Last Dance av Stefania

song frå 2021 med Stefania
«Last Dance»
Song av Stefania Liberakakis
Land Hellas
Språk Engelsk
Utgjeve 10. mars 2021
Sjanger Pop,[1] synthwave[2]
Lengd 03:00
Selskap K2ID
Låtskrivar(ar) Dimitris Kontopoulos, Arcade, Sharon Vaughn
Produsent Arcade, Dimitris Kontopoulos

«Last Dance» (norsk 'siste dans') er ein gresk song frå 2021 som vert framført av den nederlandsk-fødde songaren Stefania Liberakakis. Songen er skriven av Dimitris Kontopoulos, Arcade og Sharon Vaughn.[3] «Last Dance» vart utgjeven 10. mars 2021 og var det greske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Om songen endre

Stefania skulle ha representert Hellas i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Superg!rl», etter å ha vorte internt vald av den greske kringkastaren ERT, men på grunn av koronaviruspandemien vart tevlinga avlyst. ERT vedtok at Stefania i staden skulle få representere landet i Eurovision Song Contest i 2021.[4][5]

Bak songen står det same låtskrivarlaget som skreiv «Superg!rl». Songen er komponert av låtskrivaren og produsenten Dimitris Kontopoulos, saman med gruppa Arcade. Dei har skrive teksta saman Sharon Vaughn som skreiv det russiske bidraget til 2019, «Scream» med Sergej Lazarev. Kontopoulos har òg skrive fleire andre Eurovision-bidrag, blant anna det kviterussiske bidraget til 2007, «Work Your Magic» med Dzmitry Kaldun.[6]

Tittelen på songen vart offentleggjord 7. januar 2021.[7] Låten vart sloppen for digital nedlasting og strøyming 10. mars. Same dag kom òg musikkvideoen til songen, som var regissert av Kostas Karydashas.

Eurovision Song Contest endre

Hellas deltok i den andre semifinalen som vart arrangert i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai 2021. Der kom «Last Dance» på sjetteplass med 184 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai.[8] I finalen var låten det tiande bidraget ut på scena av 26 deltakarar. Låten fekk til saman 170 poeng frå juryane og sjåarane og enda på ein tiandeplass – det beste resultatet til Hellas sidan sjetteplassen i 2013.[9]

Kunstnarisk sjef for songen og framsyninga var Fokas Evangelinos. Han har stått bak fleire Eurovision-nummer, blant andre vinnarframsyninga til Elena Paparizou i 2005 og vinnarframsyninga til Dima Bilan i 2008. Med seg på scena hadde Stefania fire dansarar: Georgios Papadopoulos, Nikos Koukakis, Markos Giakoumoglou og Kostas Pavlopoulos.[3]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[10] 30
Hellas (IFPI Greece)[11] 24
Island (Tónlistinn)[12] 36
Litauen (AGATA)[13] 35
Nederland (Single Top 100)[14] 45
Storbritannia (UK Download)[15] 75
Sverige (Sverigetopplistan)[16] 79

Kjelder endre

  1. Gallagher, Robyn (7. januar 2021). «Greece: Stefania will sing "Last Dance" at Eurovision 2021, with an 80s pop sound». Wiwibloggs. Henta 7. january 2021. 
  2. «Ranked: The Top 17 Songs of the 2021 Eurovision Song Contest!». Scandipop. 30. april 2021. Arkivert frå originalen 30. april 2021. 
  3. 3,0 3,1 «🇬🇷 "Last Dance" by Stefania to be released on March 10th» (på engelsk). 22. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  4. «🇬🇷 Greece: Stefania records five potential entries in Athens» (på engelsk). 4. oktober 2020. Henta 28. februar 2021. 
  5. «🇬🇷 Greece: Stefania to present four potential entries for Eurovision 2021» (på engelsk). 15. september 2020. Henta 28. februar 2021. 
  6. «Stefania will represent Greece at Eurovision 2020 with "SUPERGIRL"» (på engelsk). 3. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  7. «Greece: Stefania will sing "Last Dance" at Eurovision 2021» (på engelsk). 7. januar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  8. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  9. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  10. «Stefania [GR] - Last Dance - ultratop.be». Henta 5. september 2021. 
  11. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (Local) Week: 21/2021». IFPI Greece. 7. juni 2021. Arkivert frå originalen 5. september 2021. 
  12. «TÓNLISTINN – LÖG vika 21–2021» (på islandsk). Tónlistinn Plötutíðindi. 16. juni 2021. Arkivert frå originalen 20. juni 2021. 
  13. «2021 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). Henta 20. juni 2021. 
  14. Hung, Steffen. «Stefania [GR] - Last Dance». Henta 5. september 2021. 
  15. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  16. «swedishcharts.com - Stefania [GR] - Last Dance». Henta 5. september 2021.