Mikvé
Ein mikvé (hebraisk מִקְוֶה miqve eller מִקְוָה miqvā, ofte òg מקווה), fleirtal mikvót (sef.) eller mikvaót (ask.), er eit jødisk rituelt bad. Som mikvé kan brukast alt reint og «levande vatn» — det vil seie havet, ei innsjø, eit vatn, ei elv, ein bekk eller ei stor nok samling av regnvatn. Det vanlegaste er at ein byggjer eit eige basseng for bruk som mikvé. Dette bassenget må få hovuddelen av vassmengda si direkte frå levande vatn.
Mikvót blir bruka til rituell reinsing og i samband med konvertering.
Neddykking i mikvé (for menneske) eller dypping i mikvé (for gjenstandar) blir kalla tebilá.
Påverknad på kristendommen
endreKristne døypefontar har sitt historiske opphav i jødiske mikvót.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mikvé