Fersk kuruke.
Foto: Richard Bartz
«Kaker» av kumøkk til tørk i Panjab.

Kumøkk er avføringa frå storfe som kyr og bøflar, ein mineralrik masse av ufordøyd plantemateriale som kan vera grønleg til svartfarga, men vanlegast brunleg. Møkka blir brukt over heile verda som gjødsel, men kan også brukast som energikjelde, byggemateriale, innan medisin og religion. I tempererte land som Noreg er møkka gjerne kjent som ei fuktig kuruke eller kukake, og sett på som illeluktande og ekkel, men i varmare land vil kumøkka raskt tørka, slik at ho lettare kan brukast til ei rekke ting.

BrukEndra

KraftEndra

Møkka kan vera ein viktig energikjelde. Kumøkk og bøffelmøkk er blitt brukt som brensel i uminnelege tider, mellom anna i India og på dei amerikanske Great Plains. I moderne tid har ein også teke i bruk møkka som biobrensel ved at ein vinn ut biogass, som metan og dinitrogenoksid, frå henne.[1]

ByggematerialeEndra

 
Masaihus laga av mellom anna kumøkk.
 
Jordgolv i India dekt med eit lag kumøkk. Oppå dette er det teikna ein rangoli.

Kumøkk kan brukast til å bygga hus av, noko mellom anna masaiar gjer. I India er det vanleg å stryka eit lag uttynna kumøkk over veggar eller jordgolv. Dette vil verka avvisande mot insekt. I kaldare område fungerer kumøkk som eit varmeisolerande materiale.

MedisinEndra

Møkka har også bruksområde innan medisin. Ho har antiseptiske eigenskapar, og kan smørast på hud og sår.

I India har ein tradisjonelt behandla såret etter navlestrengen med kumøkk, men dette kan føra til infeksjonar.

Kumøkk i kulturenEndra

ReligionEndra

Innan hinduismen blir oske av brent kumøkk brukt som eit heilag pulver som ein lagar pannemerke med.

FolketruEndra

Ein gammal skotsk skikk var å ta litt kumøkk i munnen til ein nyfødd kalv. Dette skulle verna han mot trolldom, eller kunne verna mjølka.[2]

SpråkEndra

«Bullshit» ('okseskit'), eller forkortinga «bull», er eit engelsk omgrep som viser til tullprat. På siouxspråk, særleg lakota, kan også ordet for bøffelmøkk og kumøkk, «nik-nik», visa til løgner eller løftebrot.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Lys og varme av kumøkk? frå forskning.no
  2. «COW'S DUNG» i A Dictionary of Superstitionsææ. Ed. Iona Opie and Moira Tatem. Oxford University Press, 1996.

Sjå ògEndra