Norsk fotball 1990
Norsk fotball 1990 | ||
---|---|---|
Herrar | ||
Seriemeister | Rosenborg | |
Cupmeistrar | Rosenborg | |
Kvinner | ||
Seriemeister | Sprint-Jeløy | |
← 1989 | 1991 → |
I norsk fotball 1990 var Rosenborg det store laget på herresida, med siger både i serie og cup. På kvinnesida vart serien vunnen av Sprint-Jeløy, medan Asker vann cupen.
Herrelandslaget
endre- For meir om dette emnet, sjå Norske landskampar i fotball for herrar 1990–1995.
Landslaget byrja året leia av Ingvar Stadheim. Stadheim trekte seg i oktober, og vart etterfølgd av Egil «Drillo» Olsen. Landslaget gjorde det straks betre under Olsen, og dei tre første kampane under «Drillo» enda med tre sigrar og tolv mål.
Kvalifiseringa til EM i fotball 1992 byrja dette året. Noreg hamna i gruppe med Sovjetunionen, Italia, Ungarn og Kypros. Ved utgangen av året hadde Noreg éin siger, éin uavgjort og eitt tap. Italia leia kvalifiseringsgruppa, men berre eitt poeng skilte Italia, Ungarn, Sovjet og Noreg.
Dato | Arena | Motstandar | Res.* | Konk. | Norske mål | Kr. |
---|---|---|---|---|---|---|
4. februar | Ta'Qali stadion, Valletta | Malta | 3–2 | P | Ørjan Berg, Bent Skammelsrud, Rune Tangen | NFF |
7. februar | Ta'Qali stadion, Valletta | Malta | 1–1 | P | Jan Åge Fjørtoft | NFF |
6. juni | Lerkendal stadion, Trondheim | Danmark | 1–2 | P | Jørn Andersen | NFF |
22. august | Stavanger stadion, Stavanger | Sverige | 1–2 | P | Jørn Andersen | NFF |
12. september | Sentralstadion, Moskva | Sovjetunionen | 0–2 | EM | NFF | |
10. oktober | Brann stadion, Bergen | Ungarn | 0–0 | EM | NFF | |
31. oktober | Bislett stadion, Oslo | Kamerun | 6–1 | P | Rune Bratseth, Lars Bohinen, Tore André Dahlum, Jan Åge Fjørtoft (2), Gøran Sørloth | NFF |
7. november | Municipal st., Bizerte | Tunisia | 3–1 | P | Tore André Dahlum, Kåre Ingebrigtsen, Tore André Dahlum | NFF |
14. november | Makario stadion, Levkosía | Kypros | 3–0 | EM | Gøran Sørloth, Lars Bohinen, Sverre Brandhaug | NFF |
* Noregs mål først
Forklaring:
- Kr. = Kamprapport
- P = Privatlandskamp
- EM = EM-kvalifiseringskamp
Noregsmeisterskapen for menn
endre- For meir om dette emnet, sjå Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1990.
NM-finalen vart spelt mellom Rosenborg og Fyllingen. Rosenborg vann 5-1, etter scoringar av Karl Petter Løken (2), Gøran Sørloth, Jahn Ivar Jakobsen og Kåre Ingebrigtsen.
1. divisjon herrar
endre- For meir om dette emnet, sjå 1. divisjon fotball for herrar 1990.
Rosenborg vann serien to poeng føre Tromsø. Tore André Dahlum (Start) vart toppskårar med 20 mål.
# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Rosenborg | 22 | 13 | 5 | 4 | 60–24 | 36 | 44 |
2 | Tromsø | 22 | 12 | 6 | 4 | 36–21 | 15 | 42 |
3 | Molde | 22 | 12 | 4 | 6 | 34–29 | 5 | 40 |
4 | Brann | 22 | 11 | 6 | 5 | 34–25 | 9 | 39 |
5 | Viking | 22 | 10 | 5 | 7 | 41–30 | 11 | 35 |
6 | Start | 22 | 9 | 4 | 9 | 39–34 | 5 | 31 |
7 | Fyllingen | 22 | 7 | 7 | 8 | 23–30 | −7 | 28 |
8 | Kongsvinger | 22 | 7 | 6 | 9 | 24–32 | −8 | 27 |
9 | Strømsgodset | 22 | 8 | 3 | 11 | 29–45 | −16 | 27 |
10 | Lillestrøm | 22 | 7 | 4 | 11 | 30–30 | 0 | 25 |
11 | Vålerenga | 22 | 4 | 4 | 14 | 26–53 | −27 | 16 |
12 | Moss | 22 | 3 | 4 | 15 | 24–47 | −23 | 13 |
Noregsmeisterskapen for kvinner
endre- For meir om dette emnet, sjå NM i fotball for kvinner 1990.
Asker møtte Sprint-Jeløy i finalen føre 2451 tilskodarar på Bislett. Asker vann 5–1, og revansjerte dermed Sprint-Jeløys seriegull.
1. divisjon kvinner
endre- For meir om dette emnet, sjå 1. divisjon fotball for kvinner 1990.
1. divisjon for kvinner vart særs jamn, men Sprint-Jeløy enda opp med sigeren eitt poeng føre Asker. Petra Bartelmann (Asker) vart toppskårar med 23 mål.