Håløygætta

(Omdirigert frå Håløygeætta)

Håløygætta var ei norsk stormannsætt som på slutten av 800-talet og seinare, hadde herredømet over Trøndelag, Nordmøre og Nord-Noreg. Dette riket var truleg organisert som ein føderasjon, med eit sterkt bondearistokrati og med Håløygjarlen, seinare ladejarlen, som den mektigaste og styrande hovdingen.

Håløygjatal endre

Dei norrøne kjeldene fortel oss særs lite om historia og opphavet til Håløygætta. Den viktigaste opplysninga finn vi i diktverket Håløygjatal[1][2] av skalden Øyvind Skaldespille (norrønt: Eyvindr Finnsson skáldaspillir). Kvadet vart skrive på midten av 900-talet, truleg rett etter slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget), som eit hyllingsdikt til Håkon jarl den mektige, og der var det mellom anna nemnt alle ættledda attende til Odin. Mykje av dette kvadet er tapt, men sjølve ætterekka har ein funne i historieverket frå 1711, Historia rerum Norvagicarum[3] av Thormod Torfæus. Med nokre få korrigeringar iflg. P. A. Munch, ser ho slik ut:
Odin, Sæming, Godhjalt, Sverdhjalt, Hodbrod, Himinleig, Vedrhall, Havard Handrame, Godgest, Heimgest, Gylaug, Gudlaug, Mundil gamle, Herse, Brand jarl, Brynjolf, Bård, Hergils, Håvar, Harald, Trygil, Trond, Harald, Herlaug, Grjotgard, Håkon ladejarl.

Opplysningane om dei første personane i denne ætterekkja, er sjølvsagt mest basert på segn og myter, og ein reknar med at Håkon Grjotgardsson er den første, historisk sikre personen i ætta. Han var òg den første som busette seg på Lade ved Trondheim og vart dermed den første i Håløygeætta som vart kalla «ladejarl». Dei neste ladejarlane var:

Håløygjatal har ein viss likskap med diktet Ynglingatal av Tjodolv frå Kvine (den kvinværske) som rekna opp Harald Hårfagre (eller rettere sagt hans syskenbarn Ragnvald Heidumhære) sine forfedrar i 27 generasjonar tilbake til guden Frøy og sonen hans, den mytiske Fjolne. Det har vore drøftingar om kva for eit av dei to dikta som er eldst, og dermed òg om det verkeleg er Tjodolv som har skrive Ynglingatal (seinast av historikaren Claus Krag). Det blir oftast hevda at Håløygjatal vart skrive med inspirasjon av, og som eit motstykke til Ynglingatal, for å vise at Håløygeætta var likeverdig med Hårfagreætta. Det er all grunn til å stille seg tvilande til eit slikt synspunkt; det er tvert imot truleg at Håløygejarlen på den tida, Håkon Sigurdsson jarl, slett ikkje såg på seg og ætta si som mindreverdig i høve til Hårfagrekongane.

Landnåmabok endre

Landnåmabok[4] (Landnámabók) er ei forteljing som vart skriva på slutten av 1100-talet, og handlar om korleis Island vart busett (landnåmstida) frå slutten av 800-talet. I boka blir det nemnt om ein mann som var son til Háleygur, og om han blir det sagt at frå han kom Håløygætta (norrønt: … frá honum er Háleygjaætt komin).

Håløyge endre

Ein ser ofte at namnet håløyge (norrønt: Háleyg) blir sett i samanheng med namnet på landskapet Hålogaland (norrønt Hálogaland) og det har ført til ein teori om at Håløygætta hadde røtene sine frå det gamle riket OmdAndøya. Hålogaland er det historiske namnet på Nord-Noreg, dvs. landet nord for Namdalen og sør for Lyngen i Troms. Tydinga av namnet er omdiskutert, kanskje det mest truverdige alternativet er «nordlyslandet» eller «det heilage landet».[5]

Ein annan teori er at namnet Håløyge kan kome av grunnordet hálag som kan ha tydinga forbund eller fellesskap, og dermed viser namnet til ei styringsform og ikkje til noko landskap. I så fall kan det ha vore slik at ætta opphavleg hadde kjerneområdet sitt i Trondheimen, og at dei seinare ekspanderte nordover for å skaffe seg herredøme over Hålogaland. I denne samanhengen er det verd å legge merke til dette:

  • Skildringa som den nordnorske hovdingen Ottar[6] fortalde til kong Alfred i England omkring år 890, er rekna som ei særs viktig og truverdig samtidskjelde. Han blir gjerne kalla Ottar frå Hålogaland, men det er kanskje litt påfallande at han i si forteljing nemner korkje namnet Hålogaland eller ættenamnet Håløyge.
  • I Landnåmabok[4] er det nemnt fleire namn på personar som reiste til Island, fordi det kom i usemje med håløygjarlen Håkon Grjotgardsson. Dei nemnde personane var frå Sogn og frå Hålogaland, men ingen frå Trøndelag eller Nordmøre. Dersom håløygejarlen erobra Trøndelag med hærmakt, skulle ein kanskje ha forventa å finne trøndske namn òg?

Jarlen endre

Det er ikkje tvil om at jarlane i denne ætta, liksom kongane andre stader, hadde ein arveleg rett til å herske over riket, og det er òg særs truleg at dei hadde ein leiande, både politisk og religiøs funksjon. Frå ætterekkja i Håløygjatal ser vi at ætta er knytt til Odin ved at stamfaren til ætta skal ha vore den mytiske kongen Sæming. Han var son åt sjølvaste Odin og mor hans var jotnegudinna Skade, dotter til jotnen Tjatse. Ætta rekna såleis sitt opphav frå eit ekteskap mellom gud og jotne, ein allianse som ein gjerne kallar det heilage ekteskap eller hieros gamos. Dei andre gamle ættene i Skandinavia, Skjoldungætta og Ynglingeætta rekna òg opphavet sitt frå gudane, og medlemane i ei slik «gudeætt» hadde ei særstilling mellom folk i det norrøne samfunnet.

I dei norrøne sogene blir jarletittelen på hovdingane i håløygætta og ladeætta ofte sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking. «Jarl» er ein eldgamal, sjølvstendig hovdingtittel som truleg er eldre enn konge-tittelen. (Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge[7]) Den eldste nemninga blir oftast gitt tydinga «fri mann av god ætt og høg byrd», men ordet skriv seg òg frå stammenamnet heruler.[8]

Ein reknar òg med at «jarl» kan vere avleitt av ordet erilaR som finst på mange norske og vest-svenske runesteinar frå urnordisk tid, og skal då kunne tyde ''herul'' ( runemeister, kultprest). Ei slik tyding leier sjølvsagt til teorien om at håløygætta kan ha ein samanheng med dei gåtefulle Herulane[9], eit nord-germansk folk som i lang tid budde i det gamle Romarriket, og kanskje var ei urbefolkning i Skandinavia. Etter gamle kjelder (ref. Jordanes og Procopius) kom herulane attende til Skandinavia ein gong tidleg på 500-talet, og dei kan ha vandra, enten sjøvegen eller over land via Sverige, til dei kom til Trondheimen, der dei slo seg ned og deretter vart kjend som jarlefolket, styrt av den jarleætta som seinare vart kalla Ladejarlane.

Samfunn endre

Vi trur at den første ladejarlen, Håkon Grjotgardsson, herska over eit rike som omfatta Hålogaland, Trøndelag og Nordmøre. Riket var eit religiøst og militært fellesskap og hadde truleg eit sams, godt utvikla lovverk som avspeglar seg i namnet «Þróndalog» som tyder «trønderane sitt lovområde». Truleg var det håløygejarlane som først etablerte eit organisert landevern, leidangen, og den første gongen vi finn ordet «leidang» nytta i eit skaldevers, er i ''Eiriksdråpa'', i skildringa av slaget i Hjørungavåg. I jarlane sitt kjerneland er gardsnamn på Hov vanlege og vitnar om bloting og tradisjonell dyrking av dei norrøne gudane. Men Håløygætta hadde og sine eigne, særskilde gudefigurar som t.d. dei mytiske gudinnene Torgerd Holgabrud[5] (Horgabrud) og systera Irpa. Dei var døtrene av sagnkongen Holge, som kan ha gitt namn til landskapet Hålogaland.

Sjølv om kjeldene omtalar nokre av personane i Håløygætta som kongar, er det ikkje tvil om at dei fleste, og i alle høve dei siste, styrte over dette riket med jarlsnamn.

Jarleætt mot kongsætt endre

Det er vanleg å skildre perioden med «rikssamling» i tidleg middelalder som ein strid mellom «Hårfagrekongane» og Håløygejarlane; jarlane blir då oftast sett på som eit forstyrrande element i utviklinga fram mot eit samla Noreg, og når jarlane herska blir det oftast, og urettvist, omtala som «dansk styre». I røynda var det slik at det var jarlane som for det meste herska sjølvstendig over det ein kunne kalle eit samla Noreg, i tida frå ca. 960 til 1030. Det betyr at utviklinga fram mot eit samla, norsk rike, i mindre grad skuldast Harald Hårfagre og hans etterkomarar, men vel så mykje håløygejarlane sin makt og innflytelse.

Når kongsættene deretter vart einerådande, skuldast det i første rekke at jarleætta døydde ut på mannssida, dernest at styringa av Noreg gjekk over frå å ha vore eit sekulært hovdingstyre, der fyrsten styrte i kraft av sin arverett, til å bli eit kongedøme tufta på eit religiøst maktapparat og eit religiøst ikon.

Etterslekt endre

Håkon Eiriksson var den siste mannlege ættlingen i Håløygætta, men på kvinnesida var det mange etterkomarar og ein reknar med at mange av av dei norske stormannsættene i medelalderen, hadde ætteband attende til Håløygætta. Kjeldene er naturleg nok usikre, men her kan nemnast:

Ålov, dotter til Bergljot Håkonsdotter og Einar Tambarskjelve, var truleg gift med Tord Folesson, og deira dotter vart gift med lendmannen Skofte Ogmundsson.
Ei av døtrene til Svein Håkonsson Ladejarl var gift med Aslak Erlingsson, og sonen deira vart gift med ei dotter av den danske kongen Svein Estridsson.
Ei av døtrene til Håkon Sigurdsson jarl var mor til lendmannen Ivar Kvite og bestemor til Håkon Ivarsson jarl. Mellom etterkomarane hans var Håkon Pålsson Orknøyjarl og kong Erik Lam i Danmark.
Ei anna av døtrene til Håkon Sigurdsson jarl vart gift med Skofte Skagesson, etterkomaren hennar var Orm Eilivsson Opplandsjarl. Erling Skakke slekta frå han.
Håkon Eiriksson Ladejarl hadde truleg ei dotter Bodhild, som var gift med Ulf Galiciefarar i Danmark. Mellom etterkomarane deira var Knut Lavard og kong Valdemar den store i Danmark.

Referansar endre

  1. Háleygjatal (Heimskringla) m/omsetjing av Finnur Jónsson
  2. Háleygjatal Arkivert 2016-01-29 ved Wayback Machine. Skaldic Project, med eng. omsetjing
  3. Historia rerum Norvagicarum av Thormod Torfæus (side 146)
  4. 4,0 4,1 Landnåmabok frå snerpa.is
  5. 5,0 5,1 Nordlands historie[daud lenkje] Hva betyr navnet Hålogaland?
  6. The Voyage of Ohthere University of Calgary
  7. Alexander Bugge: Norges historie (1910) 1. bind, anden del, s. 122
  8. Etymologisk ordbok Falk og Torp
  9. Herulerne Arkivert 2016-03-19 ved Wayback Machine. av Troels Brandt

Bakgrunnsstoff endre