Helge Lunde Seip (5. mars 191929. januar 2004), fødd i Surnadal, var ein norsk sosialøkonom - cand.oecon. frå 1941 og jurist - cand.jur. frå 1942, redaktør og politikar for Venstre.

Helge Seip

Fødd5. mars 1919
Surnadal kommune
Død29. januar 2004 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre (1972), Det Liberale Folkepartiet (1972)
Yrkepolitikar, redaktør, faglitterær forfattar, journalist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
VervLeiar for Det Nye Folkepartiet 1972-1973
EtterfylgjarMagne Lerheim
VervDirektør i Datatilsynet 1980-1989
EtterfylgjarGeorg Apenes
Alle verv

Helge Seip var i mange år stortingsrepresentant for Oslo, frå 1954 til 1961 og frå 1965 til 1973. Han var parlamentarisk leiar for Venstre si stortingsgruppe 1970–1972.

Frå 12. oktober 1965 til 29. august 1970 var Helge Seip statsråd og sjef for Kommunal- og arbeidsdepartementet (kommunalminister) i Regjeringa Borten.

Helge Seip var leiar for gruppa som braut ut frå Venstre og danna Det Nye Folkepartiet i 1972, som følgje av strid om EU-spørsmålet. Splittinga førte til ei sterk svekking av Venstre, og Det Nye Folkepartiet vart heller ingen suksess.

Helge Seip var den første direktøren for Datatilsynet. Han fekk i 1999 Rosingakademiet sin heiderspris for dette.

Seip fekk også ei rekkje andre utmerkingar.[1] I 1989 blei han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Han var innehavar av Kong Haakon VIIs 100-årsmedalje og blei i 1983 tildelt Jacob Letterstedt-medaljen.

Helge Seip var politisk redaktør/sjefsredaktør i Dagbladet 1954-1965.


Kjelder endre

Fotnotar