Mære kyrkje er ei steinkyrkje frå mellomalderen, bygd mellom 1150 og 1200 i bygda Mære i Steinkjer kommune i Trøndelag.

Mære kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Stiklestad
Sokn Mære
Fellesråd Steinkjer
Lengd Skip: 19,5 m x 10 m
kor: 9 m x 7 m m
Material stein
Innvigd 1100-talet
 - Endringar påbygd 1969
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle altartavle frå 1650-åra, Johan Bildschneider
Kart
Mære kyrkje
63°56′02″N 11°23′41″E / 63.9338°N 11.3947°E / 63.9338; 11.3947
Wikimedia Commons: Church of Mære

Tilgang til staden er via Fv258 og Europaveg 6.

Bygningen endre

 
Detalj frå sørportalen.
Foto: Øystein H. Brekke

Kyrkja ligg heilt ute på vestkanten på Mæreshaugen. Ho er bygd i to omgangar, koret og litt av skipet først og denne delen har ein profilert sokkel som manglar i resten av kyrkjebygget. Samanlikningar av utgravningsplanen for trekyrkja viser at koret av stein er bygd rundt trekyrkja medan denne enno var i bruk. Etter dette vart trekyrkja reven og resten av steinkyrkja bygd. Sikker datering av koret finst ikkje, men det kan ha vore bygd i 1150-60-åra. Kyrkja har hatt eit vesttårn, men det raste saman i 1277 og det vart då sett inn ei dør i veggen. Fundamentet til tårnet vart avdekt i 1966. Kyrkja har hatt både nord og sørportal, men sørportalen vart murt att på 1600-talet.

Interiør endre

Kyrkja har eitt skip med ope takverk, med stikkbjelkar med utskorne masker. Dendrokronologiske undersøkingar viser at tømmeret som er brukt i taket er hogge vinteren 1198-99.

Inventar endre

Kyrkja har ein del inventar frå mellomalderen. Over korbogen heng ein triumfkross som kan vere frå 1200-talet. Ein Madonna med barnet-statue er oppbevart i Vitenskapsmuseet i Trondheim. Steinaltaret er det opphavlege frå mellomalderen med holrom der det kan ha vore oppbevart relikviar.

Altartavlen er frå 1650-åra , skoren av Johan Bilthugger og måla av Johan Kontrafeier. Ho er barokk. Preikestolen er samtidig med altartavla. Preikestolhimlinga er frå 1630-åra og vart opphavleg lagd til Nidarosdomen. Ein veit ikkje kvifor ho kom til Mære kyrkje.

Arkeologiske undersøkingar endre

Det er funne spor av ei stolpekyrkje under kyrkja. Under denne igjen er det spor av to bygningar frå førkristen tid. Det vart funne 19 gullgubbar. Desse vart funne i fyllmassane i dei fire stolpehòla og like under golvet i den første kyrkja.[1]

Myntfunn endre

I 1879 vart 10 myntar overlevert til Videnskabsselskapets Myntkabinett ved Museet for Historie og Arkeologi i Trondheim. Desse myntane kom frå Mære kyrkje.

Under ei arkeologisk utgraving i 1966 vart heile 565 myntar funne. Denne utgravinga vart leia av Hans Emil Lidén frå Riksantikvaren. Det var hovudsakleg norske mellomaldermyntar, men det vart òg funne danske, svenske og tyske myntar frå mellomalder og heilt opp til vår tid.

Litteratur endre

  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiři, Middelalder i Stein bind 1 i serien Kyrkjer i Noreg, Oslo 2000, s. 242- 245 ISBN 82-91399-09-3
  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Mære kirke», s. 219

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre

  1. Hans Emil Lidén, Utgravningene i Mære kirke. Hvordan skal funnene tolkes?, Før og etter Stiklestad 1030, ISBN 82-91350-01-9