Johannes A. Bøe

norsk politikar

Johannes Andreasson Bøe (29. desember 1882oktober 1970) var ein norsk lærar og politikar frå Herøy i Møre og Romsdal, og som representerte Oppland og ArbeidarpartietStortinget i åra frå 1925 til 1945.

Johannes A. Bøe
Fødd29. desember 1882
Dødoktober 1970
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Bøe var son til ein gardbrukar på matrikkelgarden Indre-Bø i Herøy på Sunnmøre. I 1900 gjekk han mellomskulen i Volda, og tok i 1905 eksamen ved lærarskulen på Elverum. Dei neste åra var han lærar i Ålesund 1906, Balsfjord 1907-08, på Moldtustranda i Herøy 1909-11, Nordre Land 1911-14 og i Eidskog 1915. Frå hausten 1915 underviste han ved Randsfjord Folkehøgskule, i tida 1920-42 som fyrstelærar. Under andre verdskrigen var han aktiv i motstandsrørsla. Frå 1948 var han leiar av Noregs Bank si avdeling på Gjøvik.

Åra 1918-22 var Bøe formann i Jevnaker skulestyre. Han var varaordførar i heradet 1919-22 og deretter ordførar 1922-25. Hausten 1924 vart han så vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet frå Oppland fylke, og sidan attvald ved dei neste fire stortingsvala. På Stortinget var han medlem i Landbrukskomiteen fram til 1930, deretter hadde han plass i Administrasjonskomiteen, frå 1937 som sekretær. Utanfor Stortinget var han elles medlem i Barnetrygdkomiteen av 1934.

I 1945 kom Bøe tilbake som ordførar i Jevnaker, ein posisjon han hadde til 1947. Han var formann eller sekretær i Jevnaker arbeiderparti gjennom fleire år, og i styret til Oppland Arbeiderblad.

Kjelder endre