Huanggang (kinesisk: 黃冈市; pinyin: Huánggāng Shì) er eit byprefektur heilt aust i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet, som i aust grensar til provinsen Anhui og i sør til provinsen Jiangxi, har eit areal på 17 453 km² og hadde i underkant av 6,2 millionar ibuarar i 2010.

Plasseringa av Huanggang (gul) i Hubei

Byprefekturet Huanggang omfattar to bydistrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

NæringEndra

Huanggang har ein variert økonomi, alt frå bio- og urtemedisin til landbruk, matindustri og turisme. Byprefekturet er særleg kjend for sine økologiske grønsaker. Luotian er det fylket i Kina som avlar flest kastanjenøtter. Yingshan fylke er kjend for sin grøne te, medan Qichun er kjend for urtemedisin. Macheng er eit modellfylke i storfeavlen, og Huangmei eit senter for produksjon av ferskvassreker og jade.

SamferdsleEndra

Kinas riksveg 106 går gjennom området. Han strekker seg frå Beijing og er innom mellom andre Hengshui, Kaifeng, Ezhou og Shaoguan på sin veg sør til Guangzhou i Sør-Kina.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra