Karl Johan Pettersen

Karl Johan Pettersen (fødd 16. juni 1826 i Tromsø, død 10. februar 1890) var ein norsk geolog, skulemann, politikar og tollkasserar. Han kartla store delar av Troms og Finnmark geologisk. Pettersen var ein av grunnleggjarane av Tromsø Museum, som han styrte frå 1872 og fram til han døydde.

Karl Johan Pettersen
Fødd16. juni 1826
Død10. februar 1890
Yrkegeolog
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Biografi endre

Etter examen artium i 1844 og examen philosophicum året etter starta han på geologistudiene ved universitetet i Christiania, og han vart cand.min. i 1849. Han gjekk så på bergskulen på Kongsberg og reiste tilbake til Tromsø då han var ferdig. Her arbeidde han som forretningsførar hos ein av brørne sine fram til 1855.

Pettersen var adjunkt og kasserar ved Tromsø lærde skule frå 1855 til 1877. I 1877 vart han utnemnd som tollkasserar og hadde dette virket til han døydde. Han fekk då større høve til å utøve geologisk kartlegging og forsking. Etter kvart strekte det geologiske feltarbeidet han seg frå Saltfjorden i sør til Magerøya i nord og til dels inn i Sverige. Under arbeidet oppdaga han ein ny bergart, som fekk namnet sagvanditt etter funnstaden i Balsfjord i Troms.

Pettersen synte stor interesse for tilhøva i Ishavet. Han medverka til at ishavsskipparane frå Tromsø gjorde observasjonar over drivis og samla inn materiale frå dei arktiske øyane. Fleire gonger foreslo han norske ekspedisjonar til Arktis.

I alt publiserte Pettersen meir enn 70 artiklar, om lag halvparten vart trykt utanfor Noreg og nokre av di på fleire språk. Pettersen hadde eit stort internasjonalt kontaktnett, og det ser ut til at arbeidet hans vart meir verdsett internasjonalt enn nasjonalt. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1868 og fleire utanlandske vitskaplege foreiningar. Året før han døydde var han òg medlem av Videnskabs-Selskabet i Christiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi).

Pettersen var medlem av bystyret i Troms i fleire år. Smaman med seinare statsminister Johannes Steen var han redaktør for Tromsø Stiftstidende frå 1862 til 1863. Han var òg med i komiteen som planla jernbanetraseen frå dei svenske malmfelta til Noreg. Gjennom avisene diskuterte han vegnett, fangst og fiske, samespørsmål, klimaforandring, skulespørsmål og mykje meir. Særleg arbeidde han for å få oppretta eit museum i amtet, og i 1872 vart det vedteke å opprette Tromsø Museum. Pettersen var styremedlem i museet frå starten og formann i styret det siste året før han døydde.

Verk endre

  • Bibliografi i NFL, bd. 4, 1896, s. 449–452, og i Foslie 1890
  • Om vort højere Skolevæsens principmæssige Organisation, Tromsø 1860
  • Lappesagen i Tromsø Amt (sm.m. O. C. Berge), tillegg til Tromsø Stiftstidende nr. 105/1868
  • Geologiske Undersøgelser i Tromsø Omegn, i DKNVS Skr. i 19. Aarh., bd. 5, hf. 2, Trondheim 1868, s. 113–240, forts. som Geologiske Undersøgelser i Tromsø Amt, del 2–4, ibid., bd. 6, 1870, s. 39–165 og bd. 7. 1873, s. 97–176 og 257–444
  • Om Jernbaneanlæg mellem den bottniske Bugt og en af Fjordbundene inden Tromsø Amt, Tromsø 1873
  • Bidrag til det nordlige Norges Orografi, i Archiv for Mathematik og Naturvidenskab, bd. 1, 1876, s. 367–437
  • Det nordlige Norge under Glacialtiden og dennes Afslutning, del 1–4, i Tromsø Museums Aarshefter 1882, s. 64–92, 1884, s. 1–46, 1885, s. 1–43 og (posthumt) 1891, s. 1–35
  • Sagvandit – en ny Bergart, ibid. 1883, s. 72–80
  • Den nordnorske Fjeldbygning, del 1–3, ibid. 1887, s. 1–174, 1888, s. 1–76 og 1889, s. 91–181

Kjelder endre

«Karl_Johan_Pettersen» av Tore O. Vorren i Store norske leksikon, snl.no.