I Can't Hear You
Singel av Betty Everett
B-side

Can I Get to Know You

Utgjeve 1964
Sjanger R&B
Lengd 2:36
Selskap Vee-Jay
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Betty Everett-kronologi 
«The Shoop Shoop Song (It's in His Kiss)»
(1964)
I Can't Hear You «Let It Be Me»
(1964)


«I Can't Hear You No More» er ein song skriven av Gerry Goffin og Carole King. Han vart opphavleg spelt inn som «I Can't Hear You» i 1964 av Betty Everett. Den mest populære versjonen var ein topp 40-singel frå 1976 av Helen Reddy.

Originalversjonen til Betty Everett endre

Betty Everett-versjonen vart gjeven ut sommaren 1964 som ei oppfølging av topp ti-songen hennar «The Shoop Shoop Song». Robert Pruter skildra «I Can't Hear You» i boka si Chicago Soul som ein «overraskande svak [song] for Goffin-King som ikkje gav Vee Jay [Records] tilsette [musikarar] mykje å jobba med» og avviser Everett-singelen, som nådde 39. plassen på R&B-lista (som rapportert i magasinet Cash Box) som «i hovudsak ein ikkje-hit».[1] «I Can't Hear You» dukka opp på Billboard Hot 100 og nådde 66. plassen der,[2] og 85. plassen på Cash Box Pop 100.

Lulu-versjonen endre

I Storbritannia spelte Lulu inn «I Can't Hear You No More» som oppfølginga til gjennombrotshitten hennar «Shout», produsert av Peter Sullivan og utgjeve som «Can't Hear You No More» den 28. august 1964. Singelen kom til kort på UK Singles Chart.[3]

Dusty Springfield-versjonen endre

Versjonen til Dusty Springfield av «I Can't Hear You No More» kom ut på albumet hennar Ev'rything's Coming Up Dusty i Storbritannia og på den amerikanske utgåva You Don't Have to Say You Love Me.[4] Etter å ha hatt premiere på versjonen sin av «I Can't Hear You No More» den 28. april 1965 på på «Sound of Motown»-sendinga til Ready Steady Go!, med Martha and the Vandellas på korvokal, spelte Springfield inn «I Can't Hear You No More» den 2. juli 1965 i Philips Studios i Marble Arch, med Philips-eigar Johnny Franz oppført som produsent (Springfield har uttalt at ho sjølv produserte alle innspelingane sine på midten av 1960-talet). Økta, som var dirigert av Ivor Raymonde og med Madeline Bell og Doris Troy på korvokal, er eit sjeldan døme på ei Springfield-innspeling med turnébandet hennar The Echoes.[4]

Carole King-versjonen endre

Carole King spelte sjølv inn «I Can't Hear You No More» for debutsoloalbumet sitt Writer i 1970. I boka si The Words and Music of Carole King seier James Perone at songen «fungerer godt nok for King, men stilen til songen og arrangementet er inspirert av Philadelphia soul og er slik at det ikkje har den same innverknaden som nokre av dei seinare komposisjonane til King som vart utforma rundt hennar fysiske og retoriske røyst.»[5]

Helen Reddy-versjonen endre

I Can't Hear You No More
Singel av Helen Reddy
frå albumet Music, Music
B-side

Music Is My Life

Utgjeve 1976
Sjanger Easy listening
Lengd 2:49
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Gerry Goffin, Carole King
Produsent Joe Wissert
Helen Reddy-kronologi 
«Somewhere in the Night»
(1975)
I Can't Hear You No More «Gladiola»
(1976)


Helen Reddy-versjonen frå 1976 var den mest suksessriket versjonen som vart gitt ut som hovudsingelen frå albumet hennar Music, Music. Musikarane inkluderte Victor Feldman (perkusjon), Harvey Mason og Jeff Porcaro (trommar), David Paich (keyboard), Ray Parker jr. (gitar) og Tom Scott (saksofon). Korvokaliastar på albumet var Jim Gilstrap, Myrna Matthews, Lisa Freeman og Carolyn Willis. Reddy ønskte ikkje å spele inn «I Can't Hear You No More», men vart sterkt pressa til det av Capitol Records som håpte ein discopåverka song kunne betre karrieren hennar. Ironisk nok vart «I Can't Hear You No More» ein Easy Listening-hit som gjekk til topps på denne lista i USA. Det vart den åttande og siste hitten til Reddy og var òg hennar nest siste topp 40-hit, som nådde 29. plassen på Billboard Hot 100 (Cash Box rangerte sporet på 41. plassen.).[6]

Andre versjonar endre

Songen vart òg spelt inn av forskjellige grupper:

  • The Newbeats som B-sida til singelen sin frå 1965, «Little Child».
  • Songen er med i filmen The Reckoning frå 1969 i ei liveopptreden av bandet «The Spectrum» (Keith Forsey på trommer) og med skodespelarinna og vokalisten Patricia Gratton på vokal.
  • The Move har òg ein kjapp versjon av denne songen på si «Anthology»-samling.

Kjelder endre

  1. Pruter, Robert (1992). Chicago Soul. Champaign IL: University of Illinois Press. s. 39. ISBN 0-252-06259-0. 
  2. Whitburn, Joel (2013). Joel Whitburn’s Top Pop Singles, 14th Edition: 1955-2012. Record Research. s. 281. 
  3. «Lulu - Can't Hear You No More». 45cat.com. Henta 22. mai 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Ev'rything's Coming Up Dusty - Dusty Springfield | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. mai 2021. 
  5. Perone, James (2006). The Words and Music of Carole King. Westport CT: Praeger Publishers. s. 30. ISBN 0-275-99027-3. 
  6. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of Adult Contemporary Hits. New York City: Billboard Books. s. 197. ISBN 0-8230-7693-8.