Hjerleid skole og håndverkssenter

61°58′57.0″N 9°14′34.4″E / 61.982500°N 9.242889°E / 61.982500; 9.242889

Skigard på Hjerleid i 2016. Fotograf: Roede.

Hjerleid skole og handverksenter, tidlegare kalla Hjerleids Husfidsskole og anna er eit kultursenter og ein friskuleDovre i Innlandet fylke som mellom anna gjev opplæring i treskjering, smiing og andre tradisjonshandverk. Senteret omfattar Handverksskolen, som gjev utdanning for treskjerarar, Senter for bygdekultur, som er eit kurs- og kompetansesenter innan tre og handverk, Dovre Handverksenter og fleire små, sjølvstendige bedrifter. Eigarane er stiftinga Norsk Kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Historie endre

Hjerleidske hudflidskole vart grunnlagt under namnet «Håndgjerningsskole for gutter» av målarmeister Halldor Hjerleid (1821–1888) og kona Randine i 1886.[1] Skulen utdanna snikkarar, skomakarar og etter kvart òg fleire andre handverkarar. Samme år som skulen starta opp, hadde Kunstindustrimuseet i Kristiania oppretta treskjerarskule på Lesja med Hans Larsen Lindsø (1843–1925) som lærar.[2] Treskjerarskulen flytta året etter til Dovre, og dei to skulane vart formelt slegne saman i 1903[3] med Lindsø som lærar i treskjering.[2] Husflidsskulen fekk ny skulebygning i 1929, vart yrkesskule frå 1948 og vidare bygd ut på 1950-talet.[4] Undervisninga heldt på frå 1930 til 1970 då alt vart flytt til det som seinare vart kalla Hjerleid vidaregåande skule.

Hjerleidutstillinga var ei årleg elevutstilling som fyrste gong vart arrangert i 1903.[5][6]

Skulen var samlokalisert med Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule inntil hausten 2015, då den offentlege vidaregåande opplæringa på Hjerleid vart flytt til Dombås.[7]

Frimerkedesignaren Sverre Morken var treskjerarelev ved Hjerleid før han byrja på bokkunstlinja ved Statens handverks- og kunstindustriskule. Også dyreskulptøren Bjørn Sørvang Hansen har utdanning frå skulen.

Kjelder endre

Bakgrunnsinfo endre