Kvinnfolkarbeid

(Omdirigert frå Kvinnearbeid)

Kvinnfolkarbeid er arbeid som tradisjonelt har vorte utført av kvinnfolk, slik som baking og matlaging, spinning, veving, hekling, strikking og sauming. Vasking av hus og klede er òg tradisjonelt kvinnfolkarbeid. Det er òg tradisjon at det er kvinnene som tek seg av småungar, gamle og sjuke. Gardsarbeid som tradisjonelt vert rekna som kvinnfolkarbeid er kjoning av storfe og småfe (men ikkje hestar), mjølking, raking, bærplukking og så vidare. Kvinnfolk burde ikkje utføra arbeid med hest, driva fiske, eller anna mannfolkarbeid. Kvinnene dreiv ikkje med slakting, men å røra i blodet til det kjølna var kvinnfolkarbeid. Men ofte vart ungane set til slikt arbeid.

I eldhuset var det kvinnene som rådde og flatbrødbaking var eit typisk kvinnfolkarbeid.

Om å gjera mannfolkarbeid endre

Å utføra mannfolkarbeid vart ikkje rekna som høveleg for kvinnfolk og på storgardar vart det ofte sett på som ei skam om husfrua måtte gjera kararbeid, men dette hong vel mykje saman med at sambygdingane då kunne sjå at dei ikkje hadde råd til å halda seg med nok drengar og onnefolk. På smågardar og husmannsplassar var det likevel ofte naudsynt at kvinnene utførte mannfolkarbeid og då kunne kvinnfolk som utførte mannfolkarbeid verta sett på som «dugande gardkjerringar». Konene til fiskarbønder utførte ofte alt gardsarbeidet når kallen var borte på fiske.

Seterdrift endre

 
Kinning var typisk kvinnforkarbeid.

Seterarbeid som mjølking og ysting var typisk kvinnfolkarbeid, som vart utført av innleidde budeier, eller av kvinner på garden som åtte setra. Det var ofte ungmøyer som dreiv som budeier og gutane la ofte vegen om setrene om laurdagskveldane. Om budeia sette pris på vitjinga kunne det vanka både fløyte og rømme.

Storfolk endre

Konene og døtrene til storfolk, som prestar og amtmenn, trong ikkje å arbeida og gjekk ofte «på stas». For å få tida til å gå kunne dei trøya seg med brodering, vitja kvarandre og vera med i kvinneforeningar. Dei hadde likevel plikter, som å gå i gjestebod og å underhalda gjestar, men dette vart ikkje rekna som arbeid.

Bibliografi endre

  • Feiring, T., Rovde, O. og Tøsse, S., Den norske småbrukaren 1913-1988, Det norske samlaget, 1988.
  • Flatmoen, A., Turist i Gudbrandsdalen på 1800-talet, J.W. Cappelen, 2007.
  • Fykse, S.J., Fjordabonden - Frå stuttorv og sigd til rundballar og reiseliv, Hardangerforlaget, 2003.
  • Krokan, I., Det store hamskiftet i bondesamfunnet, 3. utg., Det norske samlaget, 1982.
  • Leirfall, J., Stormaskina, Det norske samlaget, 1970.
  • Leirfall, J., Bra folk, Det norske samlaget, 1977.
  • Metcalfe, F., På reise i Norge - Fra Christiania til Vadsø for hundre år siden, J.W. Cappelens forlag, 1967.
  • Vinje, A.O., Ferdaminne frå sumaren 1860, Det norske samlaget, 1861.
  • Williams, W.M., Til fots i Norge i 1856, J.W. Cappelen, 2005.

Sjå òg endre