53°29′30″N 6°01′00″W / 53.49167°N 6.01667°W / 53.49167; -6.01667

Lambay
øy
Land  Irland
Areal 2,41 km²
Folketal 6
Kart
Lambay
53°29′26″N 6°00′54″W / 53.490555555556°N 6.015°W / 53.490555555556; -6.015
Wikimedia Commons: Lambay Island
Lambay sett frå sør

Lambay (irsk Reachrainn)[1] er ei øy utanfor nordkysten i County Dublin i Republikken Irland, nord for Ireland's Eye. Øya er det austlegaste punktet i Republikken Irland. Øya er i privat eige med delar av Baring-familien som eigarar.[2] Øya har ein handfull innbyggjarar.

Geografi endre

Lambay er den største øya utanfor austkysten av Irland og er om lag 2,5 km² stor og har ei høgd på 127 meter på det høgaste. Det er bratte klipper både på nord-, aust- og sørsida av øya, medan vestsida er meir lågtliggande.[3] Geologien er dominert av magmatiske bergartar med skifer og kalkstein.

Historie endre

Lambay var busett i steinalderen. Dei antikke greske geografane Plinius og Klaudios Ptolemaios kjende til øya og refererte til ho som Limnus eller Limni. Det gamalnorske namnet på øya var Lambey, som truleg kom av at ein sende søyer til øya for å lamme på ein stad der det ikkje var rovdyr. I 1927 vart det oppdaga fleire graver frå jernalderen.

St. Colmcille skal ha oppretta eit kloster på Lambay om lag år 540 og vikingtida på Irland starta truleg med eit plyndringstokt av denne staden i 795.

Sitric, ein dansk konge av Dublin, gav Lambay til Christ Church Cathedral, og i 1181 gav prins Johannes ho til erkebiskopane av Dublin. Dette vart stadfesta av Kong Edward i 1337 og av Kong Richard i 1394. Ein seinare erkebiskop leigde øya ut til nonnene i Grace Dieu og dei oppretta eit kloster og ein skule her.

I 1467 fekk jarlen av Worcester løyve til å byggje ei festning på øya for å verne England mot spanjolar, franskmenn og skottar. Worcester betalte erkebiskopen av Dublin 40 shilling per år, men sjølv om han fekk løyve er det ikkje sikkert at det faktisk vart bygd.

Under reformasjonen gav erkebiskop Brown øya til John Challoner mot ein årleg skatt. Vilkåra var at Challoner innan seks år skulle byggje ein landsby, ei borg og ei hamn for fiskarane og som vern mot smuglarar. Han skulle busetje Lambay med «ein koloni av ærlege folk». Challoner eigde Lambay fram til ho i 1611 vart gjeven til Sir William Ussher og arvingane hans. James Ussher budde på Lambay i 1626, men i 1650 hadde han flytta til London. Han var svært respektert og ligg i dag gravlagd i Westminster Abbey. Ussher-familien hadde øya i 200 år.

Under Williamitekrigen i Irland vart øya nytta som ein interneringsleir for irske soldatar. Meir enn tusen av dei vart fengsla der etter slaget ved Aughrim i 1691 og nokre døydde av skadar og svolt.

Mange skip har forlist rundt øya. Eit av dei mest kjende var RMS «Tayleur», eit av dei største handelsskipa i dei dagar, som gjekk på land her 21. januar 1854 og sokk. 380 menneske mista livet.

Dyreliv endre

Lambay har ein av dei største og viktigaste sjøfuglekoloniane på Irland med over 50 000 lomvi, 5 000 krykkjer, 3 500 alker, 2 500 gråmåse, i tillegg til ein del lundefugl, havlire, havhest og andre artar.

Av pattedyr på øya finn ein gråsel. I tillegg er det innført dåhjort (om lag 200 dyr) og krattkenguru (etter at det vart for mange av dei i Dublin Zoo) på øya.

Kjelder endre

  1. «Lambay Island». Placenames Database of Ireland. Henta 23. mars 2012. 
  2. «Lambay Estate Unlimited Company - B1 ANNUAL RETURN 2018». vision-net.ie. Companies Registration Office. Henta 15. juni 2020. 
  3. «Ordnance Survey mapping 1840s - Map Search (Lambay Island, two levels of zoom down)». Ask About Ireland. Government of Ireland. Henta 16. juni 2020. 
  • Denne artikkelen bygger på «Lambay Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2007.
  • Cooney, G. (1993). "Lambay: an island on the horizon." Archaeology Ireland, 7 (4), 24-8.
  • MacAlister, R. A. S. (1929). "On some antiquities discovered upon Lambay island." Proceedings of the Royal Irish Academy, 38c, 240-246.
  • Merne, O. J. & Madden, B. (1999). "Breeding Seabirds of Lambay, County Dublin." Irish Birds, 6, 345-358.
  • Rynne, E. (1976) "The La Tène and Roman Finds from Lambay, Co. Dublin: a re-assessment." Proceedings of the Royal Irish Academy, 76c, 231-44.
  • Stillman, C. (1994) "Lambay, an ancient volcanic island in Ireland." Geology Today, 62, 62-67.