Max Havelaar er ei merkeordning for rettferdig handel («fairtrade»). Merkeordninga vart første gong oppretta i 1988, etter eit samarbeid mellom den nederlandske bistandsorganisasjonen Solidaridad og meksikanske kaffibønder. I dag har det vorte starta opp lokale Max Havelaar-ordningar i over 20 land, og marknaden for «fairtrade-varer» er sterkt stigande.

Organisasjonen Max Havelaar har ingen innteningsføresetnader, og driv ikkje handel med varer. Merket er eit «hjelp-til-sjølvhjelp»-merke, som garanterer for at bøndene har fått ein rimeleg pris for varene dei produserer. I tillegg til det vert det òg teke miljøomsyn i dei fleste tilfelle (sjølv om det ikkje er eit kriterium). På mange område får bøndene høgare pris for økologisk produserte varer, for å avgrense utbreiinga av industrialisert jordbruk som byggjer på monokulturar. Det skal òg hjelpe bøndene til å bygge sin eigen økonomi på fleire varer, for å gjere dei mindre sårbare for svingingar i den internasjonale marknaden.

Kven var Max Havelaar? endre

Utvida artikkel om romanen Max Havelaar

Max Havelaar var ein romanfigur frå ei sjølvbiografisk bok skriven av nederlendaren Eduard Douwes Dekker (1820-1887) i 1870. Dekker engasjerte seg kraftig i korleis nederlendarar behandla dei lokale innbyggarane i Indonesia, som den gongen var ein nederlandsk koloni. Forfattaren sjølv laut flykte frå Nederland, og boka (som vart skriven under pseudonymet Multatuli, som tyder eg har lidd mykje) vart trekt frå den nederlandske bokmarknaden kort etter at ho vart utgjeven. Boka vart ikkje offentleg tilgjengeleg igjen før om lag 60 år seinare, og i 1974 vart boka filmatisert.

Boka om Max Havelaar vert i dag rekna som ein nederlandsk klassikar, og er obligatorisk lærestoff i nederlandsk skule.

Max Havelaar i Noreg endre

Eit av dei landa som hadde størst vekst innan rettferdig handel i 2005 var Noreg. Her vart ordninga starta opp i 1997, som eit samarbeid mellom tolv organisasjonar:

Max Havelaar Noreg har eit sekretariat på fire personar. Dagleg leiar er Ragnhild Hammer (pr. 2005).

Max Havelaar-merkte produkt på den norske daglegvaremarknaden (pr. 2005) endre

Det første produktet som vart distribuert under det norske Max Havelaar-merket var Farmers Coffee, frå Joh. Johansen.

Type produkt Namn på produktet Produsent og leverandør  
Kaffi Farmer's Coffee Joh. Johannsen  
Garantert god handel Kaffehuset Friele  
Malongo Kaffe Zinzino  
Kaffibønnene vert kjøpte av guatemalske kaffibønder tilknytte organisasjonen Fedecocaguas
Appelsinjuice Farmer's Appelsinjuice Lerum  
Garantert god handel Lerum  
Begge Max Havelaar-juicane vert produsert av konsentrat frå Coagrosol i Brasil.
Sjokolade Yoretta Helios  
Contessa Helios  
Bonita Helios
Nero Helios
Maya Gold Green & Blacks
Melkesjokolade Kung Markatta
Nougat Kung Markatta
Hasselnøtt Kung Markatta
Mørk sjokolade Kung Markatta
All Max Havelaar-merkt sjokolade er i tillegg økologisk, men er berre tilgjengeleg gjennom helsekostbutikkar.
Te Yellow Ceylon Confetta
Earl Grey Confetta
Green China Confetta
Eple og Kanel Simon Lévelt
Grønn Te Simon Lévelt
Mango og Appelsin Simon Lévelt
All te som er Max Havelar-merkt er i tillegg økologisk
Banan Økologiske Bananer Bama-gruppen
Økologisk dyrka bananer frå Den dominikanske republikken. Vert seld i eigne posar og er i tillegg Debio-merkte.
Middagsris Farmer's Rice Unil AS
Parboiled (forvella), langkorna ris dyrka i Tha Rua i Thailand.

Bakgrunnsstoff endre