Jennifer Hudson
Jennifer Kate Hudson (fødd 12. september 1981), ogaå kjend under kallenamnet J.Hud, er ein amerikansk songar og låtskrivar, skodespelar, talkshow-vert og produsent. Gjennom karrieren sin har ho vunne ulike prisar for arbeidet sitt med musikk, film, fjernsyn og teater. Hudson blei den yngste kvinna og den andre afrikansk-amerikanske kvinna til å vinna alle dei fire hovudprisane innan amerikansk underhaldningsindustri: Emmy, Grammy, Oscar og Tony (EGOT).[1] Ho fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame i 2013.[2] Time nemnde henne som ei av dei 100 mest påverknadsrike menneska i verda i 2020.[3]
Hudson blei kjend i 2004 då ho var finalist i den tredje sesongen av American Idol, og ende opp på sjuande plass. Ho filmdebuterte som Effie White i musikalen Dreamgirls (2006), som ho vann ein Academy Award for Best Supporting Actress for, den yngste afrikansk-amerikanaren til å vinna ein skodespelarkategori. Etter å ha skrive platekontrakt med Arista Records gav Hudson ut debutalbumet sitt Jennifer Hudson i 2008, som selte til gull i USA og Storbritannia, og vann ein grammypris for beste R&B-album.
Dei neste studioalbuma til Hudson, I Remember Me (2011) og JHUD (2014), nådde begge topp ti-lista av Billboard 200, der fyrstnemnde også selde til gull i USA. Ho hadde fleire skodespelarroller i filmane Sex and the City (2008), The Secret Life of Bees (2008), Winnie Mandela (2011), Black Nativity (2013), Sing (2016), Cats (2019) og Respect (2021), fjernsynsseriane Smash (2012), Empire (2015) og Confirmation (2016), og debuterte på Broadway i musikalen The Color Purple. Hudson var også trenar i dei britiske og amerikanske versjonane av The Voice frå 2017 til 2019, og blei den fyrste kvinnelege trenaren til å vinna fyrstnemnde.[4] I 2022 byrja ho å leia eit talkshow, The Jennifer Hudson Show.
Bakgrunn
endreHudson blei fødd i 1981 i Chicago i Illinois.[5][6] Ho var det tredje og yngste barnet til Darnell Donerson[7] og Samuel Simpson.[8][9] Ho blei oppdregen som baptist[10] i Englewood.[11] Då ho var 7 byrja ho framføra musikk då ho blei med i kyrkjekoret, og blei med på amatørteater med hjelp frå mormora si Julia. Ho har nemnt Whitney Houston, Aretha Franklin og Patti LaBelle som dei største påverknadane og inspirasjonskjeldene sine.[12] Ho har også omtalt Mariah Carey som ein av dei musikalske heltane sine.[13] Hudson var elev ved Dunbar Vocational High School, som ho gjekk ut frå i 1999.[14] Ho byrja som student ved Langston University i Oklahoma, men forlet det etter eit semester på grunn av heimlengt og misnøye med vêret. I staden blei ho student ved Kennedy–King College i Chicago.[15]
I januar 2002 skreiv Hudson sin fyrste kontrakt med Righteous Records, eit sjølvstendig plateselskap i Chicago.[16] Ho blei frigjeven frå den fem år lange kontrakten med Righteous Records slik at ho kunne ta del i American Idol i 2004.
Karriere
endre2004–05: American Idol
endreHudson hadde audition for den tredje sesongen av American Idol i Atlanta. Ho fekk det høgaste talet stemmer i «Top 9» etter å ha framført Elton John sin song «Circle of Life» 6. april 2004, men to veker seinare blei ho eliminert frå tevlinga under «Top 7»-showet etter å ha framført Barry Manilow sin «Weekend in New England».[17][18] I mai 2009 plasserte MTV Hudson som den sjette største deltakaren i American Idol til då, og sa at hennar eliminasjon var den mest sjokkerande av alle.[19] I mai 2010 hevda Los Angeles Times at Hudson var den tredje største Idol-deltakaren nokonsinne, etter vinnaren av fyrste sesong, Kelly Clarkson, og vinnaren av fjerde sesong, Carrie Underwood.[20]
2006–07: Dreamgirls og gjennombrot
endreI ei av dei fyrste framføringane sine på eit album var Hudson med på å synga duetten «The Future Ain't What It Used to Be» på Meat Loaf sitt Bat Out of Hell III: The Monster Is Loose. I september 2006 framførte Hudson songen «Over It» live på Fox Chicago Morning News. Då ho blei intervjua fortalde ho at songen ville vera del av debutalbumet hennar, som skulle koma ut tidleg i 2007; dette var likevel før ho hadde nokon platekontrakt.[21] I november 2006 skreiv Hudson kontrakt med Arista Records.[22] Ho spelte også inn ein song ho skreiv saman med Bill Grainer og Earl Powell kalla «Stand Up», som var mogleg å høyra på nettstaden hennar. Sporet blei arrangert og produsert av Powell og Herman Little III, begge frå Chicago..[23] Denne powerballaden blei seinare gjort tilgjengeleg som bonusspor på deluxe-utgåva av Jennifer Hudson sitt fyrste album, som kom ut i 2008 og hadde namn etter henne.
I november 2005 fekk Hudson rolla som Effie White i filmversjonen av musikalen Dreamgirls, der også Jamie Foxx, Beyoncé Knowles og Eddie Murphy hadde roller. Dette var debutfilmen til Hudson. Filminga av Dreamgirls tok til 9. januar 2006, og filmen blei fyrst sleppt på avgrensa stader den 25. desember 2006 og så landet over 12. januar 2007. Hudson fekk særleg ros for framføringa si av hitsongen «And I Am Telling You I'm Not Going», signatursongen knytt til rolla. Denne songen var allereie blitt spelt inn, og gjort til litt av ein musikalsk standard, av Jennifer Holliday. The New York Observer omtalt Hudson si framføring av songen som «five mellifluous, molto vibrato minutes that have suddenly catapulted Ms. Hudson... into the position of front-runner for the best supporting actress Oscar».[24] Newsweek skreiv at når filmsjåarar fekk høyra Hudson synga songen, ville ho «raise goose bumps across the land.»[25] Variety skreiv at framføringa til Hudson' «calls to mind debuts like Barbra Streisand in Funny Girl or Bette Midler in The Rose, with a voice like the young Aretha».[26] «Love You I Do» blei nominert til Academy Award for Best Original Song i 2007 og vann Grammy Award for Best Song Written for a Motion Picture, Television or Other Visual Media i 2008.
For rolla som Effie White vann Hudson 29 prisar frå filmkritikarar som Best Supporting Actress og Breakthrough Performer of 2006. Ho vann Golden Globe-prisen som Best Actress in a Supporting Role. I tillegg blei ho utropt til Best Supporting Actress av Broadcast Film Critics Association og av Screen Actors Guild. Etter å ha sett Hudson opptre i Dreamgirls spelte Simon Cowell inn ei gratulasjonsmelding til henne som blei sendt på The Oprah Winfrey Show.[27] I mars 2007 blei Jennifer Hudson den tredje afrikansk-amerikanske kjendisen og den fyrste afrikansk-amerikanske songaren til å vera på framsida av bladet Vogue.[28] 11. februar 2007 blei British Academy Film Awards haldne i London for 60. gong. Hudson vann BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, men var ikkje til stades. Prisen hennar forsvann ei stund, og Hudson fekk han fyrst 22. april 2011 på Graham Norton Show. 25. februar 2007 vann ho Oscar-prisen for Best Supporting Actress for rolla si i filmen. Seinare i 2007 erklærte borgarmeisteren i heimbyen hennar Chicago, Richard M. Daley, at 6. mars skulle vera «Jennifer Hudson Day».[29][30] Ho blei innboden til å vera med i Academy of Motion Picture Arts and Sciences 18. juni, i lag med 115 andre i 2007.[31][32] Entertainment Weekly sette framføringa hennar på si liste over «best-of» for tiåret, og skreiv: «Sure, Beyoncé's performance was great. And Eddie Murphy's was impressive. But there was really only one reason we all rushed to see 2006's Dreamgirls: Jennifer Hudson's soul-to-the-rafters rendition of the classic 'And I'm Telling You I'm Not Going'. When she sang 'You're gonna love me,' it wasn't just a lyric — it was a fact.»[33]
2008–09: Albumet Jennifer Hudson og filmar
endreI mai 2008 spelte Hudson rolla Louise, assistenten til Carrie Bradshaw, i filmen Sex and the City. Filminga blei avslutta i desember 2007, og filmen kom ut 30. mai 2008.[34] I oktober 2008 hadde Hudson si tredje filmrolle i The Secret Life of Bees der ho spelte Rosaleen, morsfiguren til Lily Owens (Dakota Fanning). Andre skodespelarar i filmen var Queen Latifah, Sophie Okonedo og Alicia Keys. Filmen vann to People's Choice Awards i januar 2009 i kategoriane Favorite Drama Movie og Favorite Independent Movie. Han blei også nominert til ni ulike Black Reel Awards, og vann tre av dei. Hudson var nominert for rolla si i filmen, men blei slått av medspelaren Queen Latifah. Filmen fekk også åtte nominasjonar ved NAACP Image Awards 2009, medrekna ein nominasjon til Hudson.
I 2009 spelte Hudson rolla som Kathy Archenault i Fragments, ein film basert på ein roman av Roy Freirich, der også Dakota Fanning og Forest Whitaker var med. Filmen kom ut på DVD 4. august 2009. I 2010 byrja Hudson spela inn den biografiske filmen Winnie Mandela,[35] basert på livet til den sørafrikanske aktivistenWinnie Mandela,[35] med amerikanske Terrence Howard som medspelar og med sørafrikanske Darrell J. Roodt som regissør.[36] Andre Pieterse og Roodt and Paul L. Johnson skreiv manuskript til filmen basert på Anne Marie du Preez Bezdrob sin biografi Winnie Mandela: A Life.[37] Creative Workers Union of South Africa var motstandarar av valet av ein utanlandsk skodespelar i rolla.[38] Winnie Mandela blei gjeven ut av Image Entertainment 6. september 2013.[39][40]
I januar 2008 vendte Hudson tilbake til studioet for å spela inn nye songar til debutalbumet sitt. Selskapet hennar skal ha vore misnøgd med retninga dei tok Hudson i musikalsk, og bestemte at det ville vera betre å forkasta dei eldre songane og i staden fokusera på nye. Hudson samarbeidde med Ryan Tedder og Timbaland om ei rekkje songar. Debutsingelen henanr «Spotlight» blei gjeven ut 10. juni 2008, og blei Hudson sin fyrste hitt i topp 40, der han nådde 24. plassen på<i id="mwAXM">Billboard</i> Hot 100 og blei ein topp 20-hitt i Storbritannia og Tyrkia. Debutalbumet hennar Jennifer Hudson kom ut 30. september 2008 på Arista og var skrive av Ne-Yo, som også produserte det i lag med Stargate. Andre bidragsytarar til albumet var mellom anna Timbaland, Missy Elliott, Robin Thicke, Harvey Mason, Jr., Diane Warren, Earl Powell og Christopher «Tricky» Stewart.[41] Albumet gjekk rett til andreplassen på Billboard 200 med 217 000 selde eksemplar i USA, og fekk positive meldingar. I august 2009 hadde det blitt selt 739 000 eksemplar i USA, og blei sertifisert til gull etter å ha selt over 500 000 eksemplar. Ho framførte songen «All Dressed in Love» til lydsporet for filmen Sex and the City, som kom ut i mai 2008.[42] Ved Democratic National Convention 2008 framførte ho den amerikanske nasjonalsongen.
I oktober 2008 skulle den andre singelen frå albumet ut. Opphavleg skulle dette ha vore «My Heart», men valet fall til slutt på «If This Isn't Love». Etter at tre av familiemedlemmane til Hudson blei brutalt drepne, blei singeulutgjevinga utsett til januar 2009. Så utsette plateselskapet utgjevinga igjen, til februar 2009. Etter at han blei gjeven ut nådde singelen 63. plassen på Billboard Hot 100 og 37. plassen på UK Singles Chart. Den tredje singelen skulle vera «Pocketbook», som Ludacris tok del på, men singelutgjevinga blei avlyst etter dårlege reaksjonar frå fans og kritikarar. I staden blei den tredje singelen «Giving Myself», som kom ut i 2. juni 2009 i USA. For debutalbumet blei Hudson nominert til tre grammyprisar for 2009:: Best Female R&B Vocal Performance for «Spotlight», Best R&B Performance by a Duo or Group with Vocals for«I'm His Only Woman» med Fantasia Barrino og Best R&B Album for Jennifer Hudson. Ho vann den siste av desse, og opptredde også ved tildelingsseremonien.[43]
I februar 2009 hadde Hudson si første offentlege opptreden sidan drapa på familiemedlmmer då ho song «Star-Spangled Banner» under Super Bowl.[44][45][46] Ho turnerte i USA med Robin Thicke i 2009.[47] Tidleg i mai 2009 fekk Hudson halsplagar, og måtte endra turnédatoar frå 16. til 19. mai 2009.[48] Ho framførte «Will You Be There» ved minnegudstenesta for Michael Jackson i juli 2009.[49] Hudson spelte inn «Neither One of Us (Wants to Be the First to Say Goodbye)», opphavleg av Gladys Knight & the Pips, for American Idol Season 3: Greatest Soul Classics - det offisielle albumet til tredje sesong av American Idol. Ho var med på det andre albumet til Ne-Yo, Because of You, på sporet «Leaving Tonight». Hudson laga ein julespesial til desember 2009 med tittelen Jennifer Hudson: I'll Be Home for Christmas. I spesialen minnast ho barndomsjular med musikalske framføringar filma på favorittstadene sine i heimbyen Chicago. Hudson vitja òg familiemedlemmar, venar og andre påverknadar frå barndommen under sendinga.[50] 22. januar 2010 var Hudson med på telethonen Hope for Haiti Now: A Global Benefit for Earthquake Relief, og framførte «Let it Be» av The Beatles. Sendinga samla inn kring 61 millionar dollar.[51] Seinare det året spelte Hudson inn songen «One Shining Moment» til NCAA Men's Division I Basketball Tournament 2010.
2010–12: Weight Watchers og I Remember Me
endreI 2010 blei Hudson talsmann for slankeverksemda Weight Watchers.[52][53] Dette året hadde ho gått ned 25 kg, og «ville ikkje gå ned meir».[54] Men den 10. februar 2011 var ho med på The Oprah Winfrey Show og viste at ho hadde mista totalt 80 pund (26 kg).[55] I sjølvbiografien sin frå 2012, I Got This: How I Changed My Ways and Lost What Weighed Me Down, skreiv ho i detalj om vekttapet.[56][57][58]
Tidleg under utviklinga av albumet I Remember Me sa Ne-Yo til E! Online at Hudson var klar til å setja eit personleg preg på det andre studioalbumet sitt. Han sa: «Ho har gått gjennom mykje det siste året, så ho har mykje å snakke om. Ho har definitivt blitt sterkare. Etter det ho har gått gjennom, og så halde seg optimistisk og lykkeleg, det er utruleg».[59] Hudson gav ut I Remember Me den 22. mars 2011. Albumet debuterte på andreplassen på Billboard 200 med 165 000 eksemplar selde i den fyrste veka.[60]
24. januar 2011 kom den fyrste singelen frå albumet ut, «Where You At».[61] Songen var skriven av R. Kelly og produsert av Harvey Mason, Jr.[62] Singelen gjekk inn på Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista på 53. plassen,[63] og steig seinare til 10. plassen.[64] «No One Gonna Love You» kom ut på radio i USA i mai 2011, og i lag med remiksar for digital nedlasting i juli 2011.[65][66][67] Songen nådde 23. plassen på Hot R&B/Hip-Hop Songs.[68] Den tredje singelen i USA var «I Got This».[69] «Don't Look Down» nådde 70. plassen på Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista, sjølv om han ikkje blei gjeven ut som singel.[70]
2013-2014: JHUD
endreHudson spelte ei nonne i brørne Farrelly sin film The Three Stooges frå 2012.[71] Dagen etter at Whitney Houston døydde, framførte Hudson songen hennar «I Will Always Love You» til ære for Houston under utdelinga av Grammy-prisen, som blei halden 12. februar 2012 ved Staples Center i Los Angeles i California.[72] Hudson var gjest i fleire episodar av den andre sesongen av den musikalske dramaserien Smash.[73] Ho song «America the Beautiful» i lag med koret til Sandy Hook Elementary School ved Super Bowl XLVII.[74] Ved den 85. utdelinga av Osca-prisen framførte ho ein hyllest til musikalfilmar.[75] Ho framførte «Same Love» med Macklemore, Ryan Lewis og Mary Lambert på MTV Video Music Awards 2013.[76]
21. september 2013 blei det sluppe ein ny singel frå det komande tredje studioalbumet til Hudson på nettsida hennar. «I Can't Describe (The Way I Feel) » hadde T.I. som bidragsytar og var produsert av Pharrell. Hudson framførte denne songen saman med Chaka Khan, Evelyn «Champagne» King og T.I. ved på Soul Train Awards 2013.[77] I oktober 2013 spelte Hudson i dramaet The Inevitable Defeat of Mister & Pete i lag med Jordin Sparks og i drama-musikalen Black Nativity. Ho spelte òg opp saman med Amy Adams i dramaet Lullaby. 13. november 2013 blei Hudson tildelt stjerne nummer 2512 på Hollywood Walk of Fame.[2]
Det tredje studioalbumet til Hudson, JHUD, kom ut 23. september 2014. Hudson skildra albumet som meir "upbeat" enn det tidlegare materialet sitt. Ho samarbeidde mellom anna med Timbaland, Pharrell Williams, RedOne og R. Kelly om albumet. Hudson sa om albumet at «Det me gjer kjennest så rett ut at eg aldri vil gå heim (frå studio). Syster mi og manageren min søv på sofaen medan me jobbar til 4 eller 5 om morgonen».[78]
Hudson bekrefta at ein song på albumet ville vera «It's Your World», med R. Kelly, i eit intervju med Jonathan Ross på The Jonathan Ross Show. Dette sporet kom til å bli nominert til ein grammypris i 2015 for Best R&B Vocal Performance. 20. juni slapp ho musikkvideoen til «Walk it Out», der Timbaland var med.[79]
2015-2016: The Color Purple, Hairspray Live og Sing
endreUnder den 87. utdelinga av oscarprisen framførte Hudson songen sin «I Can't Let Go» av Marc Shaiman og Scott Wittman (opphavleg frå NBC sin Smash) som ein hyllest til Hollywood-folk som hadde døydd året før.[80]
Hausten 2015 debuterte Hudson på Broadway i rolla som Shug Avery i The Color Purple, i lag med Cynthia Erivo og Danielle Brooks. New York Times-kritikaren Ben Brantley priste framføringa hennar og sa: «Ms. Hudson radiates a lush, supple stage presence that is echoed by her velvet voice».[81] Hudson vann seinare grammyprisen for Best Musical Theater Album (2017) for arbeidet sitt med The Color Purple.[82]
I juni 2016 framførte Hudson Prince-songen «Purple Rain» ved utdelinga av BET Awards. Ho hadde også sunge denne på scena i lag med utøvarane i The Color Purple dagen Prince døydde.[83] Ho hadde på seg sceneklede som likna dei Prince hadde brukt, og publikum var imponert over den energiske framføringa hennar.[84]
28. juni 2016 skreiv Hudson kontrakt med Epic Records. Direktøren for selskapet, L.A. Reid, og Clive Davis kom saman for å bidra til det fyrste albumet hennar for Epic, for fyrste gong sidan Whitney Houston laga The Bodyguard-soundtracket for 25 år sidan.[85]
Hudson hadde også nokre mindre filmroller, som i Spike Lee sin musikal Chi-Raq, og i Confirmation ved HBO i lag med Kerry Washington.
I desember 2016 spelte Hudson Motormouth Maybelle i NBC sin Hairspray Live!... Versjonen hennar av ein ballade knytt til borgarrettsrørsla, «I Know Where I've Been», imponerte publikum og kritikarar.[86] Under rulleteksten song Hudson duett med medskodespelaren Ariana Grande på Shaiman og Wittman sin «Come So Far».
Hudson gav røyst til den unge versjonen av figuren Nana Noodleman i Illumination Entertainment-filmen Sing, som kom ut 21. desember 2016. I filmen song ho The Beatles-klassikaren «Golden Slumbers/Carry That Weight», som var det gjentakande musikalske temaet i filmen. På deluxe-soundtracket syng Hudson ein duettversjon av Leonard Cohen sin «Hallelujah» med Tori Kelly.[87]
2017-no: Sandy Wexler, The Voice, Cats, Respect og ny musikk
endreHudson spelte songaren Courtney Clarke i filmen Sandy Wexler, som hadde premiere i april 2017.[88] I byrjinga av 2017 byrja Hudson som trenar i The Voice-franchise då ho blei med i den sjette sesongen av The Voice UK.[89] Ho og artisten Mo Adeniran vann sesongen, og ho blei med det den fyrste kvinnelege treneren til å vinna showet. Hudson hadde også vore med som trenar i den amerikanske versjonen av The Voice i den trettande sesongen.[90]
Hudson gav ut «Remember Me» 3. mars 2017. Den 12. desember 2017 gav ho ut ein ny song, «Burden Down». Same dagen framførte ho «Remember Me» live for fyrste gong under semifinalen av The Voice. Seinare kom det òg ut ein musikkvideo for singelen.[91]
Hudson var trenar att i neste serie av The Voice UK; denne blei sendt frå 6. januar 2018 til 7. april, og artisten ho støtta, Belle Voci, enda på tredjeplass. 27. januar 2018 erklærte Clive Davis at Hudson var blitt vald ut av Aretha Franklin til å spela henne i ein biografisk film med ei forventa utgjeving i 2021.[92]
Jennifer Hudson opptredde i lag med D.C. Choir under March for Our Lives mot skytevåpenvald i Washington, D.C., den 24. mars 2018.[93][94] Ho var trenar att for den femtande sesongen av amerikanske The Voice etter å ha tatt pause i ein sesong.[95] Artisten ho trente, Kennedy Holmes, enda på fjerdeplass. Hudson var òg med i den åttande serien av The Voice UK.[96] I 2018 fekk ho rolla som Grizabella i filmversjonen av musikalen Cats, som kom ut i 2019.[97]
Aretha Franklin-fimen Respect, regissert av Liesl Tommy, kom ut i august 2021.[98] For framføringa si fekk Hudson President's Award på Palm Springs International Film Festival og blei nominert til Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role.[99][100] Med filmen følgde det eit lydband sunge heilt av Hudson med cover av fleire av Franklin sine songar og ein original song for Hudson, «Here I Am (Singing My Way Home)», som blei gjeven ut som singel i juni 2021.[101] Songen gav Hudson nominasjonar til Golden Globe Award for Best Original Song og Grammy Award for Best Song Written for Visual Media.[102][103] Soundtracket til filmen blei nominert til Grammy Award for Best Compilation Soundtrack for Visual Media.[104]
19. august 2021 hadde Hudson eit show på Apollo Theater i New York kalla Jennifer Hudson - Live at the Apollo: A Night of Soul.[105]
21. august framførte Hudson «Nessun Dorma» ved We Love NYC: The Homecoming Concert i Central Park, i lag med New York Philharmonic.[106]
I september 2021 vann Hudson ein Daytime Emmy Award for Outstanding Interactive Media for a Daytime Program for å ha vore ansvarleg produsent for Baba Yaga, ei 27 minutt lang interaktiv eventyrsoge laga for Oculus Quest.[107]
I februar 2022 var Jennifer Hudson ein av dei største vinnarane på NAACP Image Awards 2022. Ho vann Entertainer of the Year og Outstanding Actress in a Motion Picture for framstillinga av Aretha Franklin i filmen Respect.[108] I mai 2022 blei Hudson nominert til Tony Award for Best Musical for å ha vore produsent for Broadway-musicalen A Strange Loop.[109] 12. juni 2022 var Hudson ein av sytten personar som hadde vunne ein Oscar, ein Emmy, ein Grammy og ein Tony (EGOT) ved den 75. utdelinga av Tony-prisane.[110]
Eit talkshow leia av Hudson, The Jennifer Hudson Show, blei lansert den 12. september 2022.[111]
Diskografi
endre- Jennifer Hudson (2008)
- I Remember Me (2011)
- JHUD (2014)
Kjelder
endre- ↑ «With the Tony-winning 'A Strange Loop,' Jennifer Hudson becomes an EGOT recipient». Los Angeles Times (på engelsk). 13. juni 2022. Henta 13. juni 2022.
- ↑ 2,0 2,1 Toomey, Alyssa (13. november 2013). «Jennifer Hudson Honored With Star on Hollywood Walk of Fame—Take a Look!». E! Online. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson: The 100 Most Influential People of 2020». Time. Henta 10. desember 2020.
- ↑ «Jennifer Hudson Joins U.K. Version of 'The Voice' as Coach». Variety. September 29, 2016. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Monitor». Entertainment Weekly (1276). 13. september 2013. s. 28.
- ↑ «Person: Jennifer Hudson: Biography». Allmovie. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Social Security Death Index». Ssdi.rootsweb.ancestry.com. 15. juli 2010. Arkivert frå originalen September 24, 2017. Henta 24. september 2017.
- ↑ Hoekstra, Dave (16. desember 2006). «Living the dream». Chicago Sun-Times. Arkivert frå originalen 4. februar 2009. Henta 8. juli 2009.
- ↑ «Yahoo Biography». Yahoo!. Arkivert frå originalen 28. juni 2011. Henta 10. mars 2011.
- ↑ «For Oscar nominee Jennifer Hudson, all roads lead back to church: 'I don't do clubs'». International Herald Tribute. 20. februar 2007. Henta September 13, 2008.
- ↑ «Jennifer Hudson 1981–». Biography Today 17 (1): 50. 2007. ISSN 1058-2347.
- ↑ World Entertainment News Network (7. februar 2008). «Dreamgirls Star Hudson Dreams Of Houston Duet». Female First. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Mariah Carey Is Here and the Coaches are Losing Their Minds – The Voice 2018 (Digital Exclusive)». YouTube. Arkivert frå originalen 28. oktober 2021.
- ↑ Colander, Pat. «TRUE CRIME: Academy-Award winner Jennifer Hudson was Cinderella, until she wasn't». nwitimes.com (på engelsk). Henta 11. desember 2021.
- ↑ Biography Today, p. 51.
- ↑ Colander, Pat. «True Crime: Academy-Award winner Jennifer Hudson was Cinderella, until she wasn't». Nwitimes.com (på engelsk). Henta 19. desember 2017.
- ↑ «'Idol' Jennifer Hudson Says She Was Robbed». MTV. 23. april 2004. Henta 24. september 2017.
- ↑ Silverman, Stephen M. (November 8, 2008). «Jennifer Hudson Moves to 'Better Place'». People. Henta September 24, 2017.
- ↑ May 21, 2009, The 10 Greatest 'American Idol' Contestants Of All Time: Latest champ Kris Allen didn't make our list, but you might be surprised by who did. James Montgomery, MTV.
- ↑ Shirley Halperin (May 31, 2010). «The ultimate 'American Idol' power ranking: 120 contestants on, Kelly Clarkson still reigns supreme». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 11. mars 2011. Henta 10. mars 2011.
- ↑ «Jennifer Hudson sings 'Over It'». YouTube. 7. september 2005. Arkivert frå originalen 7. desember 2013. Henta 9. juli 2006.
- ↑ «Jennifer Hudson signs with Clive Davis». MSNBC. 21. november 2006. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson – Jennifer Hudson (CD, Album) at Discogs». Discogs. Henta 24. september 2017.
- ↑ Sara Vilkomerson (3. desember 2006). «Dreamgirls Wakes Up». The New York Observer. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Hudson steals 'Dreamgirls,' flirts with Oscar». Reuters. December 11, 2006. Henta 24. september 2017.
- ↑ Michael Pollan (22. desember 2006). «The Best of 2006: Jennifer Hudson's rendition of "And I Am Telling You"». Culturekitchen.com. Henta 9. november 2008. [daud lenkje]
- ↑ Ruben V. Nepales (17. januar 2007). «Golden Globe winners have ties, memories of RP». Global Nation. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 11. september 2007.
- ↑ WENN (13. februar 2007). «Hudson Makes History with 'Vogue' Cover». Hollywood. Henta 11. september 2007.
- ↑ «In brief: Chicago celebrates Jennifer Hudson Day». The Guardian (London). 7. mars 2007. Henta September 24, 2017.
- ↑ «City honours actress with own day». BBC News. 7. mars 2007. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Film Academy Invites 115 New Members». ABC7. Associated Press. 19. juni 2007. Arkivert frå originalen February 21, 2008. Henta September 13, 2008.
- ↑ Leslie Unger (June 18, 2007). «Academy Invites 115 to Become Members». Oscars. Arkivert frå originalen 24. desember 2007. Henta September 13, 2008.
- ↑ Geier, Thom; Jensen, Jeff; Jordan, Tina; Lyons, Margaret; Markovitz, Adam; Nashawaty, Chris; Pastorek, Whitney; Rice, Lynette; Rottenberg, Josh; Schwartz, Missy; Slezak, Michael; Snierson, Dan; Stack, Tim; Stroup, Kate; Tucker, Ken; Vary, Adam B.; Vozick-Levinson, Simon; Ward, Kate (December 11, 2009), "THE 100 Greatest MOVIES, TV SHOWS, ALBUMS, BOOKS, CHARACTERS, SCENES, EPISODES, SONGS, DRESSES, MUSIC VIDEOS, AND TRENDS THAT ENTERTAINED US OVER THE PAST 10 YEARS". Entertainment Weekly. (1079/1080):74-84.
- ↑ Leslie Simmons (September 11, 2007). «Hudson moves to 'Sex and the City' movie». The Hollywood Reporter. Henta 24. september 2017.
- ↑ 35,0 35,1 «Winnie – Jennifer Hudson and Terrence Howard». Myweku.com. November 18, 2010. Arkivert frå originalen January 29, 2013. Henta March 10, 2011.
- ↑ «Jennifer Hudson Interview on Winnie, Weight Loss, New Album, More». The Daily Beast. archive.is. February 20, 2011. Arkivert frå originalen February 22, 2011. Henta September 24, 2017.
- ↑ Fleming, Michael (November 17, 2009). «Jennifer Hudson to star in 'Winnie'». Variety. Henta September 24, 2017.
- ↑ «South African actors 'want Hudson out of Mandela film'». ABC. December 7, 2009. Henta September 24, 2017.
- ↑ Josh Grossberg. «Jennifer Hudson's Winnie Mandela Trailer Hits the Web—Watch!». Henta September 24, 2017.
- ↑ «Winnie Mandela @ ComingSoon.net». Comingsoon.net. Arkivert frå originalen 11. desember 2013. Henta 24. september 2017.
- ↑ Jonathan Cohen (May 19, 2008). «Debut Jennifer Hudson Album Due In September». Billboard. Henta September 24, 2017.
- ↑ Wilson Morales (7. mai 2008). «Sex and the City: The Movie». Black Film. Henta 24. september 2017.
- ↑ John Bracchitta (January 19, 2009). «Carrie Underwood and Jennifer Hudson to perform at Grammy Awards». Henta September 24, 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson Wasn't Singing». inmusic.ca. Henta 7. august 2009. [daud lenkje]
- ↑ «Hudson's Emotional Return». Yahoo! Music. 1. februar 2009. Arkivert frå originalen 5. februar 2009. Henta 1. februar 2009.
- ↑ «Jennifer Hudson to Sing National Anthem at Super Bowl». People. 14. januar 2009. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Hudson performs for first time since Oct slayings». Apnews.myway.com. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson Takes Throat Forced Break From Tour, Postpones Final Dates». Singersroom.com. 5. mai 2009. Henta 24. september 2017.
- ↑ Powers, Ann; Martens, Todd (7. juli 2009). «Michael Jackson memorial: Jennifer Hudson sings 'Will You Be There'». Los Angeles Times. Henta 24. september 2017.
- ↑ Joyce Eng (7. oktober 2009). «Jennifer Hudson Locks in Christmas Special». TV Guide. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Hope For Haiti's Total Now At $61 Million – And Counting». Multichannel News. January 26, 2010. Arkivert frå originalen 16. juni 2011.
- ↑ Michelle Tan (April 1, 2010). «Jennifer Hudson Is the New Face–and Body!–of Weight Watchers». People. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson: New face of Weight Watchers». CNN. 1. april 2010. Arkivert frå originalen 8. april 2010.
- ↑ «Jennifer Hudson Instyle Confession – Size 16 to 6 and Lost 56 Pounds». National Ledger. 4. august 2010. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson's Incredible Weight Loss». Oprah.com. 10. februar 2011. Henta 24. september 2017.
- ↑ Swerdlick, David (21. desember 2011). «I Got This: Jennifer Hudson's Latest Book». Theroot.com. Arkivert frå originalen 6. april 2012. Henta 9. april 2012.
- ↑ Arceneaux, Michael (7. juni 2011). «Jennifer Hudson Lands Book Deal». BET. Henta 24. september 2017.
- ↑ I Got This: How I Changed My Ways and Lost What Weighed Me Down, Jennifer Hudson. New York: Dutton (2012) ISBN 978-0525952770
- ↑ «Who Wants a Whitney & Jennifer Hudson Duet?». E! Online. September 18, 2009. Henta September 24, 2017.
- ↑ Brian Mansfield (30. mars 2011). «Chris Brown, Jennifer Hudson debut in The Billboard 200's two top spots». USA Today (Content.usatoday.com). Henta 24. september 2017.
- ↑ Review Arkivert 1. mars 2011 ved Wayback Machine.
- ↑ «Snippet». Rap-Up.com. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Top Hip-Hop and R&B Songs & Singles Charts». Billboard. Henta 24. september 2017.
- ↑ Hudson's chart history at Billboard.com
- ↑ «iTunes – Music – No One Gonna Love You (Remixes) by Jennifer Hudson». Itunes.apple.com. July 13, 2011. Henta 24. september 2017.
- ↑ «No One Gonna Love You (Jason Nevins Extended Remix): Jennifer Hudson: Amazon.co.uk: MP3 Downloads». Amazon.co.uk. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson confirms new single 'No One Gonna Love You' – Music News». Digital Spy. 23. juni 2011. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Hot R&B/Hip-Hop Songs – Week of June 16, 2011». Billboard. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson's Next Single Will Be... - ..::That Grape Juice // ThatGrapeJuice.net::.. -- Thirsty?». Thatgrapejuice.net. 21. september 2011. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson Music News & Info». Billboard. 5. juli 2011. Henta 24. september 2017.
- ↑ McClintock, Pamela (June 1, 2011). «Jennifer Hudson Cast as a Nun in 'Three Stooges'». The Hollywood Reporter. Henta September 24, 2017.
- ↑ Kia Makarechi (February 14, 2012). «Jennifer Hudson's Whitney Houston Grammy Tribute, "I Will Always Love You"». HuffPost. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson joins NBC's 'Smash'». Entertainment Weekly. June 22, 2012. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Update: Jennifer Hudson to sing with Sandy Hook chorus». Entertainment Weekly. Associated Press. January 31, 2013. Arkivert frå originalen 26. oktober 2014. Henta 24. september 2017.
- ↑ Samantha Highfill (February 20, 2013). «Jennifer Hudson, Catherine Zeta-Jones, and 'Les Mis' cast to sing at Oscars». Entertainment Weekly. Henta September 24, 2017.
- ↑ «Macklemore VMA Performance: Macklemore & Ryan Lewis Play 'Same Love' At Barclays». HuffPost. August 25, 2013. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson's 'I Can't Describe (The Way I Feel)'». HuffPost. September 22, 2013. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Jennifer Hudson Stuns In 'Angeleno' / Dishes On New Album - ..::That Grape Juice // ThatGrapeJuice.net::.. -- Thirsty?». Thatgrapejuice.net. August 28, 2013. Henta 24. september 2017.
- ↑ Lopez, Korina (3. juli 2014). «Ready for the title of Jennifer Hudson's album? 'JHUD'». USA Today. Henta 24. september 2017.
- ↑ «Oscars 2015: Jennifer Hudson Performs 'I Can't Let Go' for In Memoriam». Billboard. February 23, 2015. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ Brantley, Ben (December 11, 2015). «Review: 'The Color Purple' on Broadway, Stripped to Its Essence». The New York Times. Henta October 2, 2018.
- ↑ «The Color Purple Cast Album Wins the Grammy - Playbill». Playbill.com. February 12, 2017. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ The Color Purple (21. april 2016). «A Tribute to Prince from the cast of The Color Purple - THE COLOR PURPLE on Broadway». YouTube. Arkivert frå originalen 28. oktober 2021. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ «Jennifer Hudson, Sheila E., Stevie Wonder, Janelle Monée and More Honor Prince with Stunning BET Awards Tributes». People. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ «Jennifer Hudson Signs With Epic Records». Billboard. June 28, 2016. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ «Watch: Jennifer Hudson dominates 'Hairspray Live!' with one powerful number». USA Today. Henta October 2, 2018.
- ↑ «Amazon.com: Sing (Original Motion Picture Soundtrack / Deluxe): Various artists: MP3 Downloads». Amazon. 22. desember 2016. Arkivert frå originalen 22. desember 2016. Henta 11. oktober 2019.
- ↑ Debruge, Peter (April 15, 2017). «Film Review: Adam Sandler's 'Sandy Wexler'». Variety. Henta October 2, 2018.
- ↑ Darvill, Josh (December 29, 2016). «The Voice UK 2017 coaches CONFIRMED! Sir Tom Jones is back and Jennifer Hudson joins». TellyMix. Arkivert frå originalen 13. juli 2018. Henta 29. september 2016.
- ↑ Evans, Greg (May 10, 2017). «Jennifer Hudson Boards NBC's 'The Voice' As Season 13 Coach». Deadline. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ «Burden Down - Single by Jennifer Hudson». Itunes.apple.com. 12. desember 2017. Henta 2. oktober 2018.
- ↑ Kreps, Daniel (January 28, 2018). «Jennifer Hudson to Portray Aretha Franklin in Biopic». Rolling Stone. Arkivert frå originalen June 30, 2018. Henta February 11, 2018.
- ↑ CBS Miami. "Jennifer Hudson, D.C. Choir Perform At March For Our Lives". (24. mars 2018).
- ↑ C-SPAN. "March for Our Lives Rally". (24. mars 2018).
- ↑ Pedersen, Erik (11. mai 2018). «'The Voice': Kelly Clarkson & Jennifer Hudson Returning As Coaches For Season 15». Deadline (på engelsk). Henta May 18, 2018.
- ↑ «Jennifer Hudson, will.i.am, Olly Murs, and Sir Tom Jones return as coaches on The Voice UK». Channel24. 1. januar 2019. Henta 1. januar 2019.
- ↑ «Jennifer Hudson Joins CATS Film Adaptation as Grizabella; Ian McKellen, Taylor Swift, and James Corden In Talks». Broadway World. 19. juli 2018. Henta 19. juli 2018.
- ↑ McNary, Dave (10. januar 2019). «Liesl Tommy to Direct Aretha Franklin Biopic 'Respect'». Variety. Henta 21. januar 2019.
- ↑ Welk, Brian (22. november 2021). «Jennifer Hudson to Receive Chairman's Award at Palm Springs Film Festival». The Wrap. Henta 3. februar 2022.
- ↑ SAG Awards Nominations: ‘House Of Gucci’, ‘Power Of The Dog’, ‘Succession’, ‘Ted Lasso’ Top Lists Deadline Hollywood, 12. januar 2022
- ↑ McCollum, Brian. «Get a first look at never-before-seen photos of Jennifer Hudson as Aretha Franklin in 'Respect' biopic». USA Today (på engelsk). Henta 30. juni 2020.
- ↑ Golden Globes 2022: The Complete Nominations List Variety, 13. desember 2021
- ↑ «2022 GRAMMYs Awards: Complete Nominations List». GRAMMY.com (på engelsk). 23. november 2021. Henta 14. juni 2022.
- ↑ 2022 Nominations List Retrieved June 14, 2022
- ↑ «Jennifer Hudson Performs at the Apollo Theater, NY! Presented by MASTERCARD!». la-story. 20. august 2021. Henta 23. august 2021.
- ↑ «Watch Jennifer Hudson Perform 'Nessun Dorma' at NYC 'Homecoming' Concert». rollingstone. 21. august 2021. Henta 23. august 2021.
- ↑ Lash, Jolie (9. september 2021). «Jennifer Hudson's a Tony away from an EGOT with new Emmy — and she's already got the ring for it». ENTERTAINMENT WEEKLY. Henta 11. september 2021.
- ↑ «NAACP Image Awards 2022: See who won». CNN. February 27, 2022. s. 1. Henta March 1, 2022.
- ↑ Strause, Jackie (9. mai 2022). «Jennifer Hudson Is One Step Closer to EGOT Status After Tony Nomination». THE HOLLYWOOD REPORTER. Henta 9. mai 2022.
- ↑ Nordyke, Kimberly (June 12, 2022). «Jennifer Hudson EGOTs With Tony Win for Producing 'A Strange Loop'». Variety. Henta 13. juni 2022.
- ↑ Goldberg, Lesley (June 16, 2022). «Here's When Jennifer Hudson's Daytime Talk Show Will Premiere». Billboard. Henta 16. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Jennifer Hudson» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2023.