Nauroz

(Omdirigert frå Nowruz)

Nauroz (farsi نوروز, av nau, ‘ny’ og roz, ‘dag’; kurdisk نەورۆز، newroz, òg kalla nav-roz, nevroz, noruz, novrodj o.a.) er den persiske nyårsdagen. Det nye året byrjar ved vårjamdøgn, 20.-22. mars i den vestlege kalenderen, og feiringa går over fleire dagar. Nauroz har røter fleire hundre år attende, og er knytt til parsismen. I 2009 blei nauroz utnemnd som immateriell verdsarv av UNESCO.[1]

Det er ein kurdisk tradisjon å hoppa over bål under naurozfeiringa, her markert i Istanbul.

Dagen vert feira i heile det persiske kulturområdet i Midtausten, Sentral- og Sør-Asia og hjå bahaiar, parsiar og mange muslimar over heile verda. I Iran/Kurdistan, Irak Aserbajdsjan, Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan er det ein offentleg høgtidsdag.

Fleire ulike skikkar og symbol er knytt til dagen. I månaden før nauroz blir det halde ei grundig vårreingjering. Til sjølve feiringa er det vanleg å laga til eit bord kalla haft-sin, som tyder 'sju s-ar'. Bordet blir dekt med sju ting som byrjar med s på farsi, til dømes sabzeh (matspirer), samanu (kveitespirepudding), sib (eple), sonbol (hyasint), senjed (russisk sølvbusk), sir (kvitlauk), serkeh (eddik), sikkeh (gullmyntar) og somagh (sumak). Element frå ein tidlegare haft-chin tradisjon, som egg, spegel, gullfisk, levande lys og rosevatn er også vanlege. Vidare kan ein ha tørka frukt, søtsaker, nyårsettar, nasjonalfargar og ei heilag bok (som Avesta, Koranen eller Kitáb-i-Aqdas) eller ei diktsamling (Shahnameh eller Hafez). Tinga står for liv, grøde, gjenføding, helse, rikdom og så bortetter.

Familieselskap, festmåltid, kulturelle tilstelingar, idrettsstevne, diktlesing og hopping over eld eller bekkar er andre måtar å feira nauroz på.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nauroz
  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.