Kvalsund på Nerlandsøya
- Sjå Kvalsund for andre stader med same namnet.
|
Kvalsund er ein av tre grunnkrinsar på Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre, og omfattar to matrikkelgardar. Den eine, Kvalsund, har same namnet som grunnkrinsen, medan den andre heiter Teige. Kvalsund grensar til grunnkrinsen Kopparstad i vest og Kvalsvik i nord.
Tettstaden Kvalsund | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Areal | 0,56 km² | ||
Folketal | 582 (2023) | ||
Folketettleik | 1 039 / km² | ||
Postnummer | 6098 NERLANDSØY | ||
Kvalsund på Nerlandsøya 62°21′42″N 5°33′08″E / 62.361666666667°N 5.5522222222222°E |
Tettstaden Kvalsund
endreEtter SSB sine reglar er Kvalsund å rekne som ein tettstad, med 582 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Like ved Nerlandsøybrua finn ein Kvalsund gartneri og Herøy Byggsenter. Litt lenger nord ligg hamna, med djupvasskai og ei dugnadsdrive småbåthamn. Oppom hamna ligg Handelshuset som er ein daglegvarebutikk etablert i 1908. Medan ein butikk som låg lenger oppe vart lagt ned på 1980-talet. Ved gartneriet ligg det òg ein gravplass.
Geografi
endreKvalsund grunnkrins strekkjer seg frå Søre Vaulen der Nerlandsøybrua går over til Bergsøya, og opp på Kvalsundfjellet. Fylkesveg 20 kjem over til Kvalsund frå Bergsøya, og går vidare til Kopperstad. Fylkesveg 21 startar frå fylkesveg 20, og går utover mot Kvalsvik. Kvalsund er rimeleg flatt nede med sjøen, før det går brattare og brattare oppover, først opp mot Teigane og vidare opp på fjellet. På fjellet finn ein toppen Teigetua og eit mindre vatn. I nordaust ligg nesa Langeneset og Teigeneset, samt Kyrkjeholmen. Mellom Teigeneset og Grønholmen ligg Breidsundet i Holmefjorden, og nokre mindre skjer.
Historie
endreI 1920 vart det grave fram to båtar som ein har datert til det 600-talet. Den største har fått namnet Kvalsundskipet, medan den minste vert kalla Kvalsundfæringen. Ein trur at desse har høyrt til ein lokal hovding, då det var store og flotte båtar som såg ut til å passe best innaskjærs.
Sjå òg
endre- M/K «Kvalsund I» er ein båt med namnet herifrå
- Kvalsund for informasjon om slektsnamnet