Hauraki District
Hauraki District Council ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Administrasjonssenteret i distriktet er Paeroa.
Hauraki District | ||
Namn | Hauraki | |
Folketal | 17 193 (Folketeljinga i 2006) | |
Grenser | Haurakigolfen til Waihi; |
Distriktet strekkjer seg frå det sørvestlege hjørnet til havarmen Firth of Thames søraust mot byen Te Aroha, men sjølve byen ligg utanfor distriktsgrensene. Det når aust til kysten i Bay of Plenty, og omfattar den sørlegaste delen av Coromandelhalvøya. Resten av halvøya ligg i Thames-Coromandel District.
Kjennemerke i distriktet er passet Karangahake Gorge, busetnaden Whiritoa, sletteområdet Hauraki Plains og gullgruvebyen Waihi. Byen Ngatea ligg òg i distriket.
Distriktet dekkjer ei flate på 1144 km², og hadde ved folketeljinga i 2006 eit innbyggjartal på 17 193. Av desse budde 3975 i Paeroa og 4500 i Waihi.
Bakgrunnsstoff
endreSjå òg
endre- Denne artikkelen bygger på «Hauraki District» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mai 2008.