Tjukknebbterne

fugleart
(Omdirigert frå Phaetusa)
Tjukknebbterne
Tjukknebbterne Foto: Andreas Trepte
Tjukknebbterne
Foto: Andreas Trepte
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av tjukknebbterne
Utbreiinga av tjukknebbterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Phaetusa
Art: Tjukknebbterne P. simplex
Vitskapleg namn
Phaetusa simplex

Tjukknebbterne (Phaetusa simplex) er ein vassfugl i måsefamilien. Ho er monotypisk i den biologiske slekta Phaetusa. Dette er ei stor terne med uvanleg kraftig nebb i høve til hovudet. Utbreiingsområdet er hovudsakleg innlandet på Det søramerikanske kontinentet, aust for Andes. Arten er knytt til dei store flodene og ternene lever dessutan på kysten og øyane utanfor. Dei er standfuglar som kan streife utanom hekketida.

Skildring endre

 
Tjukknebbterne i flukt, godt synleg mønster på vengene
Foto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp

Artsnamnet tjukknebbterne er skildrande, både det tunge nebbet og beina til denne arten har klår, lys gulfarge. Dei har svart hette som blir bleikare utanfor hekketida. Oversida er mørkare grå enn mange andre terner og i flukt er oversida av vengene mørk brune ytst, på primærfjørene, medan armsvingfjørene er kontrastfullt lyse, som gjev eit karakteristisk mønster. Halen er relativt kort.[1]

Tjukknebbterna er rundt 40 centimeter i kroppslengd med kroppsvekt på typisk rundt 220-240 gram.[1]

Leveområdet for denne ternearten er Sør-Amerika aust for Andes, dette dekker heilt eller delvis alle land på kontinentet unntatt Chile, men mest sjeldan i austre Ecuador. Dei streifar til øyar i Karibia, og det har vore registrert hekking i Trinidad og Tobago. I regelen hekkar dei berre i innlandet ved elver eller innsjøar der dei kan hauste av fisk, og dei er vanlege i Amazonasbassenget og Orinoco. Typisk er hekkeplassen på elvebankar, derfor er hekkinga sårbar for flaum. Kullet er på to til tre egg. Når fuglane ikkje hekkar kan dei førekomme ved kystar. Føda er hovudsakleg fisk på opptil 12 centimeter i lengd som dei fangar ved stupdukking frå opptil 11 meters høgd. Dei kan òg beite med å flyge rett over vassflata, jamvel slik som saksenebbar gjer med å flyge lågt med nebbet ned i vassflata. Insekt inngår òg i dietten.[1]

Eit grovt bestandsestimat er 10 000-25 000 individ. BirdLife International/IUCN klassifiserer arten som livskraftig.[2]

Kjelder endre

  • Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016) Large-billed Tern (Phaetusa simplex) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 30. oktober 2016
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Gochfeld et al i HBW World Alive
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Phaetusa simplex. Henta frå http://www.birdlife.org den 30. oktober 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tjukknebbterne