Pajala kommun

kommune i Norrbotten len i Sverige
(Omdirigert frå Pajala kommune)

Pajala kommune er ein grensekommune på svenske länet Norrbottens län i landskapet Norrbotten. Administrasjonssentereit i kommunen ligg i Pajala. Folketalen er av både samisk, finsk og svensk herkomst. Pajala grensar mot nabokommunane Kiruna, Gällivare, Överkalix og Övertorneå. I aust grensar kommunen mot Finland.

Pajala kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Norrbottens län
Landskap Norrbotten
Del av Norrbotten, Q61669421
Areal 8 050 km²
 - land 7 840 km²
 - vatn 210 km²
Folketal 6 287[1]  (2011)
Kart
Pajala kommun
67°11′00″N 23°22′00″E / 67.183333333333°N 23.366666666667°E / 67.183333333333; 23.366666666667
Wikimedia Commons: Pajala Municipality

Historie endre

 
Muodoslompolo kyrkje.

Det som i dag er Pajala kommune har sidan dei tidlegaste tidene vore busett av reindriftarar. Dei første tornedalsfinske nybyggjarane slo seg ned i den nedre delen til kommunen på 1570-talet. Soknet og kommunen er kalla opp etter den mest framgangsrike av nybyggjarane, birkarlen Lasse Pajanen (død ca 1600). Alt tidleg på 1700-talet var innbyggjarane som levde av reindrift nesten heilt drive ut av kommunen. På midten av 1600-talet vart Kengis Bruk lagt her, noko som førte til vallonsk og svensk innvandring dei neste hundreåra. Pajala er ei tradisjonsrik kulturbygd, med ei jernverkshistorie som strekkjer seg over nesten tre hundreår.

Den tornedalske identiteten har vorte forma i møtet mellom finske, samiske og til ein viss grad svenske kulturtradisjonar. Den geografiske plasseringa har ført til at Pajala lenge har vore eit naturleg handelssentrum.

Utvikling i folketalet har ikkje gagna kommunen. I 1950 budde det drygt 15 000 personar i det som i dag er Pajala kommune, i årsskiftet 2005-2006 budde det 6798 personar i kommunen. Mykje av den gamle industrinæringa basert på jordbruk og skogbruk er nesten heilt borte, og folketalen har vorte desimert og forelda gjennom dødsfall og fråflytting. Drygt 27 % av folketalen er 65 år eller eldre, noko som er blant dei høgaste andelane i Sverige. Næringslivet i Pajala blir i dag dominert av service med kommunen som største arbeidsgjevar, noko trevareforedling og pendling til malmfeltane i Gällivare og Kiruna.

Språk endre

Meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Pajala er ein av seks svenske kommunar kor meänkieli har status som offisielt minoritetsspråk.[2]

Geografi endre

Landskapet er dominert av store barskogsområde med innslag av myr.[3] Torne älv er viktigaste vassdrag i kommunen, og dannar saman med sideelva Muonio älv riksgrensa mot Finland.

Pajala kommune har flyplass med daglege ruteflygingar til Luleå.

Næringsliv endre

Næringslivet i kommunen blir dominert av fleire små føretak, der ikkje minst data- og elektronikkindustrien dei seinare åra har utvikla kommunen til Norrlands svar på Silicon Valley. Gruveselskapet Northland Resources opnar eit gruveanlegg i Kaunisvaara i slutten av 2012 for å utvinne dei rike jernmalmressursane i området[4], og det er forventast at denne verksemda vil kunne gje kommunen eit økonomisk oppsving.

Tettstader endre

Pajala kommune hadde fire tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[5]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Pajala 1 985
2. Korpilombolo 548
3. Junosuando 345
4. Kangos 278

Andre mindre stader i Pajala kommune endre

Venskapskommunar endre

I skjønnlitteraturen endre

Handlinga i Mikael Niemi-boka Populærmusikk frå Vittula (svensk Populärmusik från Vittula) utspelar seg hovudsakleg i Pajala kommun. Vittula er eit folkeleg namn på eit villaområde i Pajala.

Folk frå Pajala endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre