Jesu, der du meine Seele

Jesu, der du meine Seele, BWV 78, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach. Kantaten er kanskje best kjend for den andre satsen, ein livleg duett for sopran og alt kalla «Wir eilen mit schwachen, doch emsigen Schritten».

Jesu, der du meine Seele
BWV 78
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring10. september 1724
Publiseringsdato1870
Typisk lengd20:13
Satsar/akter7

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den fjortande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 10. september. Han vart framført ein gong til av Bach i Leipzig, ein gong mellom 1735 og 1740.

Teksten er henta frå Johann Rist (første og siste sats), medan resten er av ukjend opphavsmann. Koraltemaet er basert på salmen «Jesu, der du meine Seele» av Johann Rist (1641).

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tverrfløyter, to oboar, to fiolinar, cello, violone, bratsj og basso continuo med orgel, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor. Det er òg valthorn i continuoen for opningskoralen.

Det består av sju satsar:

  1. «Jesu, der du meine Seele», koral
  2. «Wir eilen mit schwachen, doch emsigen Schritten», duett for sopran & alt
  3. «Ach, ich bin ein Kind der Sünden», tenor resitativ
  4. «Dein Blut, so meine Schuld durchstreicht», tenorarie
  5. «Die Wunden, Nägel, Kron', und Grab», bass resitativ
  6. «Nun, du wirst mein Gewissen stillen», bassarie
  7. «Herr, ich glaube, hilf mire Schwachen», koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre