zu aller Zeit», Arie for sopran
  5. «Nun, Herr, so weihe selbst dein Regitment», Resitativ for tenor
  6. «Nun hilf uns, Herr, den Dienern dein», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre