Gustav Barman

norsk prest og politikar

Ole Gustav Barman (7. august 185325. juli 1938) var ein norsk prest og politikar fødd i Drammen. Han representerte VenstreStortinget i tida 1914-18.

Gustav Barman
Fødd7. august 1853
Drammen
Død25. juli 1938 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, prest

Barman var son til ein prest. Han tok telegrafisteksamen i 1874 og var tilsett i telegraftenesta i tida 1875-85, sist på Sørvåg stasjon. Etter å ha teke studenteksamen i 1880, studerte han teologi og vart cand.theol. i 1887. Han var så ei kort tid sjømannsprest i Pernambuco, deretter i Quebec og så frå 1894 i London. I London fekk han ordna det slik med britiske og norsk styresmakter at norske sjømenn kunne få overført pengar til heimlandet. Barman var sokneprest i Skjervøy 1904-09, i Ålesund 1910-16 og i Skjeberg 1916-28.

Han representerte bykrinsen Ålesund og Molde på Stortinget 1916-18, men møtte allereie frå 22. april 1914 som varamann for Kristian Friis Petersen, den nyutnemnde sosialminsteren. Barman var 1914-15 medlem i Justiskomite nr 1, og 1916-18 i Kyrkjekomiteen.

KjelderEndra