MK «Heland»

fiskefartøy

MK «Heland» er ein fiskekuttar som i tillegg til fiske vart brukt i Shetlandsfarten under den andre verdskrigen. Han er no freda og høyrer til Sunnmøre Museum.

«Heland» ved kai ved Sunnmøre Museum (2010)

«Heland» vart bygd i 1937 hjå Einar Hellands båtbyggeriVestnes i Romsdal. Eigarar av båten vart Sevrin A. Roald, Arne A. Roald og Olaf Røssvik. på Vigra. Prisen på nybygget var 30 000 kroner. Lengda var 63 fot . Stamn, spant og kjøl vart dimensjonerte for mogleg forlenging seinare. Han vart utrusta med 85 hk motor og rigga med fokk, storsegl og mesan.

FiskebåtenEndra

Slik det var vanleg med fiskekuttarar på Mørekysten vart «Heland» brukt til heilårsfiske. Om vinteren var det drivgarnfiske etter sild. Så var det torskefiske til han i mai vart utrusta til fangst av brugde og småkval. Det var helst springarar og vågekval han fanga. Kvalfangsten gjekk føre seg i Barentshavet, farvatna kring Island og i Nordsjøen. Om hausten var det kveitefiskeStoregga. «Heland» hadde køyplass til ti mann, men det var berre på sildefiske det var så mange.

ShetlandsfartenEndra

Hausten 1941 vart skipper Sevrin A. Roald spurd om å gå til Shetland med Lingekarar som hadde vore på oppdrag i Noreg. 4. november gjekk «Heland» vestover med passasjerane. Etter ein strabasiøs, men vellukka, tur returnerte dei til norskkysten og tok til med fiske. Dei gjekk ein ny tur til Shetland i januar 1942. På slutten av februar tok ei så den tredje og siste turen som starta i Noreg. Dei hadde då med fleire som hadde kome seg unna arrestasjonane som følgde etter Henry Rinnan sin infiltrasjon av motstandsarbeidet i Ålesund. Etter dette vart «Heland» ein del av marineavdelinga Shetlandsbussen. I alt gjekk han 6 turar til norskekysten, men berre ein av desse var vellukka. Den siste turen var i februar 1943. «Heland» vart på desse turane ført av andre enn Sevrin A. Roald. Han hadde for god kjennskap til motstandsarbeidet i Ålesund til at det kunne risikerast at han vart arrestert.

MuseumsbåtEndra

MK «Heland» vart kondemnert i 1972. I staden for å verte senka, slik det var vanleg å gjere med kondemnerte båtar, gav eigarane han til Sunnmøre Museum. Der inngår han som ein viktig del av museet si formidling av utviklinga av fiskeria, og er eit flytande krigsminne. «Heland» fekk status som verneverdig fartøy av riksantikvaren i 1977. Midt på 1990-talet gjennomgjekk båten ei storstilt restaurering ved Hardanger Fartøyvernsenter til over millionar kroner. Dette prosjektet vart støtta fagleg og økonomisk av riksantikvaren.

KjelderEndra

  • Per Sæther: M/K «Heland» - bevaringsverdig båt fra ny tid. KYSTEN Nr. 4 1983
  • Per Sæther: «Heland» En fiskekutter og krigsveteran blir berga. GAVLEN Nr. 2 - 3 1997
  • Kristian Janson: Frå soga om M/B «Heland» i fredstid. Årbok 1976 Sunnmøre Museum
  • Ragnar Ulstein: M/B «Heland» og det store spelet. Årbok 1976 Sunnmøre Museum