Geit

(Omdirigert frå Kjeing)
Geit
Geit
Geit
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Underfamilie: Caprinae
Slekt: Capra
Art: Villgeit C. aegagrus
Underart: Geit C. a. hircus
Vitskapleg namn
Capra aegagrus hircus

Geit (Capra aegagrus hircus) er ein tamd underart av villgeit som er å finna i Sørvest-Asia og Aust-Europa, eit klauvdyr som er nært i slekt med sauen.

Geita har vore i bruk som husdyr over store delar av verda i fleire tusen år. Ein har fått mellom anna mjølk, kjøt, hår og skinn frå dyret. Frå slutten av nittenhundretalet har geita også vorte noko utbreidd som kjæledyr.

Historie endre

 
Geiter på fjellet

Geita vart først tamd for om lag 10 000 år sidan i dei iranske Zargosfjella.[1] Gamle stammekulturar heldt dyr for å få jamn tilgang til mjølk, hår, mat og skinn. Dei tamde geitene blei haldne i flokk, og beita mens dei var påpassa av gjetarar som vanlegvis var ungdom eller barn. Slik gjeting blir praktisert den dag i dag.

I historia har geitehud vorte brukt som vesker og som ei slags flaske til å vatn eller vin i under både reising og transport og sal av vin. Huda vart òg brukt som pergament, som var det vanlegaste materialet å skriva på i Europa før boktrykkjarkunsten vart oppfunnen.

Formeiring endre

 
Killingar

I nokre klimasoner kan geiter formeira seg heile året, men i nordlege område byrjar paringstida når dagane blir kortare, og varar til tidleg om våren. Ho-geitene er mottakelege kvar 21. dag i 2-48 timar. Ei mottakeleg ho-geit viftar ofte med halen og held seg i nærleiken av bukken dersom det er mogleg, brekar meir, og kan også mista matlyst eller minke mjølkeproduksjonen. Bukkar i nordlege område blir brunstige om hausten samstundes som ho-geitene vert mottakelege. Karakteristisk for brunsttida er lågare matlyst og stor interesse for ho-geiter.

I tillegg til vanleg paring har bønder som driv med avl teke i bruk kunstig befruktning for å få dyr med eigenskapane dei ønskjer på enkelt vis.

Geitene er drektige i om lag 150 dagar og dei får som oftast tvillingar, men trillingar er òg vanleg. Mindre vanleg er firlingar, femlingar og sekslingar. Fødselen skjer vanlegvis utan komplikasjonar eller hjelp frå menneske. Mora et gjerne morkaka som er full av næringsstoff som til dømes oxytocin.

Mjølkeproduksjonen startar så snart geita har fødd killingane sine. Produksjonen varierer med rase, alder og dyret sine matvanar; mjølkegeiter produserer generelt sett om lag 660 til 1.800 liter mjølk på 305 dagar. I snitt produserer ei god mjølkegeit 2,7 liter mjølk om dagen. I enkelte tilfelle kan ei geit produsera så mykje som 7,3 liter mjølk. Rasar som ikkje er rekna som høvelege til mjølking produserer ikkje meir enn det killingane deira har bruk for.

Ernæring endre

Geiter har eit rykte på seg for å gå laus på kva det skal vera, og er kjende for å ha sansen for tobakk. Mange bønder brukar billege hybridgeiter (ikkje rasegeiter) for å halda vegetasjonen i sjakk. Fordi geiter heller et ugras enn kløver og gras, vert dei bruka til å halda beiteområde for andre dyr buskfrie. Geiter har ei ganske robust fordøying som bryt ned nesten alle organiske materiale til næringsstoff dei kan utnytta.

Det er lite frå den botaniske verda ei geit ikkje ville ha ete, enkelte av plantane dei et er jamvel skadelege eller giftige for kveg og sauer, og difor kan geitene vera verdfulle i bruk for å kontrollera giftig ugras og halda borte kratt og buskas. Men dei et sjeldan skiten mat eller skite vatn om dei ikkje svelt og tørstar.

Geiter et ikkje søppel, emballasje eller klede, men kan gjerne finna på å eta materiale laga av tre, eller anna plantefiber. Ryktet om at dei faktisk et slike ting har mykje å gjera med at dei er nysgjerrige av natur, og gjerne utforskar det ukjende. Dette gjer dei med den følsame overleppa og tunga.

Bruk endre

Ei geit kan vera lika mykje til bruk levande som daud, då ho kan gje frå seg mjølk og hår. Nokre organisasjonar som driv med velgjerd sender geiter til fattige i Afrika. Grunnen til at geiter blir brukt til dette er fordi dei er lettare å handtera enn til dømes kveg.

Kjøt endre

Kjøtet frå ei geit kan minna om smaken av lammekjøt, men enkelte meiner òg smaken kan likna kalv eller hjort etter kor gamalt dyret er. Ein kan gjera mykje med kjøtet, som til dømes steiking, grilling, som kjøtdeig, hermetisering, baking, koking av forskjellige slag, eller som spekemat.

Geit har lågare feitt- og kolesterolinnhald enn får, og er difor næringsmessig sunnare, og kan på den måten samanliknast med kylling. Kjøtet inneheld òg fleire mineral enn kylling[2] og mindre metta feitt enn andre slag kjøt[3]. Dette har gjort at kjøt av geit er klassifisert som kvitt kjøt[4]. Ideelt sett skal kjøtet òg kokast lengre og under lågare temperatur enn raudt kjøt[5].

Indre organ som hjerne og lever blir rekna for å vera delikatesser enkelte stader. Hovud og bein av dyret vert røykt eller brukt i suppe.

Mjølk og ost endre

 
Mjølking av geit i Bondhusdalen i Kvinnherad kring 1890.
(Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum)

Geitemjølk er lettare fordøyeleg for menneske enn kumjølk og små born og personar med mjølkeallergi er rådde til å drikka geitemjølk. Mjølka treng ikkje å homogeniserast fordi ho ikkje inneheld proteinet agglutinin. Ho inneheld like mykje laktose som kumjølk (4,7 %).

 
Mjølkegeiter ved Kjøsnesfjorden i Jølster.
Foto: Atle Råsberg

I motsetning til kva mange førestiller seg, smakar ikkje geitemjølk vondt. Når ho er riktig handtert, er mjølka av friske og raske geiter, og har vorte raskt nedkjølt, er smaken behageleg og ikkje skarp. Når ein mjølkar geiter er det viktig å ikkje ha bukkar i nærleiken, fordi den stramme lukta frå bukken kan smitta over i mjølka.

Mjølka kan òg brukast i ost, som til dømes i rocamadour. Fetaost skal vere laga av mjølk frå sau, men geitemjølk vert ofte brukt som erstatning. I Noreg vert det meste av geitemjølka brukt i brunostar som gudbrandsdalsost og brun geitost, sjølv om det no er kome til fleire småskalaprodusentar kring i landet som lagar kvite geitostar.

Skinn endre

Geiteskinn vert framleis brukt til å laga hanskar, skor og andre produkt som inneheld mjukt lêr. Black bengal er ein rase frå Bangladesh som har skinn med særleg høg kvalitet. Skinnet vert òg bruka på enkelte trommer.

Rasar endre

Det finst fleire rasar av geit, til dømes lappgeit og kystgeit.

I kulturen endre

Geiter er nemnde fleire stader i Bibelen. I jødisk matlaging har geita vore rekna som eit reint dyr, og vart slakta når storfolk vitja. Dyret var òg rekna som eit akseptabelt slakt i enkelte offer. På Jom Kippur, den jødiske forsoningsdagen, vart to geiter utvalde og det blei drege lodd for dei. Ei av dei blei ofra mens den andre fekk rømma attende til det frie, der ho symbolsk sett bar med seg folket sine synder, som ein syndebukk. Ein leiar eller konge vart ofte samanlikna med ein bukk som leidde flokken sin. I det nye testamentet samanlikna Jesus dei som følgde han med sauer og vantru med geiter.

I åsatru er geita knytt til Tor, som har to geitebukkar, Tanngrisnir og Tanngnjóstr. Geita er også viktig som julebukk i ulike skandinaviske juleskikkar.

Ordhistorie endre

Det moderne norske ordet geit kjem frå det norrøne ordet 'geit', som har opphav i det urgermanske *gaitaz. Frå dette urgermanske ordet har orda gaits (gotisk), gait (skotsk), geit (norsk), Geiß (tysk) og goat (engelsk) oppstått. Opphavsordet, frå urindoeuropeisk, *ghaidos tyder ung geit (ref. til latin hædus som tyder kje).

Geiter av hannkjønn blir ofte kalla [geite]bukkar og ungdyr for kje eller killingar. Bukk kjem frå det norrøne bukkr eller bokkr.

Det norrøne ordet kið har i moderne norsk blitt til kje, og kiðlingr som er ei norrøn avleiing av kið, finst i dag som killing.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Geit