Lunde i Telemark

tettstad i Nome
(Omdirigert frå Lunde i Nome)

Lunde er ei bygd og ein tettstad i Nome kommune i Telemark. Her ligg Lunde kyrkje.

Lunde
tettstad
Lunde kyrkje frå 1872
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Nome
Areal 1,59 km²
Folketal 1 524  (2023)
Folketettleik 958 / km²
Postnummer 3825 LUNDE
Innbyggjarnamn lundehering
Preposisjon i Lunde
Kart
Lunde i Telemark
59°17′28″N 9°06′30″E / 59.29111111°N 9.10833333°E / 59.29111111; 9.10833333

Bjervamoen tettstad

endre
 
Lunde jernbanestasjon

Tettstaden i Lunde blei som oftast kalla Bjervamoen. Han har 1 524 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg 11 km vest for kommunesenteret Ulefoss og 16 km sør for . Staden har vakse fram som stasjonsby ved Sørlandsbanen, der jarnbanestrekninga (Oslo-)Nordagutu-Lunde opna i 1925, mens strekninga fram til Kristiansand blei ferdig først i 1938.

Folketalsutvikling

endre
Folketalsutvikling i Bjervamoen
År Innbyggjarar
1930
  
417
1946
  
540
1950
  
646
1960
  
826
1970
  
1 500
1980
  
1 653
1990
  
1 515
2000
  
1 288
2009
  
1 512
2012
  
1 506
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Lunde sokn

endre

Lunde sokn høyrde til Bø prestegjeld fram till 1867, då dei to sokna Lunde og Ytre Flåbygd blei utskilde og danna Lunde prestegjeld. I 2002 blei Lunde og Ytre Flåbygd slegne saman til eitt sokn, Lunde og Flåbygd sokn, som i 2013 hadde omtrent 2 875 inbyggjarar, 315 av dei i gamle Flåbygd.

Lunde kommune

endre

Samstundes som Lunde prestegjeld blei utskilt frå Bø prestegjeld blei det også oppretta som Lunde kommune (2 257 innbyggjarar) etter å ha høyrt til Bø kommune. Lunde kommune (då med 3 080 innbyggjarar) og storparten av Holla kommune blei slegne saman i 1964, då Nome kommune blei skipa.

Næringsliv

endre

Lundeheringane lever mest av av småindustri og offentleg tenesteyting, og i tillegg er det mange som pendlar ut av bygda. Landbruket har minka i omfang i høve til andre næringar.

I Lunde blei Trollbilen produsert ei kort tid på 1950-talet.

Språk

endre

Målet i Lunde har høyrt til austtelemåla, med tjukk L av både historisk L (kLam i handa) og gamalnorsk (nypløgd joLe). Det er det sørlegaste av desse måla, med typiske pronomenformer som me, konn og dekkan, men samstundes med innslag av vikværske trekk som t.d. uomlydt langform av sterkt presens (kommer, graver) og ein del monoftongering (hørt, kjørt). Språket til dei seinare par generasjonane har utvikla seg i retning av grenlandsmål. Eitt døme på dette er at den historiske kløyvde infinitiven (å lesa / å skrive) har ein tendens til å bli skifta ut med e-infinitiv i dei historiske jamvekts- og overvektsorda.

I 1908 blei nynorsk innført som målform i nokre skulekrinsar i Lunde, og før 1920 hadde omtrent 90% av skulebarna i kommunen nynorsk som skulemål. Frå 1960-talet minka talet på nynorskelevar stort. Den siste nynorskskulen var på Svenseid, og den blei lagt ned i 2009.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre