For monosakkaridet, sjå Ketose i kjemi.

Ketose er ein tilstand hjå dyr og menneske med auka mengder av ketonar i blodet. Dette skjer når levra omformar feitt til feittsyrer og ketonar. Ketonar kan nyttast som ei alternativ energikjelde til glukose.

Hjå mjølkedyr er ketose ein sjukdom.

Ketose hjå menneske endre

Ketoseprinsippet er brukt under slanking, der ein passar på å få i seg nok vatn og vitaminar.

På ein slik kur vert kroppen tømd for glykogen og kroppen må då finne andre næringskjelder for å dekke energibehovet. Det skjer ved at kroppen hentar ut energi frå feittlageret i kroppen og feittforbrenninga dannar ketonar. Ketonane frigjer feitt og omdannar det til energi. I ein overgangsfase, når glykogenlageret er på veg ned og før ketosen har starta, vil ein kjenne seg meir eller mindre konstant svolten. Dette er kroppen sitt signal om at han treng meir energi, altså mat. Etter 3-5 døgn går kroppen inn i ketose og ein vil kjenne ein god energi i kroppen og ikkje lenger svolt. Dette gjev eit godt overskot til trening som aukar feittforbrenninga ytterlegare. Om ein får i seg noko som helst mat eller drikke som inneheld karbohydrater vil dette fylle glykogenlageret i kroppen att, og ein går ut av ketosen.

Ein person i ketosefasen vil òg merke at kroppen og pusten byrjar å lukte ubehageleg av aceton.

Ketose hjå sau endre

Sau kan få ein sjukdom kalla drektigheitsforgifting som har same årsak og symtomar som ketose hjå ku og geit. Men hjå sau kan denne sjukdomen vise seg allereie i drektigheitstida - som forklarar namnet.

Søya kan få for lite lettomsettelege karbohydratar allereie mot slutten av drektigheitstida, særleg dersom ho ber på meir enn eitt lam. Førebyggjing og behandling er omtrent den same som Ketose hjå ku og geit.

Ketose hjå mjølkedyr endre

Ketose er ein sjukdom som råkar mjølkekyr og mjølkegeit stutt tid etter ei kalving eller kjeing. Dei sjuke dyra får dårleg allmenntilstand, mindre matlyst, dette gjeld særleg kraftfôret, og mindre mjølkemengd. Førekomsten har gått ned dei siste åra.

Ketose oppstår ved at det blir ei ubalanse i stoffskiftet når dyra tapar mykje energi i form av glukose gjennom mjølka. Dette skjer etter at kua eller geita har kome godt i gang med mjølkeproduksjonen, eller at dei har fått nedsett appetitt som fylgje av at dei har andre sjukdomar.

Sjukdomsforløp endre

Når juret får for lite glukose til sin produksjon, forsøkjer kua å utnytte dei energireservane som er lagra i feittdepota, for å skaffe energi. Omdanning av feitt til glukose, som er den forma for energi som juret kan nytte, skjer i levra. Behovet for å omdanne feittreservar til glukose kan bli større enn det kroppen rår med, slik at det hopar seg opp mellomprodukt som gjev uheldige verknadar. Desse mellomprodukta blir kalla ketonstoff, og dei har gjeve namnet til sjukdomen. Ved byrjande tendens til ketose, får dyra dårleg appetitt. Vanlegvis vrakar dei kraftfôret fyrst, deretter surfôr og rotvekstar, medan dei held fram med eting av høy. Som fylgje av dette blir tilgangen på karbohydratar redusert ytterlegare, og dyret går inn i ein vond sirkel. For liten tilgang på stoff som trengst for å forbrenne feittet, fører til opphoping av halvvegs nedbrote feitt, sokalla ketongrupper, i blodet. Desse sirkulerar i blodet og blir skilt ut i urinen. Ketonstoffa har ei karakteristisk søtleg luft, som kan kjennast både frå urin og utandingsluft. Stoffa gjev utslag på spesielle indikatorar, sokalla ketotestar.

Førebygging endre

Den beste måten å førebygge ketose på er å sørgje for god og allsidig fôring med appetittvekkjande fôrslag. Rett etter kalving må ein byrje opptrappinga av fôret, og vommiljøet i magen taklar fint ei kraftfôrauke på 500 gram per dag, til det kjem på eit passeleg nivå mellom to og fire kilo kraftfôr dagleg.

Kjelde endre

  • Husdyrlære av Torger Gjefsen, utgjeve av Tun forlag
  • CMS Norge (2005). EasyLife - kurshefte. Drammen: Club Marketing & Management Services AS.