Gardasjøen

(Omdirigert frå Lago di Garda)

Gardasjøen (italiensk Lago di Garda eller Benaco) er den største innsjøen i Italia. Han ligg nord i landet, om lag halvvegs mellom Venezia og Milano. Gardasjøen ligg i eit fjellområde og vart danna av isbrear under den siste istida. Av provinsar rundt innsjøen finn ein Verona (i søraust), Brescia (sørvest) og regionen Trentino i nord. Innsjøen er ein stor turistdestinasjon med mange hotell og feriestader langs breidda.

Gardasjøen
innsjø
Gardasjøen sett frå Riva del Garda
Land  Italia
Tilsig Sarca
Utløp Mincio
Nedslagsfelt 2 350 km²
Opphaldstid 26,8 år
Høgd over havet 65 moh.
Lengd 51,9 km
Breidd 16,7 km
Areal 369,98 km²
Middeldjupn 136 m
Største djupn 346 m
Volum 50,35 km³
Koordinatar 45°38′N 10°40′E / 45.633°N 10.667°E / 45.633; 10.667
Øyar 5 (Isola del Garda, Isola San Biagio)
Byar Sjå liste
Kart
Gardasjøen
45°38′00″N 10°40′00″E / 45.633333333333°N 10.666666666667°E / 45.633333333333; 10.666666666667
Satellittbilete av Gardasjøen med byar
Satellittbilete av Gardasjøen med byar
Satellittbilete av Gardasjøen med byar
Wikimedia Commons: Lake Garda

Geografi

endre
 
Utsyn over sørdelen av sjøen nær Peschiera del Garda med Brescia-fjella. Måla etter 1533 av Girolamo dai Libri.

Den nordlege delen av innsjøen er smalare enn resten og omgjeven av fjell, som stort sett høyrer til Gruppo del Baldo. Han har her ei form som er typisk for ein morenedal. Sjølv om ein kan sjå spor etter isbreane meiner ein at isbreen låg i ein dal som alt var danna av elveerosjon for 5 til 6 millionar år sidan.

Innsjøen har fem øyar og den største av dei er Isola del Garda. Naboøya Isola San Biagio vert òg kalla Isola dei Conigli («Kaninøya»). Begge ligg utanfor San Felice del Benaco i Brescia. Dei tre mindre øyane er Isola dell'Olivo, Isola di Sogno og Isola di Trimelone.

Den største elva som munnar ut i innsjøen er Sarca, medan Mincio er det einaste utsiget.

Av dyreliv finn ein Salmo carpio, ein lakseart som berre finst i Gardasjøen. Andre artar er:

Stader og attraksjonar

endre

Den gamle festningsbyen Sirmione ligg i sørenden av innsjøen og er ein særleg populær turistattraksjon. Den vakre borga Scaliger er frå 1200-talet. Den romerske villaen var heimstad til diktaren Catullus. Svovelkjeldene ved enden av halvøya har rykte på seg for å vere lækjande for katarr, særleg når ein har det i øyre.

I nærleiken ligg Gardaland, ein av dei mest kjende parkane i Italia.

Kommunar rundt Gardasjøen
Trentino-Alto Adige
Veneto
Lombardia
Provinsen Trento
(med klokka frå vest til aust)
Provinsen Verona
(med klokka frå nord til sør)
Provinsen Brescia
(med klokka frå sør til nord)
 
Utsyn frå Torbole over innsjøen.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gardasjøen