Sjeḥitá
Sjeḥitá (hebr. שְׁחִיטָה [šəḥīṭā]) eller schächting (gj. tysk frå jid. שׁעכטן shechtn) vil seie slakting etter jødiske religiøse forskrifter og blir normalt utført av ein spesialutdanna sjoḥét.
Dyra skal vera friske og uskadde før slaktinga finn stad. Slaktemåten er om lag den same som muslimsk halál-slakting; og i tillegg er dette om lag same slaktemetode som ein finn blant tradisjonelle reindriftssamar og i noka mon òg mellom tradisjonelle norske bønder og småbrukarar.
To omsyn er avgjerande for korleis sjehitá blir utført: Forbodet mot å eta blod og respekten for alt liv.
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur i Israel, et blod, då vil eg venda meg mot den mannen og rydja han ut or folket hans. For livet til ein skapning er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for dykk. Blodet sonar fordi livet er i det. Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur mellom dykk, må eta blod.
Når ein israelitt eller ein av innflyttarane som bur mellom dei, fangar eit vilt dyr eller ein fugl som dei har lov til å eta, skal han la blodet renna ut og ha jord over det. For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal rydjast ut.
(3. mos. 17:10–14)
Dei grunnleggjande reglane for sjeḥitá er:
- Vis omsyn: Ein skal ikkje slakte noko dyr med andre dyr til stades.[treng kjelde]
- Unngå smerte: Slakting skal berre skje med ein skalpellskarp kniv med heilt glatt blad i eitt enkelt, raskt, beint og djupt snitt over strupen som ikkje riv opp huda eller kjøtet (for å unngå smerte).[1] Alle andre slaktemåtar: slag (inkludert svimeslag), giftinjeksjon, skot, kverking, drukning, kveling og liknande er strengt forbodne.
- Raskt medvitstap er viktig: Ein skjer over halspulsåra, luftrøyret og matrøyret i eitt raskt kutt (for å unngå smerte)[1] — dermed går oksygentilførselen til hjernen svært raskt ned, og dyret mister medvitet før smerta når hjernen. [treng kjelde]
- Blodet må forlata dyret: Alt blod er totalforbode å eta etter jødisk religion. Når dyret har mista medvitet, heiser ein gjerne dyret opp etter bakbeina for å lata blodet forlata dyret så snart og effektivt som mogleg.
Da Tempelet i Jerusalem stod, vart blodet av dei dyra (storfe og småfe) som vart ofra der brent på altaret. Av andre dyr — slik som hjortedyr og anna tahór (reint) vilt — skal ein lata blodet renne direkte i jorda att, og ein skal dekkje over blodet med støv eller jord. Dette er òg praksis for storfe og småfe i dag.
For å vera sikker på at alt blodet er ute av kjøtet, må kjøtet saltast og vaskast før ein brukar det til mat. Dette må skje innan 36 timar, og i alle fall føre ein frys kjøtet. Dette treng ein likevel ikkje å gjera om ein skal grille det.
Lovgiving om bedøving i Europa
endreSjå òg
endre- Kasjrút (jødiske religiøse matforskrifter)
- Halál (muslimske religiøse matforskrifter)
- Samisk reinsdyrslakting
Kjelder
endre- Shechita UK (engelsk)
- L'abattage rituel selon la loi Juive: le respect des animaux Arkivert 2009-07-17 ved Wayback Machine.
- Dembo, Isaak Aleksandrovich, 1847?-1906 The Jewish method of slaughter compared with other methods : from the humanitarian, hygienic, and economic points of view.
- Per Ole Johansen Oss selv nærmest. Norge og jødene 1914-1943. (Korstoget mot schæchtningen ss.62-68)[daud lenkje]
- Gullestad, M. (2001) Likhetens grenser i: M.E. Lien, H. Liden and H. Vike (redaktører) Likhetens Paradokser, Antropologiske Undersøkelser i Det Moderne Norge Oslo: Universitetsforlaget AS.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 “[...] the Law enjoins that the death of the animal should be the easiest. It is not allowed to torment the animal by cutting the throat in a clumsy manner, by poleaxing, or by cutting off a limb whilst the animal is alive.” (Maimonides: Dalālat al-ha’irīn. Omsetjing frå The Guide for the perplexed (transl. by M. Friedländer). New York : Dover, 1956.)