Oslo Børs
Oslo Børs (forkorta OSE) er Noregs einaste regulerte marknadsplass for omsetning av aksjar, eigenkapitalbevis og andre verdipapir, som derivat og obligasjonar. Oslo Børs er også den einaste sjølvstendige børsen i Norden.
Oslo Børs | |||
| |||
| |||
Org.form | Allmennaksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 983268633 | ||
Bransje | Aksjebørs, forsking og utvikling, handel | ||
Skipa | 1819 | ||
Eigar | Euronext | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.oslobors.no (bokmål) |
Som marknadsplass
endreOslo Børs er i dag ein elektronisk marknadsplass der all handel skjer gjennom datanettverk. Handelen startar klokka 09.00 og blir avslutta klokka 17.30 lokal tid (CET).
Det er tre marknadsplassar for notering og handel på Oslo Børs: Oslo Børs er den største marknadsplassen der ein noterer og handlar i aksjar, eigenkapitalbevis, ETPar, derivat og renter. Oslo Axess blei etablert i mai 2007 som eit alternativ til Oslo Børs for notering av, og handel i aksjar. Oslo ABM blei etablert i juni 2005 som ein alternativ marknadsplass for renter.
Aksjar
endreI Noreg kan eit allmennaksjeselskap (ASA) noterast på Oslo Børs. Det er opp til selskapet sjølv å søke om å bli tatt opp til notering, men selskapet må oppfylle gjeldande krav som blant anna omfattar talet på eigarar (spreiing), talet på aksjar, marknadsverdi og historie. For å vere notert stiller børsen blant anna strenge krav om behandling av konfidensiell informasjon. Selskap som tilfredsstiller krava til notering, vil mykje lettare få tilgang til kapital gjennom emisjonar. Mange investorar investerer utelukka i verdipapir som er notert på ein børs. Slike papir er lettare å selje.
OBX–indeksen består av dei 25 mest omsette aksjane notert på Oslo Børs. OBX-indeksen er handlebar, det vil seie at du kan kjøpe og selje børsnoterte futures og opsjonar på indeksen. Sagt på ein annan måte kan du få same eksponeringa ved å kjøpe eit indeksprodukt som om du kjøper alle aksjane (vekta) som inngår i indeksen. Rangeringa baserer seg på ein seks månaders omsetningsperiode. Indeksen justerer seg kvar tredje fredag i juni og desember.
OSEBX – Oslo Børs Benchmark Index skal vere ein investerbar indeks som inneheld eit representativt utval av alle noterte aksjar på Oslo Børs. OSEBX blir revidert på halvårleg basis og endringane blir implementerte 1. desember og 1. juni. Det vert også laga ei rekkje andre indeksar.
Sterke sektorar
endreOslo Børs har ein unik posisjon internasjonalt, knytt til næringane energi, shipping og sjømat. Børsen er nest størst i Europa (i talet på selskap) og nest størst i verda innan oljeservice (i talet på selskap og marknadsverdi). Innan shipping er børsen nummer to i Europa og tredje størst i verda (i talet på selskap) og nummer ein i verda innan sjømat (i talet på selskap og marknadsverdi).
Historie
endreOslo Børs blei etablert ved eiga lov av 18. september 1818. Handelen på Oslo Børs starta den 15. april 1819. I 1881 blei Oslo Børs ein fondsbørs, som vil seie at verdipapir blei tatt opp til notering. Den første kursnoteringa av verdipapir inneheldt 16 obligasjonsseriar og 23 aksjar, Noregs Bank inkludert.
Oslo Børs var den første norske børsen som blei etablert, etterfølt av lokale børsar i Trondheim (1819), Bergen (1837), Kristiansand (1837), Drammen (1839), Stavanger (1878), Kristiansund (1894), Skien (1895), Ålesund (1905) Sandefjord (1912), Haugesund (1914) og Fredrikstad (1921). Oslo Børs hadde heile tida hovudmarknaden for noterte aksjar og obligasjonar, dei lokale børsane dreiv vanlegvis med valutanoteringar og vareomsetning, sjølv om dei også hadde ei viss fondsbørsverksemd. Etter første verdskrigen blei Oslo Børs den einaste børsen som hadde noko aksjeomsetning av eit større omfang.
Oslo Børs samarbeider om blant anna handelssystem med London Stock Exchange (LSE). Børsen har også eit samarbeid med børsane i Singapore og Toronto om sekundærnotering av selskap.
Børsen blei privatisert i 2001, og er etter fusjonen i 2007 er han 100 prosent eigd av Oslo Børs VPS Holding ASA.
Børsbygningen
endreBørsbygningen (Tollbugata 2) blei oppført i åra 1827–1829 etter teikningar av arkitekten Christian Heinrich Grosch (1801–1865). I 1822 søkte børsen staten om å få byggje på Grønningen (i dag omtala som Børshagen), den første og einaste offentlege parken i dåtidas Christiania. Grosch måtte i 1827 forlate stillinga som assistent for slottsarkitekt H.D.F.Linstow fordi Stortinget nekta å løyve pengar til bygginga av Slottet, og Linstow var dermed ledig for sitt første oppdrag i hovudstaden.
Hans børsbygning, som berre utgjer ein tredjepart av den noverande, ble reist i ein etasje på ein høg kjellar for framvising og omsetning av vareparti. Fasaden mot Tollbugata blir dominert av ein brei midtgavl boren av fire doriske søyler mellom antar. I dette tidlege verket følgde Grosch dei klassisistiske ideala som blei forfekta av hans læremeister under studia ved Akademiet i København, professor Christian Frederik Hansen. Børssalen blei brukt som møtelokale for bystyret i Kristiania til 1880.
Mellom 1909 og 1911 blei børsbygningen utvida etter teikningar av arkitekt Carl Michalsen. Det blei oppført to sidefløyar og ein tverrfløy, slik at anlegget kom til å oppta nesten heile parkkvartalet. Tilbygget blei reist i oppsluttande stil. Det omslutta ein gardshage med fontene og Merkur-statue. Ved ei ombygging i 1987 blei hagen overbygd og tatt i bruk som ny børssal.
I dag skjer all handel på Oslo Børs elektronisk. Bygningen inneheld ikkje lenger den fysiske marknadsplassen for verdipapir, børssalen er i dag kontor.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Oslo Børs» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2013.