Nord-Ossetia

(Omdirigert frå Nord-Ossetia-Alania)

Respublika Severnaja Osetija - Alanija
Respublikæ Tsægat Iryston - Alani  

Flagg Våpen
Nord-Ossetia på kartet over Russland
Hovudstad Vladikavkaz
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 79.

8000 km²
0,2

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 68.

ca. 712 900[1] (2010)
ca. 89,1/km²

Føderalt distrikt Sørlege
Økonomisk region Nord-Kaukasus
Regionsnummer 15
Offisielt språk Russisk, ossetisk
President Sergej Menjajlo
Nasjonalsong Nasjonalsongen til Nord-Ossetia
Tidssone UTC +0300

Nord-Ossetia eller Nord-Ossetia - Alania (russisk Республика Северная Осетия — Алания, ossetisk Республикæ Цæгат Ирыстон — Алани ) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Vladikavkaz, arealet er 8000 km² og innbyggjartalet 712 900 (2010).

Kart over Nord-Ossetia

Geografi endre

 
Frå landsbyen Nar, heimstaden til den ossetiske nasjonaldiktaren Kosta Khetægaty (russisk namneform, Kosta Khetagurov)

Nord-Ossetia ligg i Nord-Kaukasus og grensar til Georgia med utbrytarrepublikken Sør-Ossetia i sør. Republikken er litt større enn Vest-Agder fylke. Han ligg på nordsida av Kaukasusfjella og tilgrensande sletteland i nord. Det høgste fjellet er Dzjimara (4780 m.o.h.). Elva Terek renn gjennom republikken. Om lag 22 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen i januar er - 4 grader celsius, i juli 24 grader celsius, i låglandet. I fjellområda utgjer isbrear 152 km².

Historie endre

I mellomalderen, frå om lag 800-talet eksisterte kongedømet Alania i dette området. Alanarane vart kristna rundt tusenårsskiftet. Dei var eit iransk folkeslag, og vert rekna som forfedrane til ossetarane. Frå 1222 vart den alanske staten erobra av mongolane. Frå 1500-talet av kom området under kontroll av kabardinske fyrstar.

Dei ossetiske områda var mellom dei første i Nord-Kaukasus som kom under russisk herredøme, i 1774. Vladikavkaz vart bygd som den første russiske festninga i området i 1784. Namnet tyder om lag "herskaren ovar Kaukasus". Frå 1861 var Vladikavkaz administrasjonssenter for provinsen Terek (Terskoj oblast).

Etter den russiske revolusjonen vart området først del av Sovjetrepublikken Terek i mars 1918. I februar 1919 vart området erobra av kontrarevolusjonære styrkar under general Denikin, men i mars 1920 erobra den raude armeen heile området. I 1922 vart det del av «Den autonome sovjetiske fjellrepublikken» (Gorskaja ASSR) under Den russiske føderasjonen. Område sør for Kaukasusfjella der det òg budde ossetarar vart del av sovjetrepublikken Georgia, som «Den sør-ossetiske autonome oblasten». I 1924 vart Nord-Ossetia ein autonom oblast, og i 1936 ein autonom sovjetrepublikk.

Under den andre verdskrigen vart store delar av republikken, i nord og vest, okkupert av tyske styrkar. Den tyske framrykkinga vart stoppa nær Vladikavkaz i 1942. I 1944 vart naborepublikken i aust, Tsjetsjeno-Ingusjetia, oppløyst, og tsjetsjenarane og ingusjetarane massedeportert til Sibir og Sentral-Asia. Dei vestlege delane av republikken, der ingusjetarane hovudsakleg hadde budd, vart innlemma i Nord-Ossetia. I 1956 vart Tsjetsjeno-Ingusjetia gjenoppretta og ingusjetarane fekk venda tilbake, men nokre område som før hadde vore under Tsjetsjeno-Ingusjetia vart verande i Nord-Ossetia.

 
Utsyn over Vladikavkaz

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Nord-Ossetia ein delrepublikk i den russiske føderasjonen. I juni 1992 vart Tsjetsjeno-Ingusjetia delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia, og den nye republikken Ingusjetia gjorde krav på delar av Nord-Ossetia. I oktober-november same året kom det til væpna konflikt mellom ossetarar og ingusjetarar i Nord-Ossetia. Om lag 600 menneske vart drepne, og dei fleste ingusjetarane i konfliktområdet flykta til Ingusjetia.

I november 1994 vart namnet «Alania» lagt til det offisielle namnet på republikken, etter det mellomalderske kongedømet.

Nord-Ossetia har òg vorte ramma av uro som fylgje av krigen i Tsjetsjenia ikkje langt unna. Den verste hendinga som fylgje av dette var gisseldramaet i Beslan i september 2004, då tsjetsjenske opprørarar tok fleire hundre gislar på ein grunnskule i byen Beslan. Etter offisielle tal vart 334 sivile drepne. Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført tre terrorhandlingar i Nord-Ossetia, og desse førte til 22 dødsfall og 163 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar.[2] Nord-Ossetia har òg teke imot mange flyktningar frå Sør-Ossetia. Etter krigen i Sør-Ossetia og resten av Georgia i 2008, skal det ha komme 35 000 flyktningar frå Sør-Ossetia til Nord-Ossetia, ifølgje offisielle tal.[3]

Folkesetnad endre

 

Den einaste større byen er Vladikavkaz (313 800 ibuarar).

Den største delen av folket er etniske ossetarar, eit iransk folkeslag. I motsetning til dei fleste andre folkeslaga i Nord-Kaukasus som er sunnimuslimar, er dei fleste ossetarane ortodokse kristne. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Delen av ossetarar i området har auka sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 53,0 % ved folketeljinga i 1989, samstundes som delen russarar har gått ned frå 29,9 %.

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. "At least 178 persons perished in explosions and terror acts committed in Northern Caucasus and Moscow", frå "Caucasian Knot" på engelsk, 10. januar 2011, lese 18. januar 2011
  3. "North Ossetia Flooded With Refugees" frå "Institute for War & Peace Reporting" på engelsk, 19. august 2008, lese 18. januar 2011.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nord-Ossetia