I Put a Spell on You
I Put a Spell on You Singel av Screamin' Jay Hawkins frå albumet At Home with Screamin' Jay Hawkins | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1956 | |
Sjanger | R&B, soul, blues | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | OKeh (1957) | |
Komponist | Screamin' Jay Hawkins | |
Tekstforfattar | Screamin' Jay Hawkins | |
Låtskrivar(ar) | Screamin' Jay Hawkins | |
---|---|---|
Produsent | Arnold Maxin |
«I Put a Spell on You» er ein song frå 1956 skriven av Screamin' Jay Hawkins. Innspelinga hans vart vald ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll. Han vart òg rangert på 313. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Sjølv om Hawkins-versjone ikkje nådde nokre av listene, har fleire seinare versjonar gjort dette. Nina Simone si utgåve nådde 23. plass på R&B-lista i 1964, samt 49. plass i Storbritannia same året og 28. plass i 1969, då singelen vart gjeven ut på ny. Versjonen til The Alan Price Set nådde 9. plass i Storbritannia i 1966 og 80. plass på Billboard Hot 100 i USA. Creedence Clearwater Revival si utgåve nådde 58. plass i USA i 1968. I Storbritannia nådde Bryan Ferry si utgåve 18. plass i 1993, medan versjonen til Sonique nådde 36. plass i 1998 og 5. plass då singelen vart gjeven ut på ny i 2000.[1][2][3] Songen er òg spelt inn av mange andre artistar.
Originalutgåva
endreHawkins hadde opphavleg tenkt å spele inn «I Put a Spell on You» som ein fin kjærleikssong, ein bluesballad. Han sa derimot at «produsenten førte inn ribber og kylling og alle vart fulle, og me kom ut med denne rare versjonen[4] Eg hugsar ikkje ein gong innspelinga av songen. Før var eg berre ein normal bluessongar. Eg var berre Jay Hawkins. Alt fall liksom på plass. Eg fann ut at eg kunne gjere meir med å øydeleggje ein song og skrike han til døde.»
Somme kjelder hevdar at «I Put a Spell on You» vart gjeve ut før 1956 i ein rolegare form, men dette har ikkje vorte stadfesta.
«I Put a Spell on You» vart ein rask suksess, trass i at han vart bannlyst frå enkelt butikkar og radiostasjonar. Ein mjukare versjon, utan lydar som vart rekna som «kannibalistiske», nådde ikkje lista, men førte Hawkins i lag med Alan Freed og hans «Rock and Roll Review».
Fram til då hadde Hawkins vore ein bluesartist; full av kjensler, men ikkje vill. Freed foreslo eit kunstgrep for å dra fordel av den «vanvittige» stilen på «I Put a Spell on You». Hawkins gjekk med ei lang kappe og dukka opp på scenen stigande ut av ei kiste mellom røyk og tåke.[4]
Denne var ein sensasjon, som seinare vart vidare utarbeida for scenen med mellom anna hovudskallar. Den teatralske framføringa var ein av dei første sjokkrockframføringane, og grunnlaget for mykje av det som seinare kom i rock and roll, inkludert Dr. John, Alice Cooper, Eric Burdon, Screaming Lord Sutch, Warren Zevon, Arthur Brown, Black Sabbath, Ted Nugent, George Clinton, The Butthole Surfers, The Cramps og Marilyn Manson.
Shane MacGowan and Friends
endreI Put a Spell on You Singel av Shane MacGowan and Friends frå albumet Helping Haiti | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8 mars 2010 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:25 | |
Komponist | Screamin' Jay Hawkins | |
Tekstforfattar | Screamin' Jay Hawkins | |
Låtskrivar(ar) | Screamin' Jay Hawkins | |
---|---|---|
Produsent | Shane McGowan |
Shane MacGowan, Nick Cave, Bobby Gillespie, Chrissie Hynde, Mick Jones og Johnny Depp på gitar slo seg saman og spelte inn ein versjon av «I Put A Spell On You» til støtte for Haiti etter jordskjelvet i 2010. Songen var berre tilgjengeleg via nedlasting frå nettet.[5][6]
Dei som spelte på songen var
Vokal:
Shane MacGowan
Nick Cave
Bobby Gillespie
Glen Matlock
Chrissie Hynde
Paloma Faith
Eliza Doolittle
Laura White
Gitar:
James Walbourne
Mick Jones
Johnny Depp
Bass:
Cait O'Riordan
Hammondorgel/piano:
Carwyn Ellis
Trommer:
Rob Walbourne
Brannhydrant:
Mick Jones
Andre versjonar
endreI Put a Spell on You Singel av Creedence Clearwater Revival frå albumet Creedence Clearwater Revival | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1968 | |
Sjanger | Rootsrock, acidrock | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Fantasy Records | |
Komponist | Screamin' Jay Hawkins | |
Tekstforfattar | Screamin' Jay Hawkins | |
Låtskrivar(ar) | Screamin' Jay Hawkins | |
---|---|---|
Produsent | Saul Zaentz | |
Creedence Clearwater Revival-kronologi | ||
«Suzie Q» (1968) |
I Put a Spell on You | «Proud Mary»/«Born on the Bayou» (1969)
|
I Put a Spell on You Singel av Sonique frå albumet Hear My Cry | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. april 2001 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 3:33 | |
Komponist | Screamin' Jay Hawkins | |
Tekstforfattar | Screamin' Jay Hawkins | |
Sonique-kronologi | ||
---|---|---|
«Sky» (2000) |
I Put a Spell on You | «Can't Make Up My Mind» (2003)
|
«I Put a Spell on You» har vorte spelt inn av mange andre artistar, kanskje mest kjend av Nina Simone i 1965 på albumet I Put A Spell On You og av Bette Midler i filmen Hocus Pocus, men òg av artistar som
- Logan Kendell (med Jessie Crystal)
- Arthur Brown
- Alan Price
- The Animals
- Natacha Atlas
- Audience
- Jimmy Barnes
- Batmobile
- Jeff Beck og Joss Stone
- Tab Benoit
- Eric Burdon på konsert i Lugano i 2006.
- Caterina Caselli (som «Puoi farmi piangere» på italiensk i 1966)
- The Birthday Party
- Cameo
- Champion med gjestevokalist Betty Bonifassi
- Ray Charles
- Joe Cocker
- The Crazy World of Arthur Brown
- Creedence Clearwater Revival (som òg spelte han på Woodstock)
- Tim Curry
- Dionysos
- Julien Doré
- Eels
- Estelle
- Bryan Ferry. Nådde 18. plass i Storbritannia i 1993
- Diamanda Galás
- The Heavy
- The Kills
- Buddy Guy (med Carlos Santana)
- Jarboe
- Queen Latifah
- Phil Lesh & Friends
- Manfred Mann
- Marilyn Manson
- Katie Melua
- Kim Nalley
- Nina Simone
- Bette Midler (frå filmen Hocus Pocus)
- Iggy Pop / Catherine Ringer
- Alan Price and The Electric Blues Company
- C.A. Quintet
- Gabriel Ríos
- Roxy Music
- She and Him
- Sonique. Nådde 8. plass i Storbritannia i 2001
- Them (med Van Morrison)
- Pete Townshend og hans Deep End Live! (med David Gilmour).
- Bonnie Tyler
- The Unamerican Red Cross
- Leslie West
- The Guards (1968)
I 1966 nytta James Brown eit nesten identisk arrangement som originale for «It's a Man's Man's Man's World». I 1967 vart dette arrangementet nytta på ny for Frank Sinatra sin «The World We Knew (Over and Over)».
Han er òg vorte sampla av The Notorious B.I.G. («Kick In The Door»), The Beatnuts («Se Acabo»), LL Cool J («LL Cool J») og The Heavy («Sixteen»).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Put a Spell on You» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-155-1.
- ↑ Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-115-2.
- ↑ Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952-2004 (1st utg.). London: Collins. ISBN 0-00-717931-6.
- ↑ 4,0 4,1 Chris Morris (Feb 26, 2000), Legendary Screamin' Jay Hawkins Dies At 70, Billboard
- ↑ http://www.prefixmag.com/media/shane-macgowan-and-friends/i-put-a-spell-on-you-haiti-charity-song-video/37970/
- ↑ http://www.mojo4music.com/blog/2010/03/watch_shane_macgowan_friends_i.html
Bakgrunnsstoff
endre321: «Comfortably Numb» Pink Floyd |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 320 «I Put a Spell on You» Screamin' Jay Hawkins |
319: «In Dreams» Roy Orbison |