Nicoleta Grasu, fødd Grădinaru (fødd 11. september 1971), er ein rumensk tidlegare diskoskastar. Ho vann VM-sølv i øvinga i 2001 og EM-sølv i 2010, dessutan tok ho tre VM-bronsar og to EM-bronsar i tida 1998-2009.

Nicoleta Grasu


Nicoleta Grasu under Bislett Games 2010

Statsborgarskap Romania
Fødd 11. september 1971 (52 år)
Secuieni
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Grasu vart nummer fire i diskostevlinga under EM 1994 i Helsinki, 70 cm bakom den norske bronsevinnaren Mette Bergmann. I den neste europameisterskapen, i Budapest i 1998, kneip Grasu sjølv bronsemedaljen, 2 små centimeter føre Ellina Zvereva frå Kviterussland. Også ved VM 1999 i Sevilla lukkast Grasu vinne bronsen. I 2001 tok Grasu sølvmedaljen i VM i Edmonton, einast Ellina Zvereva kasta lengre.

Etter femteplass i både Sommar-OL 2004 og Friidretts-VM 2005, heldt Grasu fram å sanke medaljar i sesongane frå 2006 til 2010. Han sikra seg såleis bronsen i diskosøvinga både i EM 2006, VM 2007 og VM 2009. Siste internasjonale medaljen, ein sølvmedalje, tok ho i Barcelona-EM 2010. I den katalanske storbyen møtte ho si overkvinne i slovenske Sandra Perković, utøvaren som dominerte øvinga på 2010-talet.

Nicoleta Grasu sitt personbeste på 68,80 meter oppnådde ho i Poiana Brasov 7. august 1999. Også ektemannen Costel Grasu hevda seg i verdstoppen i diskoskasting, med fjerdeplass i Sommar-OL 1992 og VM i friidrett 1993 som sine fremste prestasjonar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

 
Diskos-finalistane under VM 2007. Grasu nummer to frå venstre (frårekna fotografen)

Kjelder endre