Figaros bryllup
Le nozze di Figaro, ossia la folle giornata (Figaros bryllaup eller galskapsdagen), K. 492, er ein opera buffa (komisk opera) i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Han vart komponert i 1786 med ein italiensk libretto av Lorenzo Da Ponte, basert på ein teaterkomedie av Pierre Beaumarchais frå 1784.
K. 492 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1786 | ||
Urframføring | 1. mai 1786 | ||
Typisk lengd | 150:03 | ||
Satsar/akter | 29 (4 akter) |
Sjølv om skodespelet til Beaumarchais først vart bannlyst i Wien sidan det var ein satire om aristokratiet og vart rekna som farleg i tiåret før den franske revolusjonen, vart operaen eit av dei mest suksessfulle verka til Mozart. Overturen er særleg kjend og vert ofte spelt som eit konsertstykke. Musikken i overturen vert ikkje nytta seinare i verket, bortsett frå korte frasar i greven sin del av terzettoen Cosa sento! i Akt 1.[1]
Komposisjon
endreOperaen var den første av tre samarbeid mellom Mozart og Da Ponte. Dei to andre operaene dei skreiv i lag var Don Giovanni og Così fan tutte. Det var Mozart som opphavleg valde skodespelet til Beaumarchais og tok det med til Da Ponte, som brukte seks veker på å skrive librettoen, og skreiv det om i poetisk italiensk og fjerna alle politiske referansar i originalen. Særleg erstatta Da Ponte Figaro sin klimatiske tale mot arveadelen med ein sint arie mot utrue koner. I motsetnad til kva populære myter seier, vart librettoen godkjend av keisar Josef II, før noko musikk vart skriven av Mozart.[2]
Det keisarlege italienske operaselskapet betalte Mozart 450 florinar for verket;[3] som var tre gonger den (låge) løna hans for eit år, då han arbeidde som hoffmusikar i Salzburg (Solomon 1995). Da Ponte vart betalt 200 florinar.[3]
Framføring
endreFigaro hadde premiere i Burgtheater i Wien den 1. mai 1786. Mozart sjølv var dirigent på dei to første framsyningane, som han dirigerte frå klaverstolen, som var vanleg på den tida. Seinare framsyningar vart dirigert av Joseph Weigl.[4] Det vart gjort åtte framsyningar i 1786.[5]
Etter den første framsyninga førte applaus frå publikum til fem ekstranummer. Joseph Haydn likte operaen særs godt og skreiv til ein ven at han hadde høyrt operaen i draumane sine.[6]
Operaen vart sett opp i Praha frå desember 1786 og vart ein enorm suksess. Avisa Prager Oberpostamtszeitung kalla verket «eit meisterverk»,[7] og skreiv at «ikkje noko stykke har nokon gong skapt slik ein sensasjon».[8] Lokale musikkinteresserte betalte for at Mozart skulle kome til Praha og høyre produksjonen, noko han gjorde 17. januar 1787, og 22. januar dirigerte han framsyninga sjølv.[9] Den store suksessen i Praha gjorde at den neste Mozart/Da Ponte-operaen, Don Giovanni, fekk premiere i Praha i 1787.
Verket vart igjen sett opp i Wien i 1789 og Mozart hadde då erstatta begge ariane til Susanna med nye komposisjonar, som betre høvde til stemma til Adriana Ferrarese del Bene som tok rolla.
Operaen i dag
endreFigaros bryllup vert i dag rekna som ein av grunnsteinane i standardrepertoaret i operaen, og er lista som nummer fem på lista til Operabase over dei mest framførte operaene verda over.[10]
Roller
endreRolle | Stemme | Premierebesetning, 1. mai 1786 (Dirigent: W.A. Mozart) |
---|---|---|
Grev Almaviva | bass | Stefano Mandini |
Grevinne Rosina Almaviva | sopran | Luisa Laschi |
Susanna, hushjelpa til grevinna | sopran | Ann Storace |
Figaro, personleg kammertenar til greven | bass | Francesco Benucci |
Cherubino, tenaren til greven | sopran | Dorotea Bussani |
Marcellina | sopran | Marie Mandini |
Bartolo, doktoren frå Sevilla, som òg var advokat | bass | Francesco Bussani |
Basilio, musikkmeister | tenor | Michael Kelly |
Don Curzio, dommar | tenor | Michael Kelly |
Barbarina, dotter til Antonio | sopran | Anna Gottlieb |
Antonio, gartnaren til greven, onkelen til Susanna | bass | Francesco Bussani |
Kor av bønder, landsbybuarar og tenarar |
Instrumentering
endreFigaros bryllup er instrumentert for to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, to valthorn, to trompetar, pauke og strykarar; Resitativa er med tangentinstrument, vanlegvis fortepiano eller cembalo, og ofte med ein cello.
Ei typisk framføring varer kring 3 timar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Marriage of Figaro» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Chanan, Michael (1999). From Handel to Hendrix: the låtskrivar in the public sphere. Verso. ISBN 1859847064
- Deutsch, Otto Erich. Mozart: A Documentary Biography. Stanford University Press.
- Geiringer, Karl; Irene Geiringer (1982). Haydn: A Creative Life in Music (3. utg.). University of California Press. xii, 403. ISBN 0520043162.
- Gutman, Robert W. (2001). Mozart: A Cultural Biography. Houghton Mifflin Harcourt. ISBN 0156011719
- Jackson, Roland John (2005). Performance practice: a dictionary-guide for musicians. Routledge. ISBN 0415941393
- Jander, Owen; Steane, J.B.; Forbes, Elizabeth; Harris, Ellen T.; and Waldman, Gerald (2001). "Baritone" and "Mezzo-sopran [mezzo]", in Stanley Sadie and John Tyrrell (eds.), The New Grove Dictionary of Music and Musicians, 2nd edition. Macmillan. ISBN 0333608003.
- Landon, H. C. Robbins; David Wyn Jones (1988). Haydn: His Life and Music. Indiana University Press. ISBN 978-0253372659.
- Melitz, Leo (1921). The Opera Goer's Complete Guide (oms. av Richard Sanger. Dodd, Mead and Co.
- Robinson, Paul A. (1986). Opera & ideas: from Mozart to Strauss. Cornell University Press. ISBN 0801494281
- Rosen, Charles (1997). The Classical Style: Haydn, Mozart, Beethoven (2. utg.). New York: W. W. Norton & Company. ISBN 0-393-31712-9.
- Singher, Martial and Singher, Eta (2003). An Interpretive Guide to Operatic Aries: A Handbook for Songars, Coaches, Teachers, and Students. Penn State Press. ISBN 0271023546
- ↑ Andrew Steptoe: The Mozart–Da Ponte operas: the cultural and musical background to Le nozze di Figaro, Don Giovanni, and Così fan tutte, s. 170. Oxford University Press 1990. ISBN 9780198162216
- ↑ Nathan Broder. Essay on the Opera in the Schirmer edition
- ↑ 3,0 3,1 Deutsch 1965, s. 274
- ↑ Deutsch 1965, s. 272 Deutsch says Mozart played a cembalo; for conflicting testimony, see below.
- ↑ Desse var 3., 8. og 24. mai; 4. juli, 28. august, 22. (kanskje 23.) september, 15. november og 18. desember. (Deutsch 1965, s. 272)
- ↑ Geiringer 1982, s. 90–92
- ↑ (Deutsch 1965, s. 281)
- ↑ (Deutsch 1965, s. 280)
- ↑ (Deutsch 1965, s. 285)
- ↑ «Opera Statistics for the five seasons 2005/06 to 2009/10». Operabase. Henta 2. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Le nozze di Figaro: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Komplett libretto
- Fullt orkesterpartitur (tysk/italiensk)[daud lenkje]
- engelsk omsetjing
- Italiensk/engelsk side om side[daud lenkje]
- The Marriage of Figaro: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- Komplette innspelingar Arkivert 2017-08-10 ved Wayback Machine. på Mozart Archiv Arkivert 2006-06-14 ved Wayback Machine.
- Læremateriale og analyse Arkivert 2011-07-27 ved Wayback Machine. frå Metropolitan Opera
- Huset til Mozart i Wien der han komponerte The Marriage of Figaro (+ video)
- Samandrag Arkivert 2011-02-03 ved Wayback Machine. av The Marriage of Figaro frå English Touring Opera
- Bilete frå produksjonar på 2000-talet av The Marriage of Figaro Arkivert 2012-03-15 ved Wayback Machine. i Tyskland og Sveits