Kristiansund Ballklubb

Kristiansund Ballklubb (stifta 2. september 2003) er ein norsk fotballklubb frå Kristiansund. Laget vart skipa hausten 2003 etter initiativ frå SpareBank1 Nordvest, og er ei samanslåing på A-lagsnivå av Kristiansund Fotballklubb og Clausenengen Fotballklubb.

Kristiansund BK
Fullt namnKristiansund Ballklubb
KallenamnKBK, Uglan
Grunnlagd2. september 2003
HeimebaneIdrettsplassen
(kapasitet: 1200)
StyreleiarTerje Wiik
HovudtrenarChristian Michelsen
SupporterklubbUglan
LigaOBOS-ligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben spelar denne sesongen i OBOS-ligaen. Noverande hovudtrenar er Christian Michelsen.

Klubben starta sin første sesong, 2004-sesongen, i 3. divisjon. I 2005-sesongen rykte KBK opp til andredivisjon etter å ha slått Volda 4-2 samanlagt i kvalifiseringa. I 2012-sesongen rykte KBK opp til 1. divisjon, etter å ha tapt berre to kampar - begge etter at opprykka var sikra.

KBKs supporterklubb heiter Uglan og vart stifta i 2006.

Tropp endre

Oppdatert 1. juli 2020 [1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Sean McDermott
2   F Joakim Bjerkås
3   F Christoffer Aasbak
4   F Christophe Psyché
5   F Dan Peter Ulvestad
6   F Andreas Hopmark
7   MB Sondre Sørli
8   MB Amidou Diop
9   A Amahl Pellegrino
10   MB Liridon Kalludra
11   A Flamur Kastrati
13   A Bendik Bye
15   F Erlend Sivertsen
Nr. Posisjon Spelar
16   F Ivar Furu
17   MB Olaus Jair Skarsem
18   A Amin Askar
19   F Aliou Coly
20   MB Ousseynou Cavin Diagne
22   MB Bent Sørmo
23   MB Pål Erik Ulvestad
25   K Eirik Holmen Johansen (på lån fra Brann)
26   F Max Normann Williamsen
29   A Faris Pemi Moumbagna
30   K Serigne Mor Mbaye
37   A Oskar Siira Sivertsen

Utlånte spillere endre

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
14   MB Horenus Tadesse (hos Sandnes Ulf til 7. september 2020)
27   MB Sander Lille-Løvø (hos Levanger til 31. desember 2020)
Nr. Posisjon Spelar
  F Marius Berntsen Olsen (hos Levanger til 31. desember 2020)

Historikk endre

 
Kristiansunds Tor Erik Torske i aksjon mot Rosenborg i NM 2008

Samarbeidsklubben blir til endre

Kristiansund Ballklubb vart etablert hausten 2003 etter initiativ frå SpareBank1 Nordvest.

Kristiansund har i snart 100 år hatt mange fotballklubbar som har medverka til ei stor fotballinteresse i byen og regionen omkring. Ein kan nemne dagens aktuelle lag i alfabetisk rekkefølgje Braatt, Clausenengen, Dahle, Goma, Kristiansund FK, Nordlandet og Frei. I einskilde tidlegare periodar har nokre av laga nærma seg nasjonalt toppnivå, men det har vore vanskeleg for nokre av laga å etablere seg der. I hovudsak har dette kome av stadig sterkare nasjonal konkurranse, men for Kristiansunds lag har nok konkurransen på den lokale arenaen vore det som i første rekkja hindra framgang. Det har med andre ord vorte klårare at utan samarbeide lokalt vil nasjonal satsing vore særs vanskeleg.

Trass i denne situasjonen har laga gjennom sine mange trenarar og leiarar i yngre avdelingar bevist at det er nok av talent. Gjennom alle tider har kristiansundarar greidd å etablere seg på Noregs A-landslag – frå Magnar Isaksenbronselaget i 1936 og fram til Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonhardsen og Trond Andersen. Mange andre kunne òg bli nemnt i denne samanhengen.

Dette har òg vore bakgrunnen til at det i dei siste 20 – 30 åra har vore fleire gode forsøk på å slå ressursane saman – i første rekkja på A-lagsnivå. Som følgje av den sterke klubbkjensla/identiteten som alle klubbane har bygd opp gjennom lang tid, har dette stoppa dei fleste forsøka. I løpet av 2002 og 2003 følte ein at behovet for felles satsing vart sterkare enn nokon gong tidlegare, ikkje minst som følgje av fleire år med svake sportslege resultat i regionen.

Sjølve gjennombrotet skjedde då Sparebank1 Nordvest presenterte bidraget sitt til ei slik strategiendring. Under føresetnad av at dei to leiande klubbane i byen, CFK og KFK, samarbeidde om ein felles satsing på toppfotball la dei på bordet kr 750 000 i året i tre år, totalt Kr 2,25 millionar,- pluss at dei ville stille fagkompetanse til disposisjon. Dette var noko klubbane vanskeleg kunne seie nei til og prosessen var dermed endeleg i gang. Engasjerte representantar frå dei to klubbane opplevde òg at ein no kunne rekruttere personar til dei fleste jobbane i ein ny klubb så vel frå andre klubbar som frå næringslivet generelt. Ein opplevde det slik at for dette formålet ynskte alle å bidra.

Klubben spelte første gongen i 2. divisjon i 2006, og første gong i Adeccoligaen 2013.

Klubben sin moglegvis største bragd hittil var då dei slo ut Rosenborg i andre runde av cupen, 7. mai 2008, etter å ha vunne på straffar 4-1, då det stod 1-1 etter full tid og ekstraomgangar.

Ligaplasseringar endre

Sesong Divisjon Plassering V U T Mål for Mål mot Poeng Spesielle hendingar
2004 3. divisjon avd. 18 2. plass 15 4 3 81 21 49
2005 3. divisjon avd. 18 1. plass 18 2 2 87 23 56 Opprykk
2006 2. divisjon avd. 2 7. plass 11 5 10 44 33 38
2007 2. divisjon avd. 2 femteplass 14 6 6 57 35 48
2008 2. divisjon avd. 2 fjerdeplass 14 2 10 56 32 44
2009 2. divisjon avd. 2 tredjeplass 14 4 8 54 37 46
2010 2. divisjon avd. 2 2. plass 17 4 5 60 35 55
2011 2. divisjon avd. 2 2. plass 15 3 6 55 29 48
2012 2. divisjon avd. 2 1. plass 22 2 2 77 18 68 Opprykk
2013 1. divisjon

Noregmeisterskapshistorie endre

Rekordar og utmerkingar endre

Årets KBK-spelar endre

År Namn
2004 Marius Nordli
2005 Bjørnar Bugge
2006 Roger Berntzen
2007 Simon Dogan
2008 Av KBK: Tor Erik Torske. Av Uglan: Simon Dogan
2009 Av KBK: John Erik Klinge. Av Uglan: John Erik Klinge

Toppscorarar endre

År Namn Mål
2005 Bjørnar Bugge 30
2006 Einar Olav Brakstad og Stig Arild Råket 7
2007 Kris Bright 12
2008 Kris Bright 12
2009 Mamadou Diagne Latyr 15
2010 Tor Erik Torske 14
2011 Tor Erik Torske 15
2012 Didrik Fløtre 14

Rekordar endre

  • Største heimesiger: 14-0 mot Åndalsnes, 10. september 2005 i 3. divisjon.
  • Største bortesiger: 9-1 mot Halsa/Valsøyfjord, 5. juni 2004 i 3. divisjon.
  • Største heimetap: 0-4 mot Rosenborg 2, 29. august 2006 i 2. divisjon.
  • Største bortetap: 0-3 mot Steinkjer, 7. oktober 2006 i 2. divisjon.
  • Tilskodarrekord: ca. 3000, Omsundet kunstgressbane, heime mot Rosenborg 7. juni 2008, 2. runde i cupen.
  • Høgaste tilskodarsnitt: ukjent
  • Flest kampar, totalt: Roger Berntzen, 152 kampar
  • Flest kampar i serien: Ukjent
  • Flest mål totalt: Tor Erik Torske, 63 mål
  • Flest mål i serien: Ukjent
  • Flest mål i ein kamp: Christopher Michelsen (KBK - Bud 10-0, 2004) - 5 mål. Bjørnar Bugge (KBK - Elnesvågen 7-1, 2005) - 5 mål. Didrik Fløtre (Buvik - KBK 1-6, 2012) - 5 mål.

Heimebane endre

Kristiansund BK sin heimebane er Idrettsplassen, noko han har vore frå og med 26. juli 2008. Klubbens første heimebane var Atlanten stadion, og var heimebanen frem til klubben byrja å spele på Omsundet kunstgressbane i 2007. Frå Omsundet gjekk vegen så vidare til dagens heimebane, Idrettsplassen, som ligg midt i sentrum av Kristiansund. Klubben nytta òg Gressbanen frå tid til anna når dei hadde Atlanten som heimebane, sidan Atlanten ikkje alltid var optimal for kampar.

Årsaka til at klubben gjekk bort frå å bruke Atlanten var at det var eit dårleg banedekke der, og ein nedsliten stadion. På Omsundet var det ein bra kunstgrasbane som stod ledig, og klubben byrja å spele der i mangel på noko betre. Kristiansund BK var likevel ikkje helt nøgd med Omsundet kunstgressbane, då han ligg på Frei, omtrent éi mil frå Kristiansund sentrum. Kristiansund kommune fekk sett i stand gamle Idrett, som var nedsliten, til ein godkjent kunstgrasbane. Dette medførte at KBK no spelar på sin tredje heimebane i løpet av den korte historia si.

Med opprykk til 1. divisjon følgjer nye krav til anlegg, og sidan Idrettsplassen ligg i eit tettbygd strøk i sentrum av byen, så er det dårlege høve for utviding og oppgradering av anlegget og fasilitetar som generelt er av dårleg og gammal kvalitet. Derfor så starta klubben i 2013 med å bygge ein ny stadion på Kvennbergmyran ved Kristiansund lufthamn, Kvernberget. Etter planen så skal det nye stadionet stå ferdig til seriestart i 2014, og vil vere eigd av klubben sjølv. For 2013-sesongen så vert Idrettsplassen brukt under dispensasjon frå Noregs Fotballforbund.

Samarbeidsklubbar endre

KBK vart starta som ei samanslåing på A-lagsnivå av Kristiansund FK og Clausenengen, men har etter dette oppretta samarbeid med fleire klubbar i Kristiansundsregionen. Samarbeidsklubbane til KBK er per dags dato:

Trenarar endre

Oversikten viser KBK sine trenarar etter etableringa av klubben, hausten 2003.

Trener Periode
Erik Brakstad 2004–2005
Ole Gunnar Iversen 2006
Geir Midtsian 2007–2011
Erling Moe 2011
Geir Bakke 2012–

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. A-laget spillere

Bakgrunnsstoff endre